Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Få av oss var ekspertar på pandemiar våren 2020. Så korleis bestemde vi oss for kven av fagfolka vi skulle lytte til då dei talte kvarandre imot?

Korleis velje kven du skal lytte til i summinga av ekspertar?

Det vil filosof Finnur Dellsén utvikle ein ny metode for.

La oss ta eit skritt tilbake i tid, til den nære fortida vår. Til eit nedstengt samfunn der debattar om munnbind og vaksinar vekker både redsel og harme.

Få av oss var ekspertar på pandemiar våren 2020. 

Så korleis bestemde vi oss for kven av fagfolka vi skulle lytte til då dei talte kvarandre imot, om til dømes bruken av munnbind? Og kvifor vart vi ikkje samde om kven si stemme som burde vege tyngst?

Nettopp dette, ueinigheit i vitskapen og korleis det påverkar meiningane til folk, er temaet for forskinga til Finnur Dellsén, professor i filosofi.

No vil han forsøke å finne ut av kva for strategi som er den beste for folk å bruke.

– Allmenta i demokratiet treng betre strategiar for å danne seg meiningar om vitskaplege argument, seier Dellsén.

Meiner vi treng betre metodar

I ei verd med mange og svært spesialiserte fagfelt kan du ikkje vere ekspert på alt. Tida strekk rett og slett ikkje til. Dermed må vi ofte gjere val basert på kunnskap vi sjølv ikkje har.

– Eg er til dømes ingen ekspert på økonomi, men likevel må eg forme meiningar og avgjersler basert på økonomisk teori. Så korleis skal eg gå fram? Bør eg finne hen som nyleg fekk nobelprisen i økonomi, eller skal eg finne fram til det som fleirtalet av økonomane meiner? spør Dellsén.

– Når majoritetsmeininga i vitskapen ikkje blir formidla som nettopp det, kan det oppstå demokratiske problem, seier filosofiprofessor Finnur Dellsén.

Professoren meiner at denne typen spørsmål treng betre svar. Han meiner og at vitskapen kan forme metodar som vil gjere det lettare for folk å orientere seg i faglege diskusjonar.

– Det finst ein tendens blant vitskapsfolk og vitskapsjournalistar til at allmenta berre treng fleire bevis, for å unngå «feil». Til ein viss grad stemmer det nok, men vi bør også gjere det lettare for folk å finne fram til fakta som mest sannsynleg er rett.

Vitskapen og demokratiet

Kor lett tilgjengeleg er informasjonen vi treng for å fatte informerte avgjersler? Og veg alle stemmer i demokratiet like tungt? Vitskapen og demokratiet treng kvarandre, men korleis er eigentleg dette forholdet? Og korleis bør det vere?

Desse problemstillingane er utgangspunktet for forskargruppa Vitenskap og demokrati ved Universitetet i Oslo. Der er Dellsén ein av deltakarane.

– Vi ønsker oss demokrati. Samtidig treng vi ekspertane for å lage god politikk, til dømes under ein pandemi, eller for å sikre berekraftig utvikling. Det finst ei spenning mellom kor avhengige vi er av vitskap og ekspertise og demokratiske idear om politisk likskap. Og det er vel denne spenninga som har trigga dette prosjektet. Her er det mykje å lure på, og det trengst tverrfagleg utforsking, seier prosjektleiar Cathrine Holst.

Dellsén er altså ein del av denne tverrfaglege forskargruppa. Holst seier det er inspirerande å ha filosofiprofessoren med på laget.

– Finnur er opptatt av ulike årsaker til vitskapleg ueinigheit. Avhengig av kva det kjem av, kan ekspertstrid vere suspekt – eller det kan vere uttrykk for at forskingsfeltet er framskride og vitalt, seier Holst.

Korleis kan borgarane best tenke rundt dette? Avgjersler i demokratiet bør ta høgd for vitskapleg kunnskap, vil mange meine. Men korleis gjere det når forskinga tilsynelatande ikkje er einige med seg sjølv? 

– Dette er kinkig, men eit kjernespørsmål, seier ho.

Anbefalt strategi

Dellsén argumenterer for at vi bør tenkje meir på korleis vitskap blir publisert og gjort tilgjengeleg for folk.

For når majoritetsmeininga i vitskapen ikkje blir formidla som nettopp det, kan det oppstå demokratiske problem. 

Til dømes ved at ein minoritet innan fagfeltet får mykje rom i offentlegheita og etterlet eit skeivt bilete av korleis meiningane i fagfeltet er fordelt.

– Det kan verkeleg vere eit problem. Aktørar med mykje pengar og innflytelse kan påverke samfunnsdebatten ved å støtte ein skeptikar, sjølv om det synspunktet ikkje har stor plass i vitskapen. 

Tobakksindustrien i USA har til dømes brukt denne metoden for å så tvil om kor helseskadeleg tobakk er, forklarar Dellsén.

– Vi bør alle vere opne for å endre meining. Å vere dogmatisk er sjeldan bra. Men generelt kan vi seie at dersom fleirtalet av ekspertane har danna ei sjølvstendig meining som peiker i ei bestemt retning, så er det sannsynleg at vi bør lytte til dei.

Powered by Labrador CMS