Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Niser kan bli opp mot 24 år gamle, men få av dei blir eldre enn 12 år.

Obduksjon av niser: Kroppen var full av parasittar

Dei 61 undersøkte nisene hadde ulike parasittar som gav dei både lungebetennelse, magesår og knutar i levra. Men dei levde fint med det.

– Nisene var for det meste i godt i hald og hadde spist nyleg. Det tyder på at dei var i stand til å tole parasittane vi fann utan openberre helseproblem, seier Kathrine Ryeng, forskar og veterinær ved Havforskningsinstituttet.

Dei 61 nisene blei fanga som bifangst i nordnorske fiskegarn vinteren 2017. Dei blei samla inn til forskingsformål.

Ryeng seier at desse nisene er gode representantar for bestanden. Det er i motsetnad til individ som blir skylt i land eller strandar.

Ser dårleg ut på papiret

– Dødsårsaka til desse nisene var uflaks, ikkje sjukdom eller andre naturlege grunnar til at kvalar strandar. Derfor gir dei oss eit innblikk i korleis det står til med nisene, forklarar ho.

Og slik stod det til:

  • 77 prosent av nisene hadde lungeorm. Dette gav alvorleg parasittær lungebetennelse hos 33 prosent av dyra.
  • 92 prosent hadde ulike parasittar i mage og tarm. Éin av parasitt-artane, kveis, blei funnen i første delen av magesekken hos 62 prosent av dyra. Der forårsaka ho magesår hos 30 prosent av dei.
  • 90 prosent hadde ikter i levra, og 10 prosent i bukspyttkjertelen. Dette førte til betennelsesforandringar i gallegangane og levervevet hos 67 prosent av dyra og bukspyttkjertelbetennelse hos 10 prosent.
  • 40 av 47 undersøkte niser (85 prosent) var infiserte med mange små rundorm i holrommet rundt øyra (omslutta av bein) utan synleg skade i vevet rundt. Manglende kapasitet gjorde at ikke alle 61 niser ble undersøkt for dette.
Kveis i magesekken forårsaka store magesår.

For å samanfatte var hovudfunna parasittsjukdom i fleire organ med tilhøyrande forandringar i vevet. Særleg i lungene, levra og magen. Men nisene var i godt hald. Ingen var utmagra, og berre to var under middels velfødde.

Havforskningsinstituttet utlova dusør for daude niser tatt som bifangst og fekk inn mange. Målet var å lære meir om nisa i farvatna våre.

Rundorm i holrommet rundt øyrebeinet.

Må ha god helse for å overleve i Arktis

– Desse nisene var frå kysten av Troms og Finnmark og har vore avhengige av tjukke spekklag for varme og energireserve. I arktiske farvatn varer ikkje svake individ lenge. Derfor må vi anta at parasittane ikkje plaga dei for mykje, seier Ryeng.

– Men parasittar har ikkje interesse av å ta livet av verten sin, så sånn sett er det ikkje uventa.

Lungeorm i lungene.

Tvert imot meiner ho det kan vere positivt å sjå ein variert flora av parasittar i nisene. Kveis i ulike livsstadium er for eksempel avhengig av fleire ulike dyr som vertar. 

Dei reflekterer dermed eit fungerande økosystem.

Mindre kveis i Varanger-niser

Nisene i Varangerfjorden hadde mindre kveis enn artsfrendane fanga i Troms. Forskarane spekulerer i om det kan kome av at dei der har beita på den vesle fisken lodde, i motsetnad til sei.

– Nisene blei fanga samtidig med loddeinnsiget til finnmarkskysten. Det er rapportert at lodda ikkje samlar opp mykje kveis, i motsetnad til torskefisk som sei, forklarer Kathrine Ryeng.

Leverikter i gallegangene.

Funna hennar elles speglar også ein meir nordleg diett og parasitt-fauna enn liknande undersøkingar har vist for niser i Sør-Noreg.

Vil også sjekke blodet

Andre patologiske funn var meir opplagde: Teikn på kamp mot døden i garnet og oksygenmangel ved kveling. 

– Dette underbygger at bifangst av nise og andre sjøpattedyr i fiskeria er eit alvorleg, menneskeskapt dyrevelferdsproblem. Det er bra at dette får stadig meir fokus, seier Ryeng.

Forskarane har til gode å analysere for antistoff i blodprøvar frå nisene. Det kan også fortelje noko om nisene har vore utsette for smitte med visse kjende virus, bakteriar og parasittar.

– Det kan vere spennande å sjå etter geografiske skilnader der også. Kan for eksempel relativt folkerike Tromsø utsette niser i nærleiken for høgare smitterisiko frå folk eller kjæledyr? spør ho.

Referanse:

Kathrine Ryeng mfl.: Pathological findings in bycaught harbour porpoises (Phocoena phocoena) from the coast of Northern Norway. Polar Biology, 2022.  Doi.org/10.1007/s00300-021-02970-w

Powered by Labrador CMS