Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Trening beskytta ikkje mus mot skadar etter hjerneslag
Folk som trenar med høg intensitet, er betre beskytta mot slag og mot skadeverknadar dersom dei fyrst får slag. Men hjå mus fann ikkje forskarane den same effekten.
Forskarane veit frå før at trening har ein gunstig effekt på hjernen. Trening ved høg intensitet fører til at det vert danna fleire blodårer og nerveceller i hjernen. Det gjer at han har kapasitet å gå på dersom nokre blodårer skulle gå tett, slik som ved slag.
Ein del av denne gunstige effekten skuldast mjølkesyra som vert produsert i musklane når vi trenar. Forskarar ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo (UiO) har tidlegare vist at ein kan tilføra mjølkesyre ved injeksjon og oppnå mykje av den same effekten som ved trening.
– No ville vi undersøkja om injeksjon av mjølkesyre òg ville gje beskyttelse mot langtidseffektar av slag, seier professor Cecilie Morland ved UiO.
Langvarige skadar
– Vi delte ei gruppe forsøksmus i tre. Den eine gruppa fekk injeksjonar med mjølkesyre, medan dei andre hadde høvesvis moderat og høgintensiv trening i tredemølle. I tillegg hadde vi ei kontrollgruppe utan nokon tiltak.

Etter sju veker med desse regima vart musene påførte kunstig hjerneslag.
Tre veker seinare undersøkte dei kva forskjellar dei ulike regima hadde hatt på hjernen til musene.
– Mange studiar undersøker effekten av tiltak etter nokre få dagar, men vi ynskte eit litt lengre perspektiv. Det gjev jo lite glede for ein pasient om han har få problem eit par dagar etter slaget dersom er det seinare dukkar opp langvarige skadar, seier Morland.
Får ikkje mumsa potetgull
Forskarane hadde venta å finna at høgintensiv trening og injeksjon av mjølkesyre hadde ein gunstig effekt på skadar etter slag slik det tidlegare er påvist hjå menneske.
Men resultata vart ikkje det dei hadde sett for seg.
– Heilt likt. Alle gruppene hadde heilt like store skadar tre veker etter slaget. Ingen av tiltaka hadde hatt nokon effekt.
Men mjølkesyre, enten ho er injisert eller produsert av kroppen sjølv gjennom trening, er jo påvist å ha effekt på menneske. Så kvifor hadde den ikkje effekt på musene?
Morland trur ho har forklaringa.
– Forsøka er jo gjort på laboratoriemus. Der testar vi ut éin variabel, medan andre faktorar er så like som mogleg. Same døgnrytme, same kosthald, til og med genetisk er dei like, forklarar ho.
– Det er ingen av dei som får liggja framfor TV-en i sju veker og mumsa potetgull.
Uventa resultat ein styrke for forskinga
For slik er det jo for menneske, at det er andre faktorar som spelar inn. Usunt kosthald er ein typisk risikofaktor, røyking ein annan og ein usunn livsstil generelt.
– Medan dei som driv med jamleg hardtrening, gjerne har ein sunnare livsførsel på andre område òg, seier Morland.
Ho understrekar at nettopp det at dei ikkje fann det dei hadde venta, er ein del av forskinga sin natur.
– Dersom vi visste utfallet av alle forsøka våre på førehand, hadde vi jo ikkje trengt å gjera dei. At vi innimellom får andre resultat enn det vi hadde venta, er berre ein styrke for forskinga.
Referanse:
Samuael J. Geiseler mfl.: Pre-stroke exercise does not reduce atrophy in healthy young adult mice. Neuroscience Letters, 2023.
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Hjerneforsker advarer mot ukritisk bruk av smertestillende opioider
-
Kvinner isoleres oftere enn menn under fengsling i Norge
-
Forskning møter barrierer: – Jeg er ganske bekymret over utviklingen
-
Slik kan sensorer fra smarttelefoner brukes til å ta bilde av antimaterie
-
Jordskjelv, snøskred og glass som knuser, har noe til felles
-
Digitale verktøy kan gi lærerstudenter bedre veiledning
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER