Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Kvitt sukker er eit eksempel på glukose. Forbrenninga av dette og andre stoff skjer i cellene i skjelettmusklane.
Kvitt sukker er eit eksempel på glukose. Forbrenninga av dette og andre stoff skjer i cellene i skjelettmusklane.

Forbrenninga i muskelcellene endrar seg når folk blir overvektige. Kvifor?

Forskarar er i gang med grunnforsking som kan gje betre forståing – som kanskje kan førebyggja diabetes type 2.

Skjelettmusklane utgjer rundt halvparten av kroppsvekta vår og dei gjer at vi kan bevege oss. Forbrenninga i cellene i desse musklane er ein viktig del av energiomsetjinga vår.

– Men energiomsetjinga i skjelettmusklane endrar seg med kroppsvekta, slik at forbrenninga hjå overvektige er annleis enn hjå normalvektige.

Det forklarar forskar Parmeshwar Katare ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Dersom vi forstår meir av korleis desse endringane skjer, vil vi òg forstå meir om korleis folk utviklar insulinresistens og diabetes type 2, seier han.

– Skjelettmuskelcellene frå personar med fedme forbrann energi på same måte som når cellene ikkje får nok oksygen i større grad enn celler frå normalvektige, seier Parmeshwar Katare.
– Skjelettmuskelcellene frå personar med fedme forbrann energi på same måte som når cellene ikkje får nok oksygen i større grad enn celler frå normalvektige, seier Parmeshwar Katare.

Cellene forbrenn meir glukose

For å undersøkja dette nærmare, dyrka Katare og kollegane fram cellekulturar frå vevsprøvar tekne frå lårmusklane til normalvektige og personar med fedme.

Så studerte dei opptaket og forbrenninga av glukose, feittsyrer og aminosyrer i cellene.

Glukose er druesukker, eit karbohydrat, og den viktigaste kjelda til energi i kroppen. Aminosyrer på si side er byggesteinane i protein. Karbohydrat, feitt og protein er næringsstoffa som gjev kroppen energi.

Det er altså forbrenninga av desse stoffa som skjer i cellene i skjelettmusklane.

– Vi oppdaga at skjelettmuskelcellene frå personar med fedme, i større grad enn celler frå normalvektige, forbrann energi på same måte som når cellene ikkje får nok oksygen. Denne tilstanden heiter hypoksi, seier Katare.

– Ved hypoksi forbrenn cellene frå personar med fedme meir glukose, medan forbrenninga av feittsyrer var lågare. Forbrenning av glukose krev nemlig ikkje like mykje oksygen.

Skjelettmuskelcellene frå personar med fedme tok opp meir av både glukose, feittsyrer og aminosyrer enn celler frå normalvektige.

Lågare forbrenning og høgare opptak av feittsyrer gjev meir oppsamling av feitt inne i cellene. Det kan bidra til den forstyrra forbrenninga som personar med insulinresistens og type 2-diabetes har.

Fortsatt berre laboratorieforsøk

Deretter testa forskarane om omega-3-feittsyrer kunne bidra til å betra energiomsetjinga i skjelettmusklane.

Dei samanlikna to omega-3-feittsyrer: EPA (eikosapentaensyre) og den meir vanlege feittsyra PA (palmitinsyre).

Det gjorde dei for å kontrollera om det var feittsyrer generelt som hadde eventuell effekt, eller om det var noko ekstra med omega-3-varianten.

– Begge gav auka opptak av feittsyrer. EPA gav høgare opptak enn PA, men verken PA eller EPA bidrog til auka forbrenning i cellene, fortel Katare.

– Men for glukose var forskjellen større. EPA gav både høgare forbrenning og auka opptak av glukose, og effekten var meir uttalt i celler frå personar med fedme.

– Alt i alt har forsøka i laboratoriet med cellekulturar vore lovande. Men det er fortsatt berre laboratorieforsøk. Det neste prosjektet vårt er å undersøkja om vi får dei same resultata i muskelceller frå forsøkspersonar som har ete omega-3-feittsyrer.

Referanse:

Parmeshwar Katare m.fl.: Energy metabolism in skeletal muscle cells from donors with different body mass index. Frontiers in Physiology, 2022. Doi.org/10.3389/fphys.2022.982842

Powered by Labrador CMS