Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Mange mødrer som brukar antidepressiva, opplever kjenslelivet sitt som utflata.

Mødrer med depresjon: – Alt eg ynskjer, er å kunna smila til barnet mitt

Begynna med legemiddel eller ikkje? Avslutta, trappa ned eller halda fram som før? Gravide med symptom på depresjon må ofte ta avgjerda utan nok støtte.

Kvinner som brukar eller vurderer å bruka antidepressiva under svangerskap og amming, hamnar i eit dilemma. Dei fleste veit at ein skal vera forsiktig med medisinar når ein er gravid, men samstundes kan medisinen vera eit nødvendig behandlingstiltak.

– Vi anbefalar at gravide diskuterer all legemiddelbruk med lege, seier forskar Fatima Tauqeer ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Dessverre opplever mange med symptom på depresjonar at legen deira ikkje gjev dei den støtta dei treng.

Eit utslag av dette er at mange vert sette rett på antidepressiva, medan dei sjølve ynskjer samtaleterapi som fyrste tiltak.

Måtte slå opp i Felleskatalogen

– Problemet med det er at køane til spesialisttenestene på dette feltet er svært lange, seier Tauqeer.

– Noreg er jo kjend for eit godt og gratis helsevesen, så eg vart nærmast sjokkert over kor vanskeleg det er for denne gruppa å få spesialisthjelp.

Eit anna problem er at legen ofte overlet avgjerda til den gravide sjølv, men utan at ho har fått nok informasjon til å gjera eit informert val.

– Køane til spesialisttenestene på dette feltet er svært lange, seier Fatima Tauqeer.

– Ein av dei vi snakka med fortalde at både fastlegen og spesialisten ho brukte, måtte slå opp i Felleskatalogen for å finna svar på spørsmåla hennar. Ho opplevde det som lite tillitvekkjande, fortel Tauqeer.

Den sterkaste augneblinken

– Men når gravide skal henta informasjon sjølv, frå nettet eller frå kjende, dukkar det gjerne opp motstridande råd. Det er ikkje alle som har nok kunnskap til å vurdera ulike kjelder opp mot kvarandre. 

Nettstaden tryggmammamedisin.no er til dømes ei gratis rådgjevingsteneste som er for lite kjend.

Eit anna dilemma som møtte mange av dei som brukte antidepressiva, var at legemidla gjer at kjenslelivet deira vert opplevd som utflata.

– I denne studien har vi fokusert på effekten av legemiddelbruk hjå mora, seier Angela Lupattelli.

– Samstundes som dei mistar tungsinnet, mistar dei òg gledestoppane. Eg trur den sterkaste augneblinken i samtalane i fokusgruppene var då ei nybakt mor sa at det ho ynskte seg mest av alt, var å vera i stand til å smila til barnet sitt, seier Tauqeer.

Risiko for innlegging i psykiatrien

Studien er utført som ein kombinasjon av spørjeundersøking og fokusgrupper. Det siste var ei ny oppleving for professor Angela Lupattelli. 

– Sjølv har eg hovudsakleg arbeidd med registerdata. Den metoden har andre styrkar enn fokusgrupper, men den personlege vinklinga har ein jo ikkje, seier ho.

Registerdata er data som offentlege etatar samlar inn for administrative formål. Eit døme på dette er Folkeregisteret med data om fødselsdato, bustad og sivilstatus. 

Sjølv har Lupattelli gjennomført ein studie der ho har sett på effekten av bruk av antidepressiva eller ikkje i svangerskapet hjå kvinner som hadde brukt dette før dei vart gravide.

– Spesifikt såg vi på om risikoen for innlegging på psykiatrisk sjukehus vart påverka av om kvinnene stoppa behandlinga under svangerskapet eller ikkje, seier ho.

Seier ingenting om kor alvorleg

– Vi har gjort ei liknande undersøking på gravide i Noreg og Danmark. Denne gongen gjorde vi undersøkinga i Lombardia, ein region i Nord-Italia med ti millionar innbyggjarar.

Det mest positive funnet var at risikoen for innlegging under svangerskapet uansett er låg. Meir uventa var det at risikoen var like stor uansett om den gravide avbraut behandlinga eller ikkje.

– Det overraska oss at det ikkje var nokon forskjell i det heile. Det kunne jo sjå ut som medisinen ikkje hadde nokon effekt, og det veit vi jo frå før at han har, seier Lupattelli.

Men etter å ha fundert litt på det trur forskarane no at årsaka er at sjukehusinnlegging er eit såpass uvanleg utfall at forskjellen er liten av den grunn. Registerdataa seier jo ingenting om kor alvorlege symptoma er hjå dei som ikkje vert innlagde, etter om dei har brukt antidepressiva eller avbrote behandlinga.

Pilotprosjekt for oppfylging av gravide

Dei kjem derfor til å gjera ein ny studie i Nederland, der helseregistera òg registrerer symptoma hjå pasienten, for å sjå om dei lettare kan sjå nokon forskjell der.

– I denne studien har vi fokusert på effekten av legemiddelbruk hjå mora. Ofte ser vi mest på kva effekten har på foster og barn når mor brukar legemiddel når ho er gravid og når ho ammar, seier Lupattelli.

Ho trekkjer fram ei gladhistorie frå ei fokusgruppe i den fyrste studien:

– Ei av kvinnene fortalde at helsestasjonen hennar var med i eit pilotprosjekt for oppfylging av gravide med psykiske vanskar, både som enkeltsamtalar og med nærmaste slekt, fortel ho.

– Kvinna opplevde det som svært positivt at ho òg fekk merksemd på helsestasjonen, medan det vanlegvis er barnet i magen alt handlar om. Vi håpar denne piloten kan føra til at eit slikt tilbod vert innført som praksis over heile landet.

Referansar: 

Fatima Tauqeer mfl.: Assessing decisional conflict and challenges in decision-making among perinatal women using or considering using antidepressants during pregnancy—a mixed-methods study. Archives of Women’s Mental Health, 2023. Doi.org/10.1007/s00737-023-01341-0

Angela Lupattelli mfl.: Antidepressant continuation and adherence in pregnancy, and risk of antenatal hospitalization for unipolar major depressive and/or anxiety disordersJournal of Affective Disorders, 2023. Doi.org/10.1016/j.jad.2023.07.066

Powered by Labrador CMS