Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Ytringsfridom i praksis: Støyttedemonstrasjon for Palestina i Tromsø 11. november 2023.

Kan ytringsfridomen og demokratiet reddast?

Kor kan vi sette grensene for ytringsfridomen? Er den offentlege samtalen så øydelagt at demokratiet ikkje fungerer? Finst det andre måtar å styre samfunnet på, så vi kan ta ordentleg tak i dei store problema?

I norsk offentlegheit kan ein stundom få inntrykk av at det står dårleg til med demokratiet og ytringsfridomen. Det er snakk om «fake news». Somme er redde for kanselleringskultur og «woke», mens andre seier samfunnet er rasistisk og fullt av fordommar som held folk nede.

Filosof Jonas Jakobsen forskar på nettopp desse spørsmåla. 

Når han skal svare på kor han synest grensa for ytringsfridom går, seier han at han først må ta ein omveg. Han må definere kva ytringsfridom er og kvifor ein meiner det er naudsynt å ha.

Podcast: Kan ytringsfridomen og demokratiet reddast?

I denne episoden av podcasten Lørdagsuniversitetet kan du høre filosof Jonas Jakobsen snakke om ytringsfridom og demokrati. 

Høyr heile episoden her.

Grensene for ytringsfridom

– I moderne politisk filosofi analyserer og drøftar vi ytringsfridom som ei negativ form for fridom. Det vil seie at du har fridom frå noko. I dette høvet fridom frå at nokon grip inn og hindrar oss i å seie det vi vil. Det kan også vere at vi ikkje vert tvinga til å seie noko vi ikkje ønskjer å seie, forklarar Jakobsen.

Jonas Jakobsen er filosof og forskar på politiske og sosiale forhold som rettar, rettferd, demokrati, offentleg debatt og ytringsfridom.

Det finst likevel juridiske grenser for ytringsfridom i Grunnlova. Det er ikkje tillate å truge, krenkje privatlivet eller kome med utsegn som diskriminerer eller er hatefulle. 

Det kan vere vanskeleg, både juridisk og filosofisk, å seie om utsegn fell innanfor eller utanfor dei definisjonane. Det er noko filosofar som Jakobsen diskuterer jamleg: dei juridisk grensene for ytringsfridom.

Korleis forskar ein filosof?

Det eg primært gjer, er å drive med normative argument. Det vil seie at eg ser på kva typar argument finst det for diverse problemstillingar.

Sidan eg forskar på politikk og samfunn, så kan eg til dømes sjå på kva som er argumenta for å i det heile teke ha eit demokrati?

Då stiller eg spørsmål som kva er styrkar og svakheiter i ulike teoriar om demokrati eller ytringsfridom? Kva grunngjevingar finst, og er argumenta konsistente? Er dei gode? Kvifor ikkje?

Somme filosofar trekkjer inn empiriske data og/eller sosiologisk forsking.

– Vi høyrer nokre gongar i offentleg debatt at nokon seier dei er ytringsfridomsfundamentalistar. Men i politisk filosofi vert det sett på som ein uforsvarleg posisjon. Det finst jo former for falsk reklame, truslar eller pornografisk materiale som òg kan teljast som ei form for ytringsfridom. Dei fleste av oss ikkje har noko problem med å forby dette, seier Jakobsen.

Kvifor har vi ytringsfridom?

Jakobsen seier det er tre klassiske svar på det spørsmålet om kvifor vi har ytringsfridom. Dei er henta frå ein av dei store filosofane på 1800-talet, britiske John Stuart Mill:

John Stuart Mill.

Sanningsargumentet: Om sanninga om noko skal fram, må alle teoriar, hypotesar, data, argument og analysar kome fram. Og sjølv om det skulle vere stor konsensus om noko, kan vi aldri vere heilt sikker på at andre meiningar ikkje har eitt eller anna ved seg. Og det sjølv om dei kan ha mykje feil i seg.

I tillegg treng vi motstemmar. Dei vil tvinge oss til å reflektere og gje gode argument for det vi meiner er sanninga.

Den demokratiske grunngjevinga: Ytringsfridom er naudsynt for demokratisk deltaking og debatt, sjølv om det er mange ytringar som ikkje fører oss nærmare sanninga. Her trekkjer Jakobsen fram den amerikanske konspirasjonsteorien QAnon. Han var ei av årsakene til at Donald Trump vann valet i 2016. 

– Det er veldig lite sanning i det, men vil vi forby det? spør Jakobsen. 

Då må ein samstundes forby mykje anna. Då kan ein etter kvart sjå mange som meiner dei er utestengde frå den politiske debatten. Demokratiet kan dermed miste legitimitet.

Autonomiargumentet: Vaksne, myndige personar har lov til å gjere som dei vil med sin eigen kropp og sitt eiga språk. Det skal veldig mykje til før vi som samfunn skal setje rammer for nokon sin fridom. 

Det er utruleg mykje fjas, ironi, løgn, misforståingar og alskens tull der ute som fleirtalet synest er ganske idiotisk, men som vi aldri kunne drøyme om å forby. 

Jakobsen hentar fram nok ein amerikansk og etter kvart global konspirasjonsteori: Flat Earth Society. Han har 94.000 medlemmar på Facebook. 

Det speler inga rolle om det ikkje er eit viktig demokratisk bidrag eller får oss nærmare sanninga. Det kan av prinsipp ikkje vere forbode.

Men kor går grensa?

Det er med andre ord ei ganske solid filosofisk grunngjeving for ytringsfridom. Men samstundes er det jo grenser og kor går dei? 

Jakobsen hentar fram Mill igjen. Mill har eit skadesprinsipp: Alle ytringar er lov, så lenge dei ikkje skadar andre. Men då kjem diskusjonen om ord kan gjere skade i det heile teke.

– Somme vil seie at ord kan gjere deg lei deg og krenkje deg, men du vert ikkje skada. Andre seier at ord kan skade andre på verste sett, til dømes med hatefulle ytringar som vert gjenteken om og om igjen, seier Jakobsen.  

Han forklarer: Som når ein minoritet eller marginalisert gruppe kontinuerleg vert utsett for grovt stigmatiserande ytringar. Det kan vere at dei er perverse, lyg eller er ein trussel mot samfunnet. 

– Somme filosofar, inkludert meg, argumenterer for at det kan skade statusen og menneskeverdet til individa i slike grupper.

Har ytringsfridomen det greitt?

Tyske Jürgen Habermas vert rekna som ein av verdas mest framståande nolevande filosofar. 94-åringen gav nettopp ut ei bok om den nye offentlegheita, 60 år etter sitt store gjennombrot Borgarleg offentlegheit

I den nye boka skriv han mykje om digitalisering og sosiale medium. Jakobsen seier Habermas er mest uroa for det han kallar den sentrifugale krafta i sosiale medium. Det er òg kalla gruppepolarisering.

– Det er tendensen til at vi mister evna og erfaringa til å kommunisere på tvers av identitetsgrupper eller andre typar gruppedanningar, seier Jakobsen.

– Jo meir vi berre snakkar med dei som er samde med oss, jo meir vert vi tryggja på at vi har rett. Og jo meir polarisert vert meiningane våre. Då vert vi meir og meir trekt ut i grupper som får det vanskelegare og vanskelegare å snakke saman, utdjupar han.

Status for Noreg

Jakobsen viser til ei undersøking frå 2020, kor 52 prosent av unge seier dei er redde for å ytre meininga si. Det er i frykt for å ikkje vere politisk korrekte.

– Det må vi jo ta på alvor. Men samstundes har eg vanskar med å finne eksemplar på utbreidd kanselleringskultur i Noreg. Det er fleire som skriv om det, men det skjer rett og slett ikkje ofte nok til at eg kan sjå at det er eit stort samfunnsproblem. Vi må òg hugse at det nokre meiner er kansellering, kan andre meine er legitim kritikk eller tiltak mot diskriminering eller liknande, seier Jakobsen.

Han meiner òg at Noreg har ein velfungerande og demokratisk offentlegheit. Jakobsen understrekar at han ikkje har empirisk data sjølv, men at dei dataa han har sett, syner at det er relativt lite direkte truslar, manipulering og desinformasjon i det offentlege samfunnet.

– Eg vart faktisk røyrd når eg såg kor fredeleg maktovertakinga var etter lokalvalet no i 2023. Folk som har hatt makt i årevis, skulda ingen for juks. Dei reflekterte i staden over kva dei sjølve kan gjere betre neste gong. Det er eit sunnheitsteikn for det norske demokratiet, seier Jakobsen.

Forskaren slår fast at ytringsfridom, dialog og samfunnsdebatt er heilt avgjerande for demokratiet. Samstundes treng ein òg ei viss kvalitetssikring for offentlege meiningar. Vi treng rett og slett ein medieoffentlegheit som filtrerer ut dei grellaste formene for løgn, manipulering, «fake news» og «fake fake news».

– Det er jo offentleg debatt på sitt beste. Der sørgjer ein for at heilt urimelege påstandar vert vist tilbake med data og god argumentasjon, seier Jakobsen.

Kan demokratiet løyse dei store problema?

Det finst dei som hevdar at nokre problem, som til dømes klimakrisa, er for store og komplekse til at demokratiet vårt kan løyse dei. Jakobsen seier at han håper dei tar feil. Han spør om vi eigentleg har noko anna val? Men han trekk og fram den amerikanske filosofen Jason Brennan:

– Han seier at før Trump og Brexit ville ingen høyre på han. No vert han stadig invitert til konferansar og nedringd av journalistar fordi han seier at demokratiet faktisk ikkje fungerer, seier Jakobsen.

Brennan har filosofert over moglege alternativ eller forbetringar av demokratiet. Han vil ha ei form for epistokrati eller ekspertstyre.

Han seier at vi har krav på eit kompetent styre og at å leie samfunnet er altfor viktig til at karisma og valkamp skal få avgjere kven som endar opp som president eller statsminister.

– Han meiner det viktigaste er at folk med rett utdanning, kompetanse og lang erfaring styrer. Og eg vert litt frustrert når eg les han. Han argumenterer ganske godt for ein posisjon eg ikkje er samd i. Men det som jo er veldig problematisk, er at han forutset at det finst rett svar i politiske spørsmål, og at ekspertar kan finne rett svar, seier Jakobsen.

Kva er objektivt rett svar i abortspørsmåla, til dømes? 

Dei er ikkje berre spørsmål om fakta, men òg verdispørsmål, peiker Jakobsen på. I tillegg vil ein få eit stort praktisk problem om ein skal seie til folk at dei ikkje har stemmerett fordi dei har «feil» oppfatning.

– Det kjem aldri til å fungere i praksis, seier Jakobsen.

Andre forslag til forbetring av demokratiet kjem frå retninga kalla deliberativt demokrati. Det er ei retning innan politisk teori som vektlegg korleis vi kan få auka kvaliteten på den offentlege samtalen og politiske avgjerder. 

Eit døme er mini-offentlegheiter. Der må ein tilfeldig samansett gruppe borgarar få fri frå jobben, lese seg opp på eit tema, høyre på ekspertar og diskutere saman på høvisk vis. Til slutt må dei stemme eller levere ein rapport til styresmaktene.

– Tanken er at dei skal få fram kva befolkninga ville meint om offentlegheita fungerte betre og folkeviljen hadde betre vilkår for informasjon og dialog, seier Jakobsen.

Høyr heile podcast-episoden her:

Powered by Labrador CMS