Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Teiner som var agna med reker, vart brukte for å fange dyr på grunna.

Forskarar har identifisert 33 framande artar i hamner i Rogaland

Dei har testa metodane som kan gjere det mogeleg å halde auge med kva framande artar som dukkar opp langs kysten.

Ni pleksiglasplater vert senka ned under vasskorpa i ei hamn i Egersund. 

Der skal dei henge i ro og mak i fleire månadar medan båtar susar rundt på overflata, fisk sym forbi og plankton driv med straumane.

Fem månadar seinare er havforskar Vivian Husa tilbake. 

Ho heiser opp att platene. Dei har no grodd til med algar og dyr. Desse skal ho ta i nærare augesyn: Gøymer det seg spor av framande artar her?

Sju dørstokkartar

Desse platene er del av ein ny pilotstudie frå Havforskingsinstituttet. 

Forskarane har undersøkt kor effektive ulike metodar – både nye og gamle – er til å oppdage framande artar langs kysten. Resultata er samanfatta i ein fersk rapport, utført på oppdrag frå Miljødirektoratet. 

Ragni Olssøn og Siri Aaserud Olsen bruker handhalden grabb for å få opp sediment og dyr i sedimentet.

Og metodane har gjeve resultat:

– Til saman identifiserte vi 33 framande artar. Av desse var sju nye såkalla dørstokkartar som ikkje er etablerte i Noreg frå før. Desse fann vi fleire stadar, fortel Husa. 

Dørstokkartar er artar som ikkje høyrer heime i Noreg, men som sannsynlegvis vil etablere seg i naturen vår på sikt. 

Tre hamner under lupa

For å granske metodane har havforskarane kartlagt tre travle hamner i Egersund, Stavanger og Tananger. Desse ligg i område som tidlegare har vorte definerte som høgrisiko for framande artar. 

I kvar hamn vart tre stasjonar undersøkte med fleire ulike metodar. Frå den såkalla Rapid Coastal Survey (RCS) til strandsøk, dyreplanktonprøver og teiner. 

RCS inneber at forskarane på førehand lagar ID-kort for artar dei skal vere merksame på.

– Vi har også undersøkt ei heil rekkje genetiske metodar, som miljø-DNA, forklarar Husa. 

Miljø-DNA – også kalla eDNA – er arvestoffet levande organismar avgir til miljøet rundt seg. Dyr som lever i havet, etterlet nemleg genetiske spor i farvatna dei ferdast. Desse spora er til dømes avføring, hudceller eller skjel.

Slik såg begroingspanela ut etter fem månadar i sjøen.

DNA-analysar gjev flest treff

– Det er utruleg at vi kan fange opp så mykje i DNA-analysar av vassprøver. Dei gav gode indikasjonar på førekomsten av framande artar, seier Husa. 

eDNA-analyser av vassprøver var enkeltmetoden som gav flest funn i pilotstudien.

Dei konvensjonelle metodane i pilotstudien registrerte 307 marine artar. Av desse var 19 artar framande artar eller risikovurderte dørstokkartar. 

DNA-analysane viste 2.268 marine artar. 26 artar var framande og dørstokkartar. 

Men DNA-metodane har også ulemper:

– Ein får veldig lange artslister, og det vert omfattande å undersøke om alle artane verkeleg er her, seier forskaren. 

Det eine er at genbankane kan by på feilkjelder. DNA-sekvensar kan til dømes vere frå artar som er feilbestemt. Eller: To artar som er nærståande, kan ha ein identisk sekvens, men skilje seg frå kvarandre i korleis dei ser ut. 

– I tillegg kan det vere forureining i prøvene. Om du får treff for ein framand fiskeart som berre eksisterer i Kina, så kan det vere han vert brukt som ein ingrediens i sjømat og dukkar opp grunna kloakk i hamna, forklarar Husa. 

Dei sju dørstokkartane forskarane identifiserte i pilotstudien, vart funne fleire stadar, så desse har forskarane god grunn til å tru er her. 

Djevletunge (Grateloupia turuturu) saman med japansk drivtang (Sargassum muticum).

Tilrår både etablerte og nye metodar

Med bakgrunn i pilotstudien tilrår havforskarane ein kombinasjon av etablerte metodar og DNA-metodar i eit framtidig nasjonalt program for overvaking av framande artar i Noreg. 

– Dei vanlege metodane gav gode bevis på at ein art var i området, men DNA-analysen tyda på at fleire framande artar kunne vere til stades, forklarar Husa. 

Tidleg varsku

Tidlegare forsking har vist at framandartar som djevletunge og hamnespy, som er påvist fleire stadar langs norskekysten, truleg haika hit som groe på båtar.

Vivian Husa peikar på at eit nasjonalt overvakingsprogram kan gje varsku om problematiske nykomarar og viktig informasjon om korleis imøtegå desse: 

– For å forstå omfanget av framande artar i Noreg, og i kor stor grad dei påverkar økosystemet, er det avgjerande å kartlegge og overvake spreiinga. 

Referanse:

Vivian Husa mfl.: Monitoring marine alien species in Norway — A pilot study for implementing a national program. Rapport frå Havforskningsinstituttet, 2024.

Powered by Labrador CMS