Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Sprøyte med blod
Amfetamin er eit utbreidd ulovleg rusmiddel.

Grønare testing av lovleg og ulovleg amfetamin

Illegalt og legalt amfetamin kan kjennast frå kvarandre i laboratoriet. Ny og grønare analysemetode gjev like godt resultat som eksisterande metodar.

Amfetamin vart fyrst framstilt i 1887. I fyrste halvdel av førre hundreår vart stoffet brukt som slankemiddel og som nasespray for å få blodkar til å trekkja seg saman. Under andre verdskrigen brukte amerikanske soldatar amfetamin for å halda seg vakne.

I dag vert amfetamin brukt medisinsk mot ADHD og narkolepsi. Men den sentralstimulerande effekten har òg gjort stoffet til eit av dei mest utbreidde ulovlege rusmidla.

– Fordelen med EME er at den brukar mykje mindre organisk løysemiddel enn dagens metode, fortel Tonje Gottenberg Skaalvik.

– I rusmiddeltesting og rusbehandling ynskjer ein å skilja mellom inntak av lovleg og ulovleg amfetamin. Ein vil kunne avdekkja om ein pasient berre brukar amfetaminet som legen har gitt, eller om dei har brukt illegalt amfetamin ved sida av. Ein føresetnad for medisinsk behandling er nemleg at pasienten er rusfri, seier Tonje Gottenberg Skaalvik.

Trekkjer ut frå urin eller blod

Skaalvik arbeider på Avdeling for klinisk farmakologi ved St. Olavs Hospital og tek doktorgraden ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Ho forklarer at ein kan skilja mellom lovleg og ulovleg amfetamin fordi amfetaminmolekylet finst i to versjonar med ulik molekylstruktur.

– Dei er spegelvende versjonar av kvarandre, omtrent som to hender er det. Desse versjonane kan vi identifisera i laboratoriet, og dermed slå fast om det vi har å gjera med legalt eller det illegalt stoff. Lovlege amfetaminpreparat inneheld berre den eine forma, medan illegalt stoff inneheld begge formene, seier Skaalvik.

Sjølve analysen krev dyre instrument. Men før analysen kan gjerast, må prøven opparbeidast, som det heiter. Det inneber at ein trekkjer ut stoffet som skal analyserast frå mediet det kjem i. Det er vanlegvis urin eller blod.

Klarar seg med 9 mikroliter løysemiddel

Ved Farmasøytisk institutt har forskarar utvikla ein teknikk for prøveopparbeiding som heiter elektromembranekstraksjon, eller EME. Han står på terskelen til å bli lansert kommersielt.

På laboratoriet i Trondheim har Skaalvik fått testa ut ein prototyp frå produsenten.

– Samanlikna med metoden vi brukar frå før, gjev EME like pålitelege resultat. Men fordelen med EME er at han brukar mykje mindre organisk løysemiddel enn dagens metode.

Organiske løysemiddel kan vera til skade for miljøet. Ein søkjer derfor å redusera bruken av dei der ein kan. EME krev òg organiske løysemiddel for å opparbeida ein prøve. Men der dagens metode krev 900 mikroliter løysemiddel, klarar EME seg med 9 mikroliter.

Vil opparbeida 96 prøvar om gongen

– I løpet av eitt år vil laboratoriet vårt åleine bruka fire liter mindre organisk løysemiddel med EME. Og det er berre for denne eine analysen. Laboratoriet utfører mange andre analysar òg. Om vi tek i bruk EME på fleire analysar, og om andre gjer det same, vil dette føra til mindre belastingar på miljøet, seier Skaalvik.

Men sjølv om EME gjev like gode resultat, vil det enno gå litt tid før dei tek i bruk den nye metoden i Trondheim.

– Prototypen eg har testa, og som sidan er vidareutvikla og lansert kommersielt, kan berre analysera ti prøvar om gongen. Det kan fungera godt for nokon analysar, men i eit laboratorium med svært mange prøvar vil vi helst opparbeidde 96 prøvar om gongen. Teknologien skal utviklast i den retninga.

1. juni 2023: Artikkelen er oppdatert med korrekt tall for løysemiddel. 

Referanse:

Tonje Gottenberg Skaalvik mfl.: Determination of amphetamine enantiomers in urine by conductive vial electromembrane extraction and ultra-high performance supercritical fluid chromatography tandem mass spectrometry. Drug Testing and Analysis, 2023. Samandrag. Doi.org/10.1002/dta.3487

Powered by Labrador CMS