Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Korleis få barn til å ta medisinen sin?
Sitronsmak eller jordbærsmak? Fast eller flytande? Norske forskarar har delteke i utviklinga av nytt verktøy som kan hjelpa industrien å finna svaret.
Det kan vera ei utfordring å få barn til å ta legemiddel som dei treng for å bli friske.
– Det er mykje som kan spela inn. Smaken er ein ting, ein annan er om medisinen er fast eller flytande. Om barnet skal ta medisinen heime eller på sjukehus kan òg spela inn, seier Liv Mathiesen, forskar ved Farmasøytisk institutt (FAI) på Universitetet i Oslo.

– Forma eller tilstanden til barnet vil òg ha noko å seia, og kven det er som gjev medisinen. Om barnet har teke medisinen tidlegare spelar òg inn.
Deltatt i studie om antibiotika
Utfordringa for legemiddelindustrien som skal produsera desse medisinane, er at det ikkje har eksistert nokon måte å tilnærma seg dette problemet systematisk på.
Men no er betring på veg.
– Det franske firmaet ClinSearch har over ein periode på ni år utvikla nettopp eit slikt verktøy, fortel Mathiesen.
– Dei har gjort ei rekkje studiar spreidd over mange europeiske land. Frå FAI har vi deltatt i ein av studiane, om antibiotika.
Kamuflera smaken med mat eller drikke
Undersøkinga baserte seg på eit spørjeskjema og vart gjorde både på barn som var innlagde på sjukehus, og på barn som fekk medisinen i heimen. I Noreg var det berre dei sistnemnde barna som var med i undersøkinga.
Foreldra som henta medisin til barnet sitt på apoteket, vart bedne om å rapportera korleis dei hadde gått fram for å få legemiddelet over leppene til barnet.
– Kva tiltak sette dei i gang dersom barnet ikkje ville ta medisinen med ein gong? Det kunne vera å dela opp dosen, å kamuflera smaken med mat eller drikke eller å gje premie. I nokre kulturar vart det òg brukt tvang mot barna, men det er nok ikkje så aktuelt her til lands, seier Mathiesen.
Upopulær banansmak
– Dei vart òg bedne om å dokumentera om barnet fekk i seg heile eller berre delar av dosen, om dei måtte bruka lang tid på å gje dosen og korleis barnet reagerte.
Det ferdige verktøyet er meir meint som eit rammeverk som legemiddelindustri og legemiddeltilsyn kan ta i bruk enn å gje bastante fasitsvar. Men nokre peikepinnar gjev det likevel.
– I studien vi deltok i, var det jamt over lettare å få gutar i førskulealder til å ta flytande medisin enn jamaldra jenter, seier Mathiesen.
– Og det var lettare å få gutar enn jenter til å akseptera antibiotika med sitronsmak. Banansmak var upopulært hjå begge kjønn, medan jordbær fall derimot i smak hjå dei fleste.

Spesielt gjevande arbeid
Det betyr likevel ikkje at det berre er for produsentane å pøsa på med jordbærsmak og så er problemet løyst.
– Ulike verkestoff har ulike smakar – ofte ikkje særleg gode. Dermed vil ein helst bruka ein smak som best kamuflerer smaken av nett dette verkestoffet, forklarar Mathiesen.
I franske ClinSearch var det ein gledas dag då dei nyleg fekk eit såkalla «Letter of Support» frå det europeiske legemiddelbyrået EMA. Det fortel at EMA støttar arbeidet deira, men inneheld òg anbefalingar om vidare utvikling av verktøyet før det vert endeleg godkjent av byrået.
Mathiesen fortel at ho synest dette arbeidet har vore spesielt gjevande.
– Som forskarar legg vi ofte små bitar i store puslespel. Det er ikkje alltid så lett å sjå betydinga av sitt eige bidrag når puslespelet er ferdig. I dette prosjektet har ikkje puslespelet hatt like mange bitar. Det er tilfredsstillande å sjå kva ein sjølv har bidrege med i det store biletet.
Referanse:
Thibault Vallet, Liv Mathiesen mfl.: Exploring Acceptability Drivers of Oral Antibiotics in Children: Findings from an International Observational Study. Pharmaceutics, 2021. Doi.org/10.3390/pharmaceutics13101721
Les også:
- Nanopartiklar kan få deg til å ta medisin som smaker vondt
- Stoff frå krabbeskjel kan gjera det lettare å få medisin i barna
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Hjerneforsker advarer mot ukritisk bruk av smertestillende opioider
-
Kvinner isoleres oftere enn menn under fengsling i Norge
-
Forskning møter barrierer: – Jeg er ganske bekymret over utviklingen
-
Slik kan sensorer fra smarttelefoner brukes til å ta bilde av antimaterie
-
Jordskjelv, snøskred og glass som knuser, har noe til felles
-
Digitale verktøy kan gi lærerstudenter bedre veiledning
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER