Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Denne filmen angrip bakteriar i sår
Filmen som kan lege sår er laga av restar frå kyllingproduksjon.
Helene Liepelt Nystedt viser den tynne filmen som tek knekken på bakteriar.
(Foto: Torstein Helleve / UiO)
Farmasiforskarar jaktar heile tida på meir
miljøvenlege løysingar for utvikling av legemidler.
Ein lovande kandidat er Natural Deep Eutectic
Solvents, eller NADES.
NADES er naturlege væsker laga av for eksempel sukker og syrer som kan løyse opp medisinar på ein miljøvenleg og trygg måte.
Desse væskene oppstår når ein blandar to faste
stoff, sjølv om begge stoffa har ei smeltepunkt som er mykje høgare.
– Ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo har vi forska på NADES ei stund. Dei siste par åra har vi sett at forskinga på NADES har eksplodert, seier Helene Liepelt Nystedt.
Ho tar doktorgraden ved instituttet med forsking på NADES.
– Som det går fram av det engelske namnet, vert NADES rekna som løysemiddel. Fordelen med NADES er at det består av stoff som finst i levande celler, slik at det er lett å framstilla, og det er lett å bryta ned. Plantar i naturen er ofte kjelda til stoffa som vert brukte til å laga NADES, forklarar Nystedt.
Kan laga filmar av proteinfragment
– For stoff som det er vanskeleg å løysa
opp i vatn, kan NADES ofte vera eit godt alternativ, seier ho.
Sjølv har ho utvikla eit produkt, ein film, for
behandling av sår som utnyttar fleire eigenskapar ved NADES.
– Sjølve filmen er laga av ei anna naturleg råvare, kollagen.
Dette kollagenet er vunne ut av restar frå kyllingproduksjon, frå senar og
musklar, fortel Nystedt.
Forskarar ved matforskingsinstituttet Nofima har spalta proteinet kollagenet i mindre bitar.
– Med desse bitane kan vi støype til tynne filmar som blir råstoff i nye produkt.
Bakterien døyr
Kollagenfilmen vart tilsett ein NADES og
eit porfyrin som heiter THPP. Porfyrin er pigment som er viktige for
stoffskiftet hjå dyr og plantar.
– Utan NADES er filmen lite fleksibel og
kan lett knekka. Men med NADES vert filmen mjuk og bøyeleg, samstundes som han
beheld forma, seier Nystedt og demonstrerer.
Filmen dei utvikla er lysaktivert. I
vanleg lys er han heilt ufarleg, men når han vert bestråla med kraftig lys med
ei bestemt bølgjelengd, vaknar villdyret i porfyrinet.
– Når filmen då er i såret og i kontakt
med bakteriane, så angrip det dei. Porfyrinet overfører energi til oksygen, som
vert veldig reaktivt og angrip ulike bakteriestrukturar slik at bakterien døyr,
fortel Nystedt.
Løysa opp delar av biofilm
– Spesielt er det effektivt mot det som
heiter Gram-positive bakteriar. Eit døme på slike er gulke stafylokokkar, som
er vanlege i sår.
Men NADES kan ikkje berre brukast som
hjelpestoff, det har òg antimikrobielle eigenskapar sjølv.
– Eg testa dei på biofilm, koloniar av
bakteriar beskytta av ei slimete hinne eller nettverk som kan sitja både på
levande og ikkje-levande flater. Og dei klarde både å løysa opp delar av biofilmen
og til og med å angripa bakteriane i han slik at dei døydde, fortel ho.
– Men det var forskjell på ulike NADES.
Nokon var veldig effektive, medan andre knapt hadde nokon effekt.
Ikkje endeleg svar
Forskinga på NADES til bruk i
farmasøytiske produkt er enno i startgropa. Nystedt starta med seks
forskjellige, og enda med tre.
– Men det finst utruleg mange andre som
bør undersøkast vidare. Kanskje finn ein NADES med andre eigenskapar og
bruksområde enn dei vi kjenner til no. Og det er spesielt ein ting det er
viktig å finna svar på, seier ho.
Helene Liepelt Nystedt seier at vi ikkje har endeleg svar på
kva effekt NADES har på våre eigne celler, spesielt i store konsentrasjonar. Nokre studiar seier dei ikkje er skadelege, men det finst òg nokre som seier
det motsette. Dette må det sjølvsagt forskast meir på, mener ho.
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER