DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Førekomsten av kroniske plager er høgare blant norske sysselsette enn i EU.

Norsk arbeidsliv: Gode arbeidsforhold og trygge jobbar, men meir mobbing og fleire truslar

Trygge jobbar og gode arbeidsforhold pregar norsk arbeidsmiljø. Men dei som arbeider i Noreg, fortel oftare enn andre europearar om utskjelling, truslar, mobbing, vald og diskriminering.

Ein ny rapport frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) omtaler resultata frå den sjuande europeiske arbeidsmiljøundersøkinga. Det er ei av dei største undersøkingane i verda om arbeidsforhold.

– Rapporten gir oss eit unikt høve til å vurdere tilstanden på arbeidsmiljøet i Noreg i lys av europeiske forhold, seier STAMI-direktør Therese Hanvold.

Bra, men kan bli betre

Resultata frå undersøkinga gir eit positivt bilete av arbeidsmiljøet og arbeidshelsa i Noreg. Det er prega av trygge jobbar og gode arbeidsforhold.

Samtidig finst det både utfordringar og eit potensial for forbetring. 

Sysselsette i Noreg opplyser i større grad enn EU-gjennomsnittet om at dei blir utsette for utskjelling, truslar, uønskt seksuell merksemd, mobbing eller vald i samband med arbeidet sitt. 

Fleire opplever diskriminering

Det er også fleire i Noreg enn i EU som har opplevd diskriminering på jobben det siste året.

Samla sett rapporterer sysselsette i Noreg om færre mekaniske, fysiske, kjemiske og biologiske eksponeringar på arbeidsplassen enn i EU. 

Men norske arbeidarar rapporterer om meir løfting eller flytting av menneske og handtering av materiale som kan vere smitteførande.

Færre sysselsette i Noreg enn EU-gjennomsnittet rapporterer om ryggsmerter og muskelsmerter i beina . Samstundes ligg vi litt høgare enn gjennomsnittet på muskelsmerter i skuldrer, nakke og armar.

Godt psykososialt arbeidsmiljø

Førekomsten av kroniske plager er høgare blant norske sysselsette enn i EU. Fleire kvinner enn menn rapportar om kronisk sjukdom eller helseplager. 

Denne kjønnsforskjellen er tydelegare i Noreg enn i EU.

Også på området psykisk helse kjem Noreg godt ut samanlikna med EU-gjennomsnittet. Noreg er blant landa med minst sjølvrapportert angst, og det er ein lågare del som er mentalt utmatta etter jobben.

For mentalt velvære er Noreg på nivå med EU-gjennomsnittet. Delen som opplyser om at eiga helse er i fare på grunn av arbeidet, er noko lågare i Noreg enn i EU.

Nordiske land i særklasse

Øyvind Rongevær frå LO peikar på at rapporten er nyttig inn i arbeidet deira med å utvikle opplæring for gode arbeidsforhold i Noreg.

– Det er interessant å sjå at dei nordiske landa stiller i ei eiga klasse samanlikna med Europa. Det kan ha samanheng med den nordiske modellen og trepartssamarbeidet, med eit tett samarbeid mellom arbeidsgivar- og arbeidstakarsida og styresmaktene, seier Rongevær.

– At nivået av rapportert uønskt seksuell merksemd og dessutan vald, truslar og diskriminering er høgare i Noreg enn i andre europeiske land, er noko vi må ta på alvor og jobbe for å endre, kommenterer Ann-Torill Benonisen Indreeide frå NHO. 

Ho seier vidare at bransjar er ulike, og at ho har stor tru på at vi framleis skal ha søkjelys på bransjespesifikke program i arbeidsmiljøarbeidet. 

Her kan du sjå rapportlanseringa 16. juni 2023:

Referanse:

Beate B. Mjaaland mfl.:  Arbeidsmiljøet i Norge og EU – en sammenlikningSTAMI-rapport, 2023.

Om rapporten

Den europeiske arbeidsmiljøundersøkinga European Working Conditions Survey (EWCS) er ei undersøking som Det europeiske arbeidsmiljøorganet Eurofound (European Foundation for the Improvement of Living and Working Conditions) gjennomfører. EWCS er ei av dei største undersøkingane av arbeidsforhold i verda og blir utført kvart femte år. Denne rapporten presenterer resultat frå den sjuande i rekkja av desse undersøkingane. I 2021 deltok meir enn 71.000 sysselsette frå 36 land i undersøkinga.

Powered by Labrador CMS