Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Helsepersonell var ekstra stressa under pandemien.

Pusteteknikk, meditasjon og enkle øvingar kan hjelpa stressa helsepersonell

Legar som brukte ein spesiell yogateknikk, hadde færre stressymptom enn legar som fekk vanleg stresshandteringshjelp.

Eigentleg er det noko heilt anna Fahri Saatcioglu er ekspert i. Professoren ved Universitetet i Oslo er molekylærbiolog og forskar på kreft, hovudsakleg prostatakreft.

– Opp gjennom åra har eg blitt stadig meir interessert i øvingar for kropp og sinn og korleis dei verkar. Eg starta sjølv med yoga, meditasjon og pusteøvingar i starten av karrieren min, fortel han.

– Eg opplevde at det hadde positiv effekt på meg. Eg vart nysgjerrig på mekanismane bak og starta å fylgja med på den vitskaplege litteraturen på temaet.

Etter kvart vart han så nysgjerrig at han gjennomførte ein studie sjølv.

Trente dagleg heime

– For ti års tid sidan undersøkte vi effekten av ein yoga-variant som heiter Sudarshan Kriya Yoga, eller SKY, seier Saatcioglu.

– Vi fann at etter berre to timar kunne vi påvisa endringar i genuttrykket i bestemte typar immunceller. Det pirra nysgjerrigheita endå meir.

Då pandemien kom, tilbaud han SKY-programmet til 1700–1800 helsepersonell i Europa i samarbeid med den ideelle organisasjonen International Association for Human Values og The Art of Living Foundation. 

Deltakarane brukte 90 minutt om dagen i tre dagar for å læra programmet. Etter det trente dei heime, helst dagleg i omtrent 20–30 minutt.

– Mi lesing av litteraturen tyder på at SKY så langt er det beste individuelle programmet mot utbrentheit hjå legar, seier Fahri Saatcioglu.

Stressnivået gjekk ned

– Grunnen til at vi vende oss til denne gruppa, var naturlegvis at dei var i ein ekstra stressa situasjon. På toppen av bekymringane som alle sleit med, kom at dei måtte utsetja seg sjølv, og dermed òg sine nærmaste, for potensiell smitte, forklarar Saatcioglu.

– Samstundes måtte dei vera vitne til liding og død som dei ikkje hadde botemiddel mot, som sjølvsagt skapte ei kjensle av å ikkje strekkja til.

I ei spørjeundersøking etter programmet vart deltakarane spurde om dei ville tilrå programmet for andre. Alle svarte ja. 94 prosent svarte at stressnivået deira hadde gått ned. 81 prosent meinte at programmet ville betra arbeidsinnsatsen deira.

Mindre vanskar med søvnløyse

– Eg hadde gode forhåpningar om positive svar, med mine eigne erfaringar med SKY. Men desse svara var så langt over forventingane at vi bestemte oss for å gjera ein ordentleg studie, seier Saatcioglu.

129 praktiserande legar frå Tyrkia, Tyskland og Dubai vart delte inn i to grupper. Den eine gruppa gjennomgjekk SKY-programmet. Kontrollgruppa fekk eit kurs i stresshandtering. 

Begge gruppene hadde oppfylgingsmøter på nett ein gong i veka dei åtte vekene studien varte.

– Vi brukte ulike internasjonalt validerte spørjeskjema for å bestemma effekten av SKY på velværeparameter som stress, angst, depresjon og utbrentheit. SKY-deltakarane skåra signifikant betre på alt dette, og dei rapporterte òg mindre vanskar med søvnløyse, seier han.

Tapar 4,6 milliardar dollar

Saatcioglu meiner at det vil vera ei god investering for helseinstitusjonar å leggja til rette for at personalet får høve til å driva mental avspenning i arbeidstida.

– Mi lesing av litteraturen tyder på at SKY er det beste programmet så langt. Det kan potensielt forbetrast, eller andre liknande program kan bli utvikla i framtida. Det viktige er at institusjonane tek den mentale helsa til behandlarane på alvor, seier han.

– Det kan redusera utbrentheit og gjera det lettare å halda på personalet. Ikkje minst kan det bidra til færre feil i pasientbehandlinga og dermed spara både menneskelege kostnadar og økonomiske. I USA reknar ein med at helsevesenet kvart år tapar inntekter tilsvarande 4,6 milliardar dollar på medisinfeltet på grunn av tapte arbeidstimar og høg turnover blant legane.

Ynskjer fleire menn

– Den reelle kostnaden er mykje høgare. Vi kan òg ta med medisinske feil forårsaka av utbrentheit, som er vanskeleg å rekne ut. Det er store summar.

Han understrekar at det trengst meir forsking. Han ynskjer å gjennomføra ein studie i Noreg. Forskarane har levert søknad om midlar i eit anna europeisk land.

– Det er fleire aspekt vi ynskjer å ta med i framtidige studiar. Til dømes skulle vi gjerne hatt lengre oppfylgingsperiodar for å sjå kor lenge effektane varer. Vi ynskjer òg å inkludera fleire menn, for i denne studien var om lag nitti prosent av deltakarane kvinner. Yrkesgrupper utanfor helsevesenet med stress kan òg vera aktuelle, seier han.

– Vidare er det interessant å fylgja det fysiologiske sporet. Eg nemnde endringar i genuttrykket i immunceller, og det vil òg vera interessant å studera mellom anna utvalde hormon, hjarte-kareffektar og andre delar av immunsystemet.

Referansar:

Asli Korkmaz, Fahri Saatcioglu mfl.: Sudarshan Kriya Yoga Breathing and a Meditation Program for Burnout Among Physicians. A Randomized Clinical TrialJAMA Network Open, 2024. Doi:10.1001/jamanetworkopen.2023.53978

Fahri Saatcioglu mfl.: The Promise of Well-Being Interventions to Mitigate Physician Burnout During the COVID-19 Pandemic and BeyondJCO Oncology Practice, 2022. Doi.org/10.1200/OP.22.00108

Su Qu, Fahri Saatcioglu mfl.:  Rapid Gene Expression Changes in Peripheral Blood Lymphocytes upon Practice of a Comprehensive Yoga ProgramPLOS ONE, 2013. Doi.org/10.1371/journal.pone.0061910

Powered by Labrador CMS