DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Det er krav til verneutstyr og sikring når ein arbeider med materiale som inneheld asbest.

Sjølv kortvarig arbeid kan frigjere mykje asbest

Korte inngrep med asbesthaldige materiale gir mykje asbestfibrar i lufta. Derfor er det viktig å vite kva materiale som er brukt, før ein startar med renovering eller rivning av eldre bygg.

Asbestmateriale var populære bygningsmateriale i Noreg frå 1930-talet. Dei var haldbare og motstandsdyktige mot vind og vêr. 

Materiala blei forbodne på 1980-talet. Då fann ein ein samanheng mellom asbesteksponering og fleire kreftformer. 

Likevel finst slike materiale framleis i bygningar og hus frå perioden. Dette er uproblematisk så lenge dei asbesthaldige materiala får liggje urørt.

– Det er først når ein byrjar å handtere desse materiala, til dømes ved rivning og renovering, at asbestfibrane blir frigjorde så ein kan puste dei inn. Derfor er det viktig at slikt arbeid blir gjort av nokon som veit korleis dei kan verne seg sjølv og andre mot asbesthaldig støv, fortel STAMI-forskar Torunn Kringlen Ervik.

Tok prøver under ulike typar arbeid

Saman med kollegaer har Ervik nyleg publisert ein studie. Der har dei undersøkt kor mykje og kva slag asbestfibrar som blir sloppe ut i lufta ved asbestsanering.

Forskarane samla inn luftprøver frå bygg der ein sanerte asbesthaldige materiale. Dei innhenta personlege prøver frå pustesona til arbeidarane og stasjonære prøver frå fastplasserte prøvetakarar. 

Forskarane samla inn prøver både innandørs og utandørs.

Dei innvendige prøvene blei tatt mens arbeidarane handterte isolasjonsplater (Asbestolux), røyrisolasjon, PVC-fliser og eit korkplategolv. Dei utvendige prøvene blei tatt ved arbeid med takplater, takshingel og veggshingel (Eternit).

Arbeidarane brukte stort sett handhaldt utstyr som skrutrekkjarar og brekkjern for å fjerne vegg- og takplatene. For å fjerne golvflisene brukte dei golvskrape. Bruk av maskin skjedde berre ved sliping av golv.

Høg eksponering ved kortvarig arbeid

Prøvene med dei høgaste konsentrasjonane av fiber var tatt i samband med fjerning av isolasjonsplater. Dette er plater som inneheld mykje amositt og krysotil, og som lett smuldrar opp.

– I nokre tilfelle var fiberkonsentrasjonane over 40 gonger høgare enn grenseverdien vi har i dag, fortel Ervik.

Forskarane ønskte også å undersøkje eksponering av asbest ved kortvarig arbeid opptil 60 sekund. Dette omfatta mellom anna å bore hol eller sage i materiala.

– Det viste seg at også slike små arbeidsoperasjonar førte til relativt høge konsentrasjonar av asbestfibrar i lufta. Dette understrekar kor viktig det er å kartleggje asbesthaldige materiale før ein startar rivings- eller renoveringsarbeid, så ein unngår å puste inn asbest, seier ho.

Forskaren peiker på at studien også indikerer kor viktig det er med god og lett tilgjengeleg rettleiing om verneutstyr til huseigarar som vel å gjere asbestfjerninga sjølv.

Samanlikna målemetodar

I studien blei dei innsamla luftprøvene analyserte med både lysmikroskop og elektronmikroskop.

– Vi ønskte å samanlikne to analysemetodar for å finne ut kven som er best eigna til å vurdere nivået på eksponeringa. Så vidt vi veit, er det ingen tidlegare studiar som har samanlikna målingar gjort med lysmikroskop og elektronmikroskop knytt til asbestsanering, seier Ervik.

I Noreg har ein tradisjonelt brukt lysmikroskop til å undersøke mengda asbestfibrar i luftprøver. Å telje asbestfibrar på denne måten er relativt billig og raskt. Det er sannsynlegvis grunnen til at metoden framleis blir mykje brukt.

– Ulempa ved denne metoden er at han ikkje gir informasjon om den kjemiske samansetninga til fibrane, forklarer forskaren.

Andre fibrar kan gi feil prøvesvar

Manglande informasjon om den kjemiske samansetninga til fibrane kan vere problematisk. Luftprøvene kan nemleg også innehalde andre typar fibrar.

– I denne studien opplevde vi for eksempel at det låg gipsfibrar på golvoverflata. Dei blei kvervla opp då arbeidarane fjerna golvet. Sidan lysmikroskopet ikkje kan avgjere om det er gips eller asbest, vil gipsfibrar også bli talde med når ein brukar eit slikt mikroskop. Dette kan føre til at talet på asbestfibrar i prøva blir for høgt, seier forskaren.

I eit elektronmikroskop kan ein derimot få informasjon om den kjemiske samansetninga til fibrane. Dermed kan ein avgjere om det er asbestfibrar eller ikkje.

Den største forskjellen mellom dei to målemetodane blei funne i prøver tatt under fjerning av nettopp golvbelegg.

Elektronmikroskopet finn også tynne fibrar

Elektronmikroskopet gjer det i tillegg mogleg å sjå nærare på tjukna og lengda til dei frigjorde asbestfibrane.

Forskarane fann at det blei frigjort ein høg del tynne fibrar under 0.2 µm (mikrometer, en milliondels meter) ved sanering av materiale med mykje krysotil. 

Krysotil er også kalla hvitasbest. Delen tynne fibrar var lågare når materiala inneheldt mykje amositt, kalla brunasbest,  eller krokidolitt, kalla blåasbest.

– Lysmikroskopet vil ikkje sjå slike tynne fibrar. Dei vil derfor ikkje bli talt viss ein bruker denne metoden. Resultata våre viser at ein bør velje analysemetodar som både kan bestemme kva type fiber det er snakk om, og fange opp dei tynne fibrane, seier Ervik.

Referanse: 

Torunn Kringlen Ervik mfl.: Measurements of airborne asbestos fibres during refurbishingAnnals of Work Exposures and Health, 2023. Doi.org/10.1093/annweh/wxad041

Powered by Labrador CMS