DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Desse yrka har høgst sjukefråvær i Norden
Forskarar har identifisert yrke med høgt sjukefråvær og samanlikna yrka i Danmark, Finland, Noreg og Sverige.
Det er manuelle yrke og service- og omsorgsyrke som har det høgaste sjukefråværet i alle landa.
Årsakene til sjukefråvær er eit komplekst samspel mellom eiga helse og livsstil, yrke og forhold på arbeidsplassen. I tillegg kjem samfunnsfaktorar som den økonomiske utviklinga i landet og trygdesystemet.
Det er derfor vanskeleg å måle nøyaktig kor stor del av sjukefråværet som kjem av arbeidet. Tidlegare studiar tyder på at ein stor del av sjukefråværet kjem nettopp av arbeidsfaktorar.
– Ved å samanlikne sjukefråværet i ulike yrke mellom ulike land kan vi sjå kva yrke som har relativt høgt sjukefråværsnivå i fleire land. For desse yrka er det større sannsyn at sjukefråværet kjem av yrkesrelaterte faktorar, seier Karina Undem, som er forskar på Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) og har bidrege i studien.
Nordisk modell for yrkeskodar
Forskarane har identifisert yrke med høg førekomst av langvarig sjukefråvær hos nordiske tilsette og utforska likskapar og forskjellar mellom landa.
Ved å bruke data frå nasjonale register på 25 til 59 år gamle lønnstakarar frå Danmark, Finland, Noreg og Sverige, rekna dei ut den kjønns- og yrkesspesifikke førekomsten av sjukefråvær totalt og sjukefråvær på grunn av muskel- og skjelettsjukdommar og psykiske lidingar.
For betre å kunne samanlikne yrke mellom landa utvikla forskarane ein nordisk modell for yrkeskodar.
Høgare sjukefråvær i Noreg
– Vi såg at sjukefråværet generelt var høgare i Noreg enn i dei andre landa. Noreg hadde også flest yrkesgrupper der sjukefråværet var signifikant høgare enn gjennomsnittsnivået i landet, forklarer Undem.
Forskarane fann den same trenden då dei såg på sjukefråvær på grunn av muskel- og skjelettplager. For sjukefråvær som kjem av psykiske lidingar og plager, var det Sverige som hadde det høgaste nivået.
– Då vi rangerte yrka etter sjukefråværsnivået, fann vi forskjellar mellom landa i kva yrke som hadde det høgaste sjukefråværet. I alle landa var likevel trenden at manuelle yrke, og til dels service- og omsorgsyrke, var yrka med høgast sjukefråvær, seier Undem.
Sjukefråvær som kjem av muskelskjelettplager, var meir vanleg i manuelle yrke.
– Men psykiske lidingar var meir vanleg i service- og omsorgsyrke. Dette var gjennomgåande for alle landa, legg ho til.
Stort potensial for å redusere
Vidare var det var nokre yrke som hadde høgt sjukefråvær i alle landa. Til dømes var taktekkarar på topp fem høgaste yrke i tre av fire land blant menn.
Blant kvinner var buss- og sporvognsførarar på topp fem av yrka med høgaste sjukefråvær i alle fire land. Undem forklarer at dette er yrke med høgt sjukefråvær i alle landa trass i forskjellar i arbeidsmarknaden, trygdesystema og yrkesalderssamansetning i landa.
– Dermed kan vi konkludere med at dette er yrke der det sannsynlegvis er stort potensial for arbeidsplassretta tiltak for å redusere sjukefråværet, seier ho.
Ho understrekar vidare at slike samanlikningar som er gjorde i studien, vil gi forskarar og styresmaktene ei betre forståing av kor mykje av sjukefråværet som er knytt til arbeidet.
– Vi meiner studien bidreg til å gi eit betre grunnlag for å setje i verk målretta tiltak for å førebyggje sjukefråvær og fråfall frå arbeid, seier Undem.
Referanse:
Svetlana Solovieva, Karina Undem mfl.: Utilizing a Nordic Crosswalk for Occupational Coding in an Analysis on Occupation-Specific Prolonged Sickness Absence among 7 Million Employees in Denmark, Finland, Norway and Sweden. International Journal of Environmental Research and Public Health, 2022. Doi.org/10.3390/ijerph192315674
Les også disse sakene fra STAMI
-
Nytt verktøy skal verne helsepersonell i kriser
-
Slik blir det enklere å oppdage bakterier og sopp i lufta på søppelanlegg
-
Hjemmekontor kan være positivt for den psykiske helsen
-
Det er vanskelig å påvise at disse nanomaterialene er kreftframkallende
-
Klor og tiss i bassenget kan gi helseplager hos dei tilsette
-
Hva slags kontor du har, kan påvirke om du er hjemme eller på jobb ved sykdom
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER