Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Opioid er nyttige legemiddel, men har òg stort misbrukspotensial.

Forskarar kan påvisa narkotika i spyttprøvar

Ein ny metode har potensial til å henta ut større mengder opioid frå prøvane enn dagens metodar.

Opioid er ei gruppe stoff som har liknande effekt som opium, anten dei er utvunne frå opiumsplanten eller heilsyntetiske. Ein del av desse vert brukt i medisinen, men dei er òg mykje misbrukt som rusmiddel.

Det har vore vanleg å bruka urinprøvar ved mistanke om misbruk eller kontrollera at medisin vert teken som føreskrive. Men å få folk til å tissa på kommando er ikkje alltid så lett, spesielt ikkje dersom det må skje med andre til stades. 

– Når vi testar for misbruk av opioid, ynskjer vi å testa for mange stoff samstundes, seier Tonje Gottenberg Skaalvik.

Dei siste åra har det derfor vorte meir utbreidd med spyttprøvar. Det er enklare å få til og vert opplevd som mindre inngripande av han eller ho som skal testast.

Tonje Gottenberg Skaalvik arbeider på Avdeling for klinisk farmakologi ved St. Olavs Hospital og tek doktorgraden ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. Ho har testa ut korleis ein kan testa opioid i spytt ved hjelp av elektromembranekstraksjon (EME), ein metode som er utvikla ved Farmasøytisk institutt.

Vassløyselege eller feittløyselege

– Utfordringa i denne samanhengen var at EME er ein svært selektiv metode. Vi trekkjer berre nokre få stoff med enkelte bestemte eigenskapar ut av prøven. Stoff som kan forstyrra analysen, blir igjen i prøven. Det er vanlegvis ein av styrkane ved EME, men her vart det faktisk eit problem som måtte løysast, seier Skaalvik og forklarar:

– Når vi testar for misbruk av opioid, ynskjer vi å testa for mange stoff samstundes, i staden for å måtta gjera to eller fleire analysar. Det er nemleg slik at sjølv om opioida har mange liknande eigenskapar i bruk, kan dei kjemiske eigenskapane vera ganske forskjellige.

Nokre opioid løyser seg lettast i vatn. Andre vert betre fordelt i feitt.

Denne forskjellen utgjer ei utfordring, sidan EME går ut på å trekkja ut stoffet ein er interessert i – analytten – ut frå det kjemikarane kallar ein matriks over ein flytande membran. Matriksen er den væska prøven er levert i, enten det er spytt, blod, urin eller anna.

– Kva stoff vi har i membranen, er svært viktig for prosessen. I vårt tilfelle vart løysinga ein membran som bestod av ei blanding av to membranvæsker vi ikkje hadde blanda tidlegare, fortel Skaalvik.

Må tøya grensene

– Vi førebudde ein prøve med 13 ulike opioid, frå naturlege som morfin og kodein til heilsyntetiske som metadon og fentanyl. Vi lukkast i å trekkja ut alle stoffa av prøven. For 12 av dei let resultata seg validera innanfor gjeldande retningslinjer.

Samstundes som metoden altså var uspesifikk nok til at alle dei ulike opioida let seg trekkja ut, var han selektiv nok til at dei fekk ut meir av analyttane enn dagens løysingar gjer for mange av stoffa. 

Likevel kan ikkje Skaalvik lova at metoden vert teken i bruk med det fyrste.

– I mange samanhengar kan ein vera nøgd med å få ut berre ti prosent av analytten, gitt at ein framleis kan oppdage relevante konsentrasjonsnivå og at resultata er konsekvente. Målet vårt var ikkje nødvendigvis å finna ein analysemetode for å erstatta dagens metodar, forklarar ho.

– Poenget er at EME enno er eit ungt forskingsfelt. For å utforska alle moglegheitene må vi tøya grensene innanfor mange potensielle bruksområde.

Referanse:

Tonje Gottenberg Skaalvik mfl.: Conductive vial electromembrane extraction of opioids from oral fluid. Analytical and Bioanalytical Chemistry, 2023. Doi.org/10.1007/s00216-023-04807-3

Powered by Labrador CMS