Annonse
Viserektor ved HSN Pål Augestad og seniorrådgjevar ved Forskningsrådet Marte Øvenild. (Foto: HSN)

Høgskulen i Søraust-Noreg gjer sine forskingsdata tilgjengeleg for alle

Målet med forsking ved Høgskulen i Søraust-Noreg er produksjon, spreiing og bevaring av kunnskap. HSN vil gjere alle sine forskingsresultat og forskingsdata  tilgjengeleg for enkeltmenneske, offentleg sektor, næringslivet og det globale forskarsamfunnet.

– Me vil jobbe for kunnskapsdeling og openheit. Dette inneber at forskingsresultat og forskingsdata frå HSN raskt skal gjerast tilgjengeleg for alle nasjonale og internasjonale aktørar, seier viserektor Pål Augestad.

– Open tilgang til forskingsdata gjer at fleire forskarar kan nyttiggjere seg av data samla inn av forskarar ved HSN og knytte dei til data samla inn andre stader. Det er rett at dette er eit komplisert område med mange tekniske utfordringar når det gjeld tilgang, seier Augestad.

Her har HSN sett seg som mål å vere ein føregangsinstitusjon, og HSN har nå fått på plass eit ope arkiv som skal gjere det enkelt å få tilgang til våre forskingsdata.

– Nå har me fått på plass eit system som gjer at alle gratis kan bruke HSNs forskingsdata til ulike føremål utan å måtte betale eller innhente tillating, dersom ikkje spesielle forhold tilseier noko anna. Det er absolutt ein god grunn til å feire, seier Augestad.

Powered by Labrador CMS