Annonse

Ein notis frå Universitetet i Agder - les mer.

Eit laboratorium ved Universitetet i Agder har utstyr som er retta mot offshoreindustrien. No blir 3D-printarar brukt til å lage smittevernmasker.

Dugnad i 3D-printing for Sørlandet sykehus

Publisert

3D-printeren i mekatronikklabben ved Universitetet i Agder printar store mengder smittevernmasker til bruk av helsepersonell på Sørlandet sykehus.

– Det er stort behov for fleire smittevernmasker. Vi har teknologien og oppskrifta, men vi har ikkje kapasitet til å dekke heile behovet i marknaden. Vi etterlyser derfor fleire i mekatronikk-miljøet som kan bidra med sine 3D-printarar, seier Bernt Inge Øhrn, dagleg leiar av MIL.

I førre veke tok Sørlandet sykehus kontakt på grunn av behovet for smittevernmasker som kan hindre dråpesmitte av covid-19. Etter nokre prøvar på ulike utformingar blei ønska design og funksjon bekrefta av sykehuset denne veka. Desse er no i produksjon i labben der studentane vanlegvis held til.

Les meir om dugnaden på nettsidene til Universitetet i Agder

Powered by Labrador CMS