Integrering på norsk

-Spørsmål som vedrører asylsøkjarar handlar ikkje om integreringspolitikk. Asylsøkjarar blir ikkje sett som ein del av det norske samfunnet, og er derfor ikkje omfatta av den norske integreringspolitikken.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette seier Randi Gressgård som disputerer med avhandlinga «Dilemmaet mellom likeverdighet og særegenhet som ramme for flerkulturell dialog», 7. mars ved Universitetet i Bergen.

Etter at ein bussjåfør vart drepen på Valdresekspressen, kom debatten om integreringspolitikk til ein viss grad opp i media. Dette er i følgje Gressgård ein feilslått debatt.

"Sosiolog Randi Gressgård ved Universitetet i Bergen."

- Når vi diskuterer asylsøkjarar må vi diskutere innvandringspolitikk, ikkje integreringspolitikk. Det finst ulike integrerande tilbod for nokre av dei som ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, men det ligg ingen integreringspolitisk tanke bak handsaminga av asylsøkjarar. Integrering blir først eit spørsmål når opphaldsløyvet er innvilga, seier Gressgård.

Fråvær av kulturell vedkjenning

Randi Gressgård har vore stipendiat ved Sosiologisk Institutt og IMER Noreg-Bergen. Ho har no postdoktorstipend frå IMER-programmet i Norges Forskningsråd. I avhandlinga si drøftar Gressgård vilkåra for dialog mellom majoritet og minoritet i det fleirkulturelle Noreg.

- Det ligg ein grunnleggjande assimileringsideologi i botnen av den norske integreringspolitikken. Det er heile tida eit spørsmål om å få dei andre med på vår side, korleis vi skal få dei til å tilpasse seg oss. Når målet med integreringa er definert på førehand, blir det berre ein tilsynelatande dialog, seier Gressgård.

Eit av hovudargumenta i avhandlinga er at tilhøvet mellom Oss og Dei Andre blir skapt og oppretthalde innan ei spesifikk forståingsramme. Her blir alle individ sett som likeverdige og derfor må dei handsamast likt. Kulturelle grupper blir på den andre sida sett som særeigne og krev derfor forskjellig handsaming i form av å vedkjenne kulturelle særeigenheiter. Tilhøvet mellom dei to - likeverd og særeigenheit - blir handsama som eit multikulturelt dilemma i Gressgård si avhandling.

- Ifølgje Stortingsmelding nr. 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge, er måla formulert slik at Dei Andre i praksis må tilpasse seg det norske samfunnet. Dette gjeld norsk lov, men også norsk praksis. Det finst med andre ord ingen politikk for kulturell vedkjenning i Noreg, seier Gressgård.

Ingen særrettar

Gressgård held fram Canada som eit døme på eit land med sterk grad av kulturell vedkjenning. Der har minoritetsgrupper juridisk forankra rettar.

- Norske innvandrarar har ingen særrettar, mellom anna fordi dei ikkje er definerte som minoritetar. I Noreg er det berre samane som har rettar som minoritet, seier Gressgård.

Ei problemstilling ho reiser i avhandlinga er om det er mogleg, i dialogsamanheng, å operere med forskjellar utan opposisjon.

- Det er veldig vanskeleg. Det går i teorien, men er vanskeleg å overføre til praksis.

Det beste ein kan håpe på, er kanskje ein strategisk essensialisme. Då er ein klar over at kategorisering av folk i grupper fører til undertrykking av interne forskjellar. Samtidig innser ein at organisering i grupper er naudsynt for å få makt. Dette er strategisk for å endre ein situasjon, til dømes i kampen mot undertrykking og diskriminering.

Snik-assimiliering

Den store diskusjonen om æresdrap er i følgje Gressgård eit døme på norsk integreringspolitikk.

- Politikarane overgjekk kvarandre i å presentere lite gjennomtenkte løysingar. Ved å skyve ansvaret over på imamane, forsterka dei problemet dei ville løyse ved å legitimere imamane som autoritetspersonar. Imamane blei vedkjent ein innverknad som dei kanskje ikkje hadde så mykje av frå utgangspunktet, seier Gressgård.

Det som meir generelt skjer, er at styresmaktene tilsynelatande vedkjenner minoritetsgruppene sin særeigne kultur. Men det er ut frå ein tanke om at ein må spele på lag med innvandrarane dersom ein skal få dei til å endre seg. Det kan sjå ut som at ein brukar vedkjenning som ein strategi for å få minoritetane til å tilpasse seg majoriteten.

- Dette er inga reell integrering. Det er snarare snakk om ein form for snik-assimilering. Majoriteten må også tilpasse seg. Det må stillast krav om å sette seg inn i andre sin situasjon før ein fordømer. Ein må etterlyse meir sjølvrefleksivitet, ikkje minst i det politiske liv. Når det til dømes skjer familiedrap i Noreg, når ein mann skyt familien sin, er det ikkje berre individual-psykologiske grunnar til dette. Majoriteten er minst like prega av kultur som minoritetane. Dette må vi ta innover oss, så blir vi kanskje litt meir audmjuke overfor andre òg.

Powered by Labrador CMS