Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Stavanger - les mer.

Elever på videregående skole. Tenåringer. Lærer og elev i klasserom. Undervisning i faget religion og etikk.
Læraren skal vere den vaksne, trygge i klasserommet.

Det er viktig å vere ein tydeleg vaksen i klasserommet

Læraren skal vere ein autoritet, men det er ikkje alltid enkelt i praksis.

– For meg er det viktig å både vera ein tydeleg vaksen i klasserommet med krav og forventningar. Men eg vil òg vera ein nærverande, trygg person elevane kan koma til, seier lærar Inger Heng Lauvsnes.

For å bli godt kjend med elevane i starten brukte ho tid på å vera saman med dei i friminutta, delta i litt leik og litt latter. 

– Det gav meg samtidig mykje kunnskap om korleis eg kunne handtera situasjonar inne i klasserommet. 

Lauvsnes jobbar på Buggeland skule i Sandnes. Ho var nyutdanna grunnskulelærar i 2022. Som nyutdanna ser ho at ho har hatt eit godt utbytte av å etablera desse gode relasjonane med elevane tidleg, både i og utanfor klasserommet.

Men kva kjenneteiknar eigentleg god klasseleiing?

Klasseleiing er noko Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger (UiS) har god innsikt i. Forskar ved senteret, Pål Roland, meiner at når me snakkar om klasseleiing, er det ofte gjennom to perspektiv:

– Det eine som faglege prestasjonar. Det vil seie kor godt fagleg utbytte elevane får av undervisinga. Det andre perspektivet er den sosiale emosjonelle læringa. Det går på korleis elevane utviklar seg sosialt. Klarer du å auka den sosiale kompetansen, er det mykje som tydar på at du også påverkar den faglege læringa i positiv retning, seier Pål Roland. 

Og måten Inger Heng Lauvsnes skildrar dei gode relasjonane og den todelte måten å både vera tydeleg og ha klare forventningar, samtidig som ein er ein trygg vaksen, er kjend som den autoritative vaksenrolla. 

Roland meiner den kan vera utfordrande for mange i praksis:

– Den autoritative vaksenrollen kan vera relativt enkel å læra seg teoretisk. Men i det daglege kan ho vere vanskeleg å omsetja. I ei slik rolle skal ein handtere to ting samtidig. Det er ein kvalitet i relasjonen mellom lærar og elev. Det andre handlar nettopp om krav, forventningar og å leia gode overgangar. 

Kjenn elevane sine grenser

Og lærar Lauvsnes kjenner igjen skildringa frå forskaren. Å etablera dei gode relasjonane har gjort det enklare for ho å forstå elevane og korleis ho kan reagera når noko ikkje er greitt for klassemiljøet.

– Dersom eg opplever negativitet eller noko som øydelegg enten for undervisinga eller for klassemiljøet, veit eg kor streng eg kan vera med elevane. Gjennom å ha etablert gode relasjonar veit eg kva dei kan ta imot av tilbakemeldingar. Det er gull verdt. Kva som helst kan oppstå i løpet av ein dag. Då må eg nettopp vera tydeleg, meiner Inger Heng Lauvsnes.

Pål Roland viser til at nettopp tydeleg leiing samsvarer med god klasseleiing. Det kan ha stor positiv påverknad inn i klasserommet, både fagleg og sosialt. Roland viser også til forsking på dette området:

– Forsking viser at lærarar som får til gode investeringar og relasjonar ikkje berre er positiv for fagleg og sosial læring, men at det også betyr mykje for læraren sjølv. Dei lærarane melder at dei trivst godt sjølv, gleder seg til å gå på jobb og har høg tru på eigen meistring i klasserommet.

Inger Lauvsnes har også ei tydeleg oppmoding til andre nyutdanna som jobbar i grunnskulen.

– På skulen eg jobbar på, er me også to lærarar i klassen. Å nytta kvarandre til sparring og tilbakemeldingar har også fått meg til å bli tryggare i lærarrolla. Ta til deg råd frå andre og sjå deretter om andre tilnærmingar kan hjelpa til ennå betre klasseleiing. 

Sjå heile den faglege samtalen mellom Pål Roland og Inger Heng Lauvsnes i denne episoden av Læring for livet:

Powered by Labrador CMS