
Nytt fra akademia: Radikale islamistar hacka rankingbyrå
Rankinga av dei beste universiteta i verda blei endra og utstyrt med hatbodskap frå ekstreme islamistar.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Det spanske rankingbyrået Webometrics blei utsett for eit åtak frå hackerar og måtte difor utsetja publiseringa av kven som er dei beste universiteta i verda på nett. – Hackerane hadde lagt ut hatbodskap frå ekstreme islamistar, fortel dagleg leiar Isidro G. Aguillo.
Knytt til det spanske forskingsrådet
Hackeråtaket er likevel ikkje meld til politiet, trass i at hackerane har klart å gå inn i systemet og endra rekkjefylgja på minst eitt universitet, opplyser Aguillo til Uniforum.
Rankingbyrået Webometrics er tett knytt til Det spanske forskingsrådet, og publiserer to gonger i året ei rangering over kva for universitet i verda som er mest synlege på nett og som har flest forskingsartiklar tilgjengelege på nettet. Den siste publiseringa blei utsett i fleire dagar på grunn av åtaket.
Jihadist-bodskap
I eit intervju med Uniforum forklarar Isidro G. Aguillo det som har skjedd.
– Me oppdaga at det hadde vore eit hackingåtak då det brått dukka opp ein logo på hovudsida med ein typisk jihadist-bodskap, altså bodskap frå ekstreme islamistar.
– Kva var innhaldet i bodskapen?
– Det uttrykte støtte til radikal islam.
– Melde de frå til politiet?
– Nei!
– Kvifor ikkje?
– Det var ei avgjerd som blei tatt av IT-avdelinga.
– Endra rekkjefylgja
Isidro G. Aguillo og medarbeidarane hans oppdaga at hackerane hadde gått inn og gjort endringar i rankinga.
– Dei hadde gått inn og endra rekkjefylgja på minst eitt universitet, slik at det universitetet brått blei det beste i det landet det ligg i. Men det var berre eitt slikt tilfelle, understrekar han. Aguillo ynskjer ikkje å fortelja kva land det gjeld.
Webometrics klarte likevel å retta opp feilen. Byrået hadde ein ekstra kopi av alle data, og måtte i tillegg stengja eit hol i sikringsnettet.
Bodskapen og logoen var ikkje heilt ukjend for dei:
– Me har sett dei på andre nettsider som ikkje har noko å gjera med oss.
Problem med å lasta ned
Hackerane har likevel ikkje klart å hindra publiseringa av rangeringa over dei universiteta i verda som er mest synlege på nett.
– Det oversynet kan alle interesserte finna på nettsidene våre. Problemet er at det er stor trafikk og at det kan ta litt tid å lasta ned nettsidene, fortel Isidro G. Aguillo.
Uniforum kjem til å publisera innhaldet i rankinglistene straks dei er klare.