Annonse

Ein notis frå NMBU - Norges miljø- og biovitenskapelige universitet - les mer.

Professor Knut Rudi blir redaktør for det vitskapelege tidsskriftet AEM som har artiklar om forsking innan bioteknologi, molekylær økologi, matmikrobiologi og industriell mikrobiologi.

NMBU-professor blir redaktør i internasjonalt tidsskrift om mikrobiologi

Publisert

Knut Rudi blir redaktør i det anerkjente tidsskriftet Applied and Environmental Microbiology (AEM) frå 1. juli 2020. Rudi er professor i bioteknologi ved fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitenskap ved NMBU.

AEM blir utgitt av American Society of Microbiology og er blant dei prestisjetunge tidsskrifta innanfor mikrobiologi. Rudi har vore medlem av redaksjonsrådet og tar nå steget opp i gruppa av redaktørar. I dag er det ingen skandinavar blant redaktørane. Tema som Rudi særleg har vurdert for AEM er tarmmikrobiologi, molekylær økologi, bioinformatikk og miljømikrobiologi.

– Det er ei stor ære å bli editor i AEM. Ein del arbeid blir det, men dette vil vera særs verdfullt for mi eiga forsking, nettverksbygging og for fakultetet i det heile, seier han.

Les meir om den nye redaktøren på nettsidene til NMBU

Powered by Labrador CMS