Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Det kan vere vanskeleg å skilje ei plante frå ei anna før blomane kjem.

Slik skil du mellom markblomar og ugras tidleg på våren

Snart tittar dei første markblomane fram rundt om i landet. Men kva slag er dei? Ei ny temaside kan hjelpe deg å forstå kva som spirer.

I starten kan dei små, grøne spirane sjå svært like ut. Dei fleste markblomane er fleirårige plantar som ikkje blømer før sitt andre år. 

Det første året ser du berre grøne blad og kanskje ein stengel utan blome.

NIBIO-forskarane Ellen Johanne Svalheim og Kristin Daugstad vil hjelpe deg med å skilje dei ulike artane frå kvarandre før dei blømer.

Frøplanta er ei lita plante med frøblad og dei aller første varige blada. Frøblada er dei første blada som blir danna i spiringsfasen. Desse visnar ofte etter at fleire varige blad har vakse ut. Mellomstadiet beskriv stadiet når det er utvikla fleire varige blad, ofte i ein rosett. I stadiet «større plante» kan plantane også ha utvikla stenglar.

Oppslagsverk om ukjente fasar

– Vi er opplærte til at når vi skal lære ei plante å kjenne, så er det blomen på toppen som er viktig. Det grøne nedanfor ser vi ofte ikkje så nøye på. Vi vil folk skal bli kjente med korleis plantene ser ut undervegs. Elles aner ein jo ikkje kva som kjem opp før etter bløming, seier Svalheim.

Forskar Ellen Johanne Svalheim vil bidra til at alle blir litt meir kjent med dei viktige markblomane som veks naturlig rundt oss.

– Målet vårt er eigentleg å auke suksessfaktoren for dei som skal etablere ei blomstereng. Vi merker at folk er opptatt av dette. Kvart år får vi hundrevis av førespurnader frå folk som ønsker meir informasjon. Alt frå store entreprenørar til hageeigarar og skoleklassar tek kontakt, fortel forskaren.

Det starter med eit frø

Skal du etablere ei blomstereng kan det være nyttig å begynne med eit frø. 

I 2021 publiserte forskarane Frøboka – ei bok som gjer lesarane kjent med korleis frøa til dei ulike plantane ser ut. Her lærer ein også korleis dei visne plantane ser ut når ein skal sanke frø.

– Utvalet av markblomar er gjort med omhug fordi dei er vanlege over store deler av landet vårt. På sikt er tanken å få med skildringane av spirane til markblomane i same bok, slik at det blir eit oppslagsverk om alle dei meir ukjente vekstfasane, fortel Daugstad.

Avdelingsingeniør Ove Hetland tar standardiserte bilete av dei spirande plantane.

Noko smått under makrolinsa

Blomster er bra for biene

Dei pollinerande insekta våre slit og mange er trua av utrydding. Dette kan gjerast for å hjelpe biene og blomane litt på veg: Dersom alle sår nokre få frø av lokale frøblandingar – anten dei er kjøpte eller sanka sjølv – vil vi kunne bidra til betre levekår for insekta rundt oss.

Forskarane har tatt bilete og skildra markblomane i tre stadium: frøplante, mellomstadium og større plante. 

Desse skildringane av 40 markblomar er publisert på ei ny temaside på nettstaden nibio.no. Sida er kalla Spirer og småplanter av markblomster.

– Vår gode fotograf Ove Hetland har tatt bilete av markblomane etter kvart som dei veks og utviklar seg frå ei lita frøplante til dei får varige blad, rosettar og etter kvart stenglar, fortel Svalheim.

– Markblomane spirer til ulik tid. Så det var ein veldig stor jobb å heile tida følgje med på alle artane etter kvart som dei utvikla seg. Så snart for eksempel raudknapp hadde fått sitt første varige blad, kom ein forskingsingeniør springande med potta til fotografering, fortel Svalheim.

Plantane i dei ulike stadia blei satt i ein liten kvit fotoboks under eit fastmontert fotoapparat med makrolinse. Slik kunne fotografen ta mest mogleg standardiserte bilet.

Blåklokke, prestekrage og ryllik kan være nesten umogleg å sjå forskjell på når dei først stikk seg opp av bakken. Men etter kort tid vil dei bli ganske ulike og lettare å skilje ifrå kvarandre, også for eit meir utrent øye. Og jo meir du ser etter, jo større forskjell vil du legge merke til.

Den vesle skilnaden som gjer ein forskjell

– På sikt er tanken å få med skildringane av spirane til markblomane i same bok, slik at det blir eit oppslagsverk, seier Kristin Daugsta. Her er ho ute ein solskinsdag i Ål.

Den første vårblomen du ser, er gjerne hestehoven. Han stikk seg opp mellom snøslaps, grus og vissent gras. Denne kjenner de fleste av oss att. Men mange av dei andre plantane er ikkje like enkle når dei første spirane kjem. Heller ikkje for ein erfaren forskar.

– På frøbladstadiet vil eg slite sjølv med å sjå forskjell på alle spirane. I prosjektet veit vi jo heldigvis kva frø vi har sådd i dei ulike pottene. Men ute i enga vil det være svært vanskeleg å vite med sikkerheit før plantene får varige blad og kjem i mellomstadiet, seier Daugstad.

– Du må hugse at desse bileta vi har tatt, er veldig forstørra. Vi har sett på ein målestokk på fem millimeter på kvart bilete.

Men allereie på mellomstadiet blir forskjellen meir tydeleg, også for dei som er uerfarne. Forskarane håper bileta og skildringa på den nye nettsida ska hjelpe alle dei med blomsterengprosjekt til å lykkast.

– Mange er usikre på kva det er som spirer. Er det ugraset som kjem opp eller er det faktisk det ein har sådd? Jo før ein veit svaret på det, jo raskare kan ein begynne å luke unna uønska spreiing av andre planter i enga, seier Svalheim.

– Det er eigentleg veldig fascinerande å lære seg å sjå forskjell på planter på heilt andre stadium enn du er vant til å sjå dei, seier forskaren.

Temaside: Spirer og småplanter av markblomster

Markblomstene på temasiden hos NIBIO beskrives i følgende tre stadier: Frøplante, mellomstadium og større plante.

Powered by Labrador CMS