Annonse

Ni millionar til forsking på motivasjon i arbeidslivet

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

UiS-professorane Ola Kvaløy og Mari Rege har fått ni millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å forske på kva som motiverer arbeidstakarar til innsats i jobben, meldar Universitetet i Stavanger.

I prosjektet «Feedback and Incentives: Maintaining Motivated Employees» skal forskarane sjå nærare på insentiv og motivasjon på arbeidsplassen og kva slags faktorar som spelar inn på arbeidstakarane sin trivsel og vilje til auka innsats.

– I kva slags grad blir vi motiverte av prestasjonsbasert lønn? Og er det andre faktorar enn pengar som verkar motiverande? I prosjektet skal vi undersøke kva slags faktorar som er med å auke innsatsen og betre trivselen, og som gir lågare sjukefråvær, fortel Ola Kvaløy, som saman med Mari Rege skal leie prosjektet.

– Vi vil også sjå nærare på korleis ny teknologi, som no gjer det lettare å gi arbeidstakarar tilbakemeldingar, verkar inn på åtferda til bedrifter og tilsette, seier Kvaløy.

Powered by Labrador CMS