Elektromembranekstraksjon eller EME er ein
metode for å opparbeida biologiske prøvar før analysar. Å opparbeida prøven vil
seia å henta ut dei interessante stoffa frå alt det ulekre ein biologisk prøve
kjem i. Det vere seg blod, urin, spytt eller anna.
No
har forskarane retta blikket mot andre stoff: peptid.
Peptid er i likskap med
protein sett saman av aminosyrer. Forskjellen er at peptida inneheld færre
aminosyrer og har dermed mindre molekyl.
– Peptid er interessante av fleire
årsaker. Den viktigaste er at dei fungerer som biomarkørar for ein del
sjukdommar. Det vil seie biologiske varsellampar som kan avdekkja sjukdommar på eit
tidleg stadium, seier forskar Samira Dowlatshah ved Farmasøytisk institutt.
Elektromembranekstraksjon (EME)
Metode for å opparbeida biologiske prøvar.
Utvikla ved Farmasøytisk institutt i Oslo.
Går ut på å ekstrahera stoff gjennom flytande membran ved hjelp av elektrisitet.
Tripentylfosfat som membran gir mest stabilitet og selektivitet.
Jaktar praktisk løysing
– Dei er òg interessante i rettsmedisinsk
samanheng, og i proteomikken. Der prøver ein å forstå korleis alle proteina i
ein organisme fungerer, saman og i samspel med andre molekyl i kroppen.
EME går ut på å ekstrahera eit stoff, til dømes altså eit peptid, gjennom ein flytande membran
ved hjelp av elektrisitet. Ved instituttet ekstraherte forskarar ein peptid med EME alt i
2015.
No er det jakta på ei løysing som er god nok til praktisk bruk, som er i gang.
– Problemet med den metoden er at han krev
ein ionisk berar. Men den ioniske beraren påverkar leiingsevna i systemet. Slik vert det utfordrande å halda det stabilt.
Etter mange testar i laboratoriet har
Dowlatshah kom fram til at eit stoff som heiter tripentylfosfat, eignar seg godt
som den flytande membranen i EME.
Fyrste i verda
– Med fosfat treng vi ikkje tilsetja den
ioniske beraren i membranen. Vi seier at membranen er rein, forklarar
Dowlatshah.
– Blant fleire lovande fosfat-kandidatar
valde vi tripentylfosfat fordi det viser mest stabilitet i operasjonen.
Ikkje berre vart prøveopparbeidinga meir
stabil, men med tripentylfosfat som membran, vart òg prosessen meir selektiv.
– Det vil seia at vi ved å endra til dømes pH,
spenning i systemet og ekstraksjonstid vert betre i stand til å velja kva for
nokre og kor mange peptid vi vil ekstrahera, fortel Dowlatshah.
– Dette er igjen noko vi er dei fyrste i
verda som gjer. Men vi er framleis berre undervegs. Det står att mykje arbeid
før EME av peptid er klar til praktisk bruk.