Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

– Vi kjenner ikkje alltid konsekvensane av teknologien vi bruker, seier professor Morten Goodwin.

– Å stoppe forsking på kunstig intelligens vil vere som å stikke hovudet i sanden

Morten Goodwin forstår kvifor folk er skeptiske til kunstig intelligens. Men han meiner vi ikkje kan setje utviklinga på vent.

– Vi kjem til å gjere feil, sjølv om vi har dei beste intensjonane. Men det betyr ikkje at vi skal la vere å følgje med på utviklinga.

Det seier professor Morten Goodwin ved Universitetet i Agder. 

For å illustrere poenget trekkjer han ein parallell til røntgenapparatets tidlege dagar. Då røntgen først dukka opp i byrjinga av 1900-talet, vart det brukt i skobutikkar for å sjekke om sko passa.

– Det verka praktisk, men røntgen har bieffektar som ein ikkje visste om den gong. Det same kan skje med kunstig intelligens. Vi kjenner ikkje alltid konsekvensane av teknologien vi bruker, seier Goodwin. 

Podcast: Balansen melloom forsiktigheit og framgang

I denne episoden av podcasten Game over kan du høyre Morten Goodwin saman med kollega Maren Thormodsæter Lyngroth samtale om balansen mellom forsiktighet og framgang ved kunstig intelligens (KI).

Høyr heile episoden her.

– Bør vere med å styre utviklinga

Goodwin tar opp eit forslag frå SV om å forby bruk av nye kommersielle verktøy for kunstig intelligens (KI) i offentleg sektor (digi.no).

– Vi må ikkje berre vere tilskodarar, men aktive deltakarar i KI-racet. Vi må vere med å styre utviklinga i staden for å vente og gi teknologiselskapa forspranget. Dette gjeld både i offentleg og privat sektor, seier Goodwin.

Han peikar på at det også er eit tryggingsspørsmål. Om offentleg sektor er med å styre korleis KI blir brukt, vil det gjere oss mindre avhengige av amerikanske teknologifirma som OpenAI og Microsoft, meiner professoren.

Som å stikke hovudet i sanden

KI kan bli misbrukt på mange måtar. Det inkluderer forsterking av fordommar mot kjønn eller etnisitet, autonome våpen og deepfakes som kan etterlikne utsjånaden og stemma til folk. 

– Eg forstår argumenta frå dei som er skeptiske. Men å stoppe bruk eller forsking på KI vil vere som å stikke hovudet i sanden, seier Goodwin.

Høyr meir frå Morten Goodwin og kollega Maren Thormodsæter Lyngroth om KI i podcast-episoden her:

 

Powered by Labrador CMS