Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Dette kan hjelpe kreftpasientar under behandling mot utmatting

Kva skjer når ein gjennomfører tung styrketrening under cellegiftbehandling? Ny forsking viser gode nyheiter.

Tor Helge Wiestad er helse- og treningsfysiolog ved Pusterommet på Haukeland universitetssjukehus. Han har forska på kva som skjer med kreftpasientar når dei trenar både styrke- og kondisjon under cellegiftbehandling.
Publisert

Ny forsking viser at styrketrening under behandling med cellegift faktisk kan beskytte dei prosessane som produserer energi i muskelen. 

Dette gjer at ein føler seg mindre utmatta i kvardagen.

Kanskje kan det også hjelpe kreftpasientar til å stå i behandlinga.

Det er eitt av dei interessante funna forskarar ved Norges idrettshøgskole (NIH), Haukeland universitetssjukehus og Uppsala universitet har gjort i ein ny studie på pasientar med brystkreft.

Ville finne ut om trening motverkar seinskadar

Cellegift er livsviktig i kampen mot kreft, men behandlinga er også beintøff for kroppen.

Behandlinga fører til redusert muskelstyrke og kondisjon, har negative effektar på muskelcellene og mange opplever lammande utmatting.

Forskarar har sett på korleis pasientar responderer på både tung styrketrening og kondisjonstrening under cellegiftbehandling. Resultata er oppløftande, men viser også kor utfordrande det kan vere å trene under tøff behandling.

I denne studien var målet å finne ut om strukturert trening kunne motverke noko av dette.

– Det viktigaste funnet vårt er at styrketrening under cellegiftbehandling kan motverke fatigue og redusert livskvalitet, fortel forskar Olav Vikmoen ved Institutt for fysisk prestasjonsevne ved NIH.

Dette var forskinga

Forskinga var gjort som to delstudiar i Bergen og i Uppsala.

I Uppsala blei effekten av tung styrketrening samanlikna mot ei kontrollgruppe som fekk vanleg behandling utan spesifikt treningsopplegg.

Treningsgruppa bestod av 21 personar, medan kontrollgruppa hadde 13 personar.

Deltakarane fylgde eit klassisk styrkeprogram for heile kroppen med seks øvingar.

Styrketrening motverka negative effektar i musklane

Han forklarar det slik: Dei som trente styrke, klarte betre å halde på kondisjonen. 

Kontrollgruppa som ikkje trente styrke, hadde ein reduksjon i både mengda aerobe enzym og kapillærer i muskulaturen. Dei er viktige for muskelen sin blodforsyning og energiproduksjon.

Aerobe enzym hjelper kroppen å bruke oksygen til energi. Kapillærar sørgjer for at oksygenet kjem fram til musklane.

Dette var uendra i styrkegruppa.

Det vil seie at styrketreninga kunne motverke desse negative effektane av cellegift i musklane. 

– Å berre gi kreftpasientar beskjed om at dei skal heim og trene, er ikkje tilstrekkeleg, seier Olav Vikmoen. Han er forskar ved Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH.

– I tillegg såg vi at styrketreninga også motverka fatigue. I gruppa som ikkje trente, såg vi utmattinga auka. Dette var knytt til reduserte mengda aerobe enzym, forklarer Vikmoen.

Forhindrar at kroppen stivnar til

Tor Helge Wiestad har hjelpt kreftpasientar med trening i over 15 år på Pusterommet på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. 

Han har mange eksempel på pasientar som har hatt stor effekt av trening.

– Ein tidlegare pasient fortalte at ho kom inn til treningssenteret med store smerter og ubehag i beina. Ho gjekk inn på krykker, sette seg på ein sykkel og sykla. Etterpå kunne ho gå ut av treningssenteret med krykkene under armen, fortel Wiestad.

Han er helse- og treningsfysiolog og er også forskar i same forskingsprosjekt.

– Det å få brukt muskulaturen forhindrar at ein stivnar til og forvitrar i musklane. Sjølv om det kan vere tungt å gjennomføre, og du kan føle at du er svakare og ikkje har kraft, så ser ein likevel at det gir god treningseffekt, seier Wiestad.

Tung styrketrening gir best effekt

Studien viste også at tung styrketrening under behandling var mogeleg å gjennomføre. Det gav betre effekt på muskelstyrke enn trening med låg til moderat intensitet.

Resultata stadfesta det ein også har sett på friske deltakarar: Tung styrketrening gir best effekt på muskelstyrke.

Likevel er muskelvekst utfordrande under cellegift. Cellegifta kan hemme delinga av satellittceller. Det er stamceller i musklane. Dette kan bremse muskelveksten etter trening.

Persontilpassa trening med oppfylging frå fagfolk er heilt essiensielt for at kreftpasientar skal kunne gjennomføre både styrke- og kondisjonstrening, meiner forskarane. Sara Hassing Johansen har fylgd mange tidlegare kreftpasientar på trening i sitt forskingsprosjekt om trening etter kreftbehandling.

Treninga bør leggast opp individuelt og følgjast opp av fagfolk

Ei utfordring for studien var at det var svært få av deltakarane i gruppa som skulle gjennomføre kondisjonstrening på eigehand, som klarte å gjennomføre (27 prosent).

Det viser også kor viktig det er med oppfylging.

– Eit viktig funn vi tar med oss, er at det å berre gi kreftpasientar beskjed om at dei skal heim og trene, ikkje er tilstrekkeleg. Dei må følgast opp slik at dei klarer både å trene jamnleg og med kvalitet, seier forskar Olav Vikmoen.

Derfor peikar forskarane på viktigheita av å få trening inn som ein del av kreftbehandlinga, der pasientane blir fylgd opp av fagfolk med kompetanse på trening for kreftpasientar.

– Det å motivere seg, presse seg til å trene og for eksempel løpe intervallar når kroppen verkar, eller du er utslått og føler deg dårleg. Det er ikkje lett. Du må kanskje ha nokon som pushar deg litt og som tryggar deg, seier helse- og treningsfysiolog Tor Helge Wiestad.

– Men er det faktisk gjennomførbart å trene såpass hardt når ein får cellegift som er så tøff for kroppen?

– Ja, for ein del pasientar er det det. Vi ser jo det både på Pusterommet og frå tidlegare studier, at ein får langt betre effekt om ein får rettleiing på trening. Dei har mellom anna vist kor stor forskjell det er å få gode råd om å gjere det rette, kontra det å faktisk ha nokon som fylgjer deg, seier Wiestad.

All aktivitet er betre enn ingenting

Forskarane presiserer at forskingsfeltet framleis er ungt, og at det er tidleg å fastslå årsaker og løysingar. 

Dei ser at det er mogleg å gjennomføre trening og at det gir effekt, men at dei fleste vil trenge rettleiing.

– Det ser ut til at du kan ha større nytte av å trene med høg intensitet dersom du klarer å gjennomføre det. Men det er langt betre å gå ein tur i moderat tempo enn å ikkje gjennomføre intervaller, seier helse- og treningsfysiologen.

Om du klarer å få opp pulsen er det kjempebra og om du klarer å kombinere det med styrketrening vil det gi god effekt. Men all aktivitet er betre enn ingenting, oppsummerer han.

Forskingsprosjektet er støtta av Kreftforeningen.

Referanser:

Olav Vikmoen mfl.: Effects of heavy-load strength training during (neo-)adjuvant chemotherapy on muscle strength, muscle fiber size, myonuclei, and satellite cells in women with breast cancerFederation of American Societies for Experimental Biology, 2024. DOI: 10.1096/fj.202400634R

Olav Vikmoen mfl.: Effects of Heavy-Load Strength Training During (Neo-)Adjuvant Chemotherapy on Cardiorespiratory Fitness, Aerobic Enzymes, Capillaries, Fatigue and Quality of Life in Women With Breast Cancer. Federation of American Societies for Experimental Biology, 2025. Doi.org/10.1096/fj.202502355R

Delstudie Bergen

  • Her samanlikna ein trening med høg intensitet mot trening med låg til moderat intensitet. Begge gruppene trente både styrke og kondisjon.
  • Det var totalt 65 deltakarar, fordelt på 29 i høgintensitetsgruppa og 36 i gruppa for låg/moderat intensitet
  • Begge hadde det same styrkeprogrammet som i Uppsala, med ulik belastning. Høgintensitetsgruppa trente med tunge vekter, nesten til utmatting. Medan den andre gruppe trente med lettare vekter og fleire repetisjonar. Styrketrening var fylgd opp og styrt av fagfolk.
  • Høgintensitetgruppa skulle gjennomføre intervalløkter med 2-minuttsdrag med intensitet på 80-90 prosent av makspuls. 
  • Låg/moderat-gruppa skulle gjennomføre samanhengande trening i minst 150 minutt per veke med intensitet på 40-50 prosent av makspuls. Kondisjonstreninga blei gjennomført på eigehand.

Målingar: I begge studiane undersøkte forskarane variablar som muskelstyrke, muskelmasse, fysisk utmatting (fatigue) og livskvalitet. 

Ein gjekk også djupt ned i muskelbiologiske faktorar som mengda kapillærar, mitokondriar, satelittceller og cellekjerner i muskulaturen. Som vil seie faktorar som er viktige for muskelen sin blodforsyning,energiproduksjon og potensial for muskelvekst.

Powered by Labrador CMS