Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Den som står over ein kamp, mister plassen sin og får han kanskje ikkje tilbake.

Macho ishockey­­spelarar går på smerte­stillande og sove­medisin

Utøvarane forklarar forbruket med prestasjonspress, machokultur og kombinasjonen av toppidrett og normalt liv.

Ingen som har sett ein hockeykamp, kan vera overraska over at spelarane i verdas hurtigaste lagidrett får vondt, sjølv med lag av beskyttelsesutstyr. Stadig smell to spelarar i vantet så det ljomar i hallen, og spelaren kastar seg utan å nøla i vegen for ein hard puck som kan nå opp i over 150 km/t.

– Å trassa smertene er ein del av kulturen. Det gjeld å visa at du er tøff nok til å tola det og at du er villig til å ofra deg for laget, seier Sofie Christensen, vitskapleg assistent i Antidoping Norge.

Men sjølv den tøffaste tøffheita treng litt hjelp innimellom. Mesteparten av tida, faktisk. I masteroppgåva si ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, gjennomførte Christensen fokusgruppesamtalar med til saman 25 spelarar frå den norske eliteserien om legemiddelbruken deira.

– Vi sette i verk dette masterprosjektet på grunnlag av dei oppsiktsvekkjande høge tala vi fann for hockeyspelarar i ei tidlegare undersøking, seier Astrid Gjelstad (til venstre) og Sofie Christensen.

Høg tillit til legane

– For dei var bruken av smertestillande ein innarbeida del av hockeyen. Kampprogrammet er så tett at dei sjeldan når å restituera seg heilt frå den eine kampen til den neste, seier Christensen.

– Då brukar dei smertestillande for å koma seg gjennom. Dersom du står over ein kamp, tek nokon andre plassen din, og så er det ikkje sikkert du får han tilbake.

Ho fortel om høg tillit til legane i støtteapparatet hjå spelarane, ikkje berre i eigen klubb.

Sovemiddel dukka opp som tema

– I hockey er det slik at det er det medisinske apparatet til heimelaget som tek seg av alle spelarane på både heimelaget og bortelaget. Ein av spelarane fortalde at han hadde fått ein kraftig og smertefull smell i aksla under ein bortekamp, fortel Christensen.

– Av legen til heimelaget fekk han ein injeksjon som gjorde at han kunne spela vidare. Men han blei ikkje fortalt kva han fekk, heller ikkje etter kampen. Det gjorde ingen forskjell for han.

Christensen peikar på at utøvarane har eit ansvar sjølve for at dei ikkje får i seg noko som står på dopinglista. Det fekk vel dei fleste her til lands fekk med seg då Therese Johaug vart utestengd i 18 månadar og mista OL i Pyeongchang.

I tre av dei fem fokusgruppene Christensen hadde samtalar med, dukka sovemiddel uoppmoda opp som tema.

Tyr til sovetablett

– Ved dopingkontrollar rapporterer utøvaren kva legemiddel han eller ho har brukt dei siste sju dagane. 20 prosent av hockeyspelarane opplyste at dei hadde brukt sovemiddel, ofte av det sterkaste slaget, fortel Christensen.

– Blant normalbefolkninga er tilsvarande tal for menn i same aldersgruppe rundt 5 prosent. Bruken er dermed fire gonger så høg blant utøvarane.

Dei forklarar bruken med at kampane går på kveldstid, og etter kampen er kroppen proppfull av adrenalin. Kanskje har dei òg supplert med kaffi eller energidrikkar.

– Dersom det er bortekamp, kjem du tilbake til hotellet seint på kvelden. For å få søvn før avreisa neste morgon, tyr mange til ein sovetablett, forklarar Christensen.

Normaliserer eigen bruk

– Vidare er den norske serien semiprofesjonell. Dermed er det ein del utøvarar som må tidleg opp dagen etter kamp for å gå på jobb. Eldre spelarar kan ha familie og små barn som krev at dei står opp om morgonen.

Sterke sovemedisinar kan som kjend vera vanedannande. Legar skal derfor vera varsame med å skriva ut for mykje av dei. Det er ikkje noko stort problem for utøvarane.

– Gjennom karrieren møter dei mange legar, og dei finn fort ut kven dei mest slepphendte er. I tillegg driv mange utstrekt legemiddelshopping, altså at dei får skrive ut same medisin av fleire ulike legar, fortel Christensen.

– Sjølv om mange kan fortelja om andre utøvarar som har enda opp med legemiddelmisbruk, ser dei ikkje på sin eigen legemiddelbruk som problematisk. Ein del har spelt i den nordamerikanske serien NHL, der tilstandane er mykje verre. Det brukar dei som ytterlegare eit argument for å normalisera eigen bruk.

Aukande interesse for idrettsfarmasi

Sjølv er ho ikkje like ubekymra.

– Toppspelarar kan ha ein karriere på kanskje 15–20 år. Så høg legemiddelbruk over så lang tid fører ikkje berre til risiko for avhengigheit av vanedannande medisinar, men òg biverknadar og langtidsskadar. Vi ser òg at yngre spelarar lærer av dei eldre og at kulturen dermed vert oppretthalden.

Rettleiar på masteroppgåva var Astrid Gjelstad, medisinsk fagrådgjevar i Antidoping Norge og fyrsteamanuensis ved Farmasøytisk institutt.

– Vi sette i verk dette masterprosjektet på grunnlag av dei oppsiktsvekkjande høge tala vi fann for hockeyspelarar i ei tidlegare undersøking vi gjorde om legemiddelbruken blant norske idrettsutøvarar, fortel ho.

– Vi har to andre masterstudentar som er i gang med eit liknande prosjekt blant fotballspelarar. Det er mykje vi ikkje veit om legemiddelbruk blant idrettsutøvarar. Samstundes ser vi ei aukande interesse for idrettsfarmasien, både blant studentane våre og i samfunnet generelt.

Referanse:

Sofie Christensen mfl.: Medicalization of Sport? A Mixed-Method Study on the Use of Medications in Elite Ice Hockey. Sports, 2024. Doi.org/10.3390/sports12010019

Powered by Labrador CMS