Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Norske idrettsutøvarar har ein rimeleg ansvarleg medisinbruk.

Kor mykje legemiddel brukar norske idrettsutøvarar?

Norske utøvarar er i verdstoppen i ei rekkje idrettar, men kva med legemiddelbruken deira?

Når ein idrettsutøvar avlegg dopingprøve, må vedkomande fylla ut eit såkalla dopingkontrollskjema. Det opplyser om bruk av alle typar legemiddel og kosttilskott dei siste sju dagane før prøven. Det gjeld både topputøvarar og breiddeutøvarar.

– Utøvaren gjev desse opplysningane slik at dei som analyserer prøven, veit kva stoff dei kan venta å finna spor av, seier forskar Astrid Gjelstad ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. Ho er også medisinsk fagrådgjevar i Antidoping Norge.

– Funna våre stemmer nokon lunde over eins med det ein har funne i andre land. seier Astrid Gjelstad.

– Men desse skjemaa vart jo tekne vare på. Etter kvart innsåg Antidoping Norge at vi sat på eit datamateriale som var godt eigna som forskingsmateriale.

Eit bilete av heilskapen

Som den fyrste farmasøyten i Antidoping Norge fekk Gjelstad oppgåva å bruka opplysningane til å skaffa eit samla bilete av legemiddelbruken til norske idrettsutøvarar.

– Vi måtte gå eit par rundar med Regionale komitear for medisinsk og helsefaglig forskingsetikk (Rek). Det er dei som skal godkjenna slike prosjekt, fortel Gjelstad.

– Dei var opptekne av å ta vare på anonymiteten, og det var vi òg. Hensikta vår var ikkje å avsløra eller hengja ut verken enkeltutøvarar eller særskilde idrettar. Det var å få eit bilete av heilskapen, ein status- eller situasjonsrapport.

Då studien var ferdig designa slik at Rek kunne godkjenna han, fekk to farmasistudentar sommarjobb med å registrera 10.418 dopingkontrollskjema leverte i perioden 2015–2019.

Ansvarleg legemiddelbruk

– Fordelen med å bruka farmasistudentar er at dei visste kva verkestoff dei ulike legemidla inneheld og kunne klassifisera dei riktig. Kunnskapen deira om legemiddel gjorde òg at dei alt under registreringa kunne identifisera ulke mønster som teikna seg, seier Gjelstad.

Ho fortel at nokre idrettar til dømes skilde seg ut med relativt høg bruk av sovemedisin, vel å merka utan verkestoff som står på dopinglista. 

Det var òg ganske mange tilfelle der astmamedisin vart kombinert med det som heiter NSAIDs. Det er ei gruppe smertestillande, som omfattar legemiddel som Ibux, Voltaren og Naproxen. 

Kombinasjonen av astmamedisin og NSAIDs kan vera uheldig.

Då Gjelstad sette seg ned for å analysera tala grundigare, fann ho – ingenting spesielt.

– Funna våre stemmer nokolunde over eins med det ein har funne i andre land. Det er ganske greitt, for det tyder på ein rimeleg ansvarleg medisinbruk. Vi såg òg ein svak auke i legemiddelbruk i perioden, men det ser vi òg i resten av befolkninga, seier ho.

Skjema, ikkje utøvarar

– Nokre utslag var det: Kvinner brukar fleire legemiddel enn menn, og topputøvarar brukar fleire legemiddel enn breiddeutøvarar. Men dette er ikkje noko som er særleg oppsiktsvekkjande.

Ho seier at det er eit par sider ved studien som gjer at dei må ta litt atterhald.

– Rundt 46 prosent av prøvane er tekne i samband med konkurranse. Tala viser at det vert brukt mindre legemiddel i samband med konkurransar, seier ho.

– Det er òg viktig at 10.418 skjema ikkje betyr 10.418 utøvarar. Kvar utøvar kan ha blitt testa fleire gonger og dermed levert fleire skjema. Vi trur vel ikkje det har gjort store utslag i resultata, men vi kan ikkje vita det sikkert.

Referanse:

Astrid Gjelstad mfl.: Use of pharmaceuticals amongst athletes tested by Anti-Doping Norway in a five-year period. Frontiers in Sports and Active Living, 2023. Doi.org/10.3389/fspor.2023.1260806

Powered by Labrador CMS