Ein notis frå Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Rektor Berit Rokne er glad for to tildelingar til forsking på språk.

Millionar til språkforsking i vest

An den grunn:nnHøgskulen på Vestlandet fekk i januar 24 millionar kroner frå Forskingsrådet som delast på likt mellom to prosjekt ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking. Det eine har namnet MetaLearn og det andre, MultiLit.

MultiLit-prosjektet skal undersøke om det å meistre og bruke ulike nærståande skriftspråk bidrar til læring, både språklæring og læring meir allment. Prosjektet tar utgangspunkt i den norske språksituasjonen. Mange elevar utviklar høg kompetanse i begge dei norske skriftspråka og skriv samstundes jamleg dialektnært i private samanhengar.

Forsking innan fleirspråklegheit tydar på at metaspråkleg medvit kan spele ei viktig rolle. Men forskarar veit forholdsvis lite om metaspråkleg medvit og spesielt om korleis den utviklar seg i instruert språklæring.

I MetaLearn skal forskarar utvikle eit kartleggjingsinstrument for dei tidlege stadia av formell utdanning. Det kan vise korleis metaspråkleg medvit utviklar seg i samanheng med kontekstuelle, individuelle og lingvistiske faktorar. Dei skal undersøke om og korleis det metaspråklege medvitet til elevane kan fremjast i klasserommet.

Les meir om prosjekta på nettsidene til Høgskulen på Vestlandet

Powered by Labrador CMS