Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Par holder hender i solnedgang.
– Mange var skeptiske til dei strenge fastereglane den katolske kyrkja ville påleggje dei da kristendommen kom til landet, seier professor Helje Kringlebotn Sødal.

Klar for 40 dagar utan kjøt og sex?

Da Noreg var eit katolsk land galdt det å ete seg god og mett på feitetysdag. All fest og moro skulle vere unnagjort før den lange fasta fram til påske tok til på oskeonsdagen.

I dag er det feitetysdag. Og oskeonsdag er 14. februar i 2024, og 5. mars i 2025. Opprinneleg var dagen starten på 40 dagar utan kjøt og sex. Og ingen kunne gifte seg i denne fastetida.  

Fastetida i Den norske kyrkja er ein periode på 40 dagar, som startar på oskeonsdag og varer fram til og med påskeaftan. Sundagane i perioden blir ikkje rekna som fastedagar.

Meir inngripande før

Den norske mellomalderen reknar vi frå omkring 1050 til reformasjonen i 1536. Det var katolsk tid her i landet. Og da var dagane vi no er inne i, meir inngripande i kvardagen til folk flest enn dei er i dag. 

Fastelavnssøndag, blåmåndag, feitetysdag og oskeonsdag varsla både fest og alvor. 

– I mellomalderen strødde dei gjerne oske i håret. Da skulle du helst ikkje vaske deg før påske.

Helje Kringlebotn Sødal, professor ved Universitetet i Agder

Blåmåndagen viser til kyrkje- og folketradisjonen. Dagen kunne vere ein blåmåndag for tenestefolk som hadde festa mykje dagane før, men for kyrkja var det annleis.

Blåmåndag dekte prestane alteret med eit blått klede. Det varsla at prestane gjekk inn i fastetida, to dagar før oskeonsdag.

Feitetysdag var den siste dagen med mat og skjemt før fastetida. Da galdt det å ete seg opp. Da hadde folk noko å tære på under fasta.

Oske i håret i 40 dagar

– Oskeonsdag var den første fastedagen. Faste kjem av ordet fast. Frå no av skulle alle halde fast ved kyrkjereglane for faste og førebuing til påske. Folk skulle legge om livet og stemme sinnet til høgtid. Anger og oppgjer høyrde med, altså bot, seier Helje Kringlebotn Sødal.

Sødal er professor i kristendomshistorie ved Universitetet i Agder (UiA).

Sekk og oske kjem frå Bibelen, og på oskeonsdag kledde ein seg gjerne i striesekk og oske. Det skulle minne folk om det jordiske opphavet sitt og det forgjengelege jordelivet som ein dag tek slutt.

Helje Kringlebotn Sødal,  professor i kristendomshistorie ved Universitetet i Agder (UiA)
– Reglane var ganske tøffe for folk flest, seier Helje Kringlebotn Sødal, professor i kristendomshistorie.

Sødal seier dei katolske tradisjonane på mange vis hadde eit kroppsleg preg som også var pedagogisk. Folk erfarte på kroppen det liturgi, salmar og forkynning handla om.

– I mellomalderen strødde dei gjerne oske i håret. Da skulle du helst ikkje vaske deg før påske. Du skulle gå og klø i håret for å hugse på Jesu liding og for å samle sinnet fram mot påske, seier Sødal.

Grip inn dagleglivet

Sødal seier dei strenge reglane for faste var noko av det som hindra bønder og vikingar i å vende seg til kristendommen.

– Reglane var ganske tøffe for folk flest. Kjøt, som det var mest næring og kaloriar i, var det ikkje lov å ete. Du kunne heller ikkje gifte deg i denne perioden. Og du måtte avstå frå sex, seier Sødal.

Reglar og restriksjonar under fastetida var ein av grunnane til at vikingar og bønder hadde vanskar med å ta i imot den nye trua i den første kristningstida omkring år 700–1000.

– Den nye trua greip veldig regulerande inn i livet til folk. Faste og måtehald var eit konkret og tydeleg uttrykk for tru. Du måtte leggje om livsstilen din. Men det hjelpte på at folk gjorde det saman, seier Sødal.

Gulatingslova formidla dei katolske reglane. Det var forbod mot å ete kjøt, forbod mot å gifte seg og forbod mot å ha sex. Og det vanka bøter om du braut lova.

Kyrkje- og folketradisjon

Fastelavn vart etter kvart eit fellesord for fastelavnssøndag, blåmåndag og feitetysdag. Dagane var gjerne tre livlege festdagar før oskeonsdag og faste.

I Sør-Europa var karneval vanleg. Karneval betyr farvel til kjøt, og det innebar farvel til kjøt både som mat og sex. Men først var det fest.

– Slik kunne folkelege og kyrkjelege tradisjonar koplast saman. Karneval, fest og fråtsing var ikkje eit kyrkjeleg påfunn, men folkelege tradisjonar som var ein kontrast til den tida med faste og avhald som ein skulle inn i. Kyrkja godtok stort sett dette, seier Sødal.

Strengt fram til reformasjonen

Oskeonsdag oppstod tidleg, og 40 dagar med faste var vanleg alt frå 300-talet av. Onsdagen markerer inngangen til langfasta og varer fram til påske. Kristendommen har arva tradisjonen for faste frå jødedommen.

– I mange religionar handlar det om at du skal avstå frå noko i bestemte periodar. Du skal vie tida og merksemda til Gud og det som ikkje er materielt og daglegdags, seier Sødal.

På 500-talet kom det til større semje om kva ein skulle faste frå: kjøtt, mjølk, ost og smør. Men opp gjennom historia har det vore fleire syn på kva ein ikkje skulle ete og kor lite ein burde ete.

Mens det var strenge reglar for faste i katolsk tid her i landet, vart reglane oppheva etter reformasjonen i 1536–37.

Faste og gi noko til andre

Reglane har generelt vorte mildare og mindre spesifikke. No er reglane for katolikkar i Noreg ikkje ein gong heilt tydelege på at ein skal forsake alt kjøt.

– Avkall i fasta handlar kristent sett ikkje om å vise seg fram som spesielt fastande, eller om å skulle slanke seg. Det handlar om å konsentrere seg om det aller viktigaste i livet, gudsforholdet, seier Sødal.

Ho minner om at forholdet til Gud også skal gi konsekvensar for forholdet til andre menneske. Derfor handlar fastetida like mykje om å gi vidare til nokon som treng det.

– Det kunne vere fysiske ting som mat og klede, eller åndelege ting som oppmuntring og omtanke, seier Sødal.

Referanse: 

Ørnulf Hodne: «Påske. Tradisjoner omkring en høytid». Novus forlag, 1988. (Forlaget om boka)

 

Powered by Labrador CMS