Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges geologiske undersøkelse - les mer.

Ved Vinstra, som ligg midt i Gudbrandsdalen, låg den siste isen, ifølgje studien.
Ved Vinstra, som ligg midt i Gudbrandsdalen, låg den siste isen, ifølgje studien.

Her vart siste istid avslutta i Gudbrandsdalen

For om lag 10.000 år sidan forsvann siste rest av innlandsisen frå dalbotnen ved Vinstra i Gudbrandsdalen. Det markerte samstundes slutten på istida i det meste av Sør-Noreg.

Slutten på istida i Sør-Noreg

  • Nedsmeltinga skjedde frå 11.600 år til 10.000 år sidan.
  • Klimaet vart brått mykje varmare og isen vart to til seks meter tynnare kvart år i tidleg holocen.
  • Store Dølasjø fylte opp Gudbrandsdalen nord for Vinstra, og vart truleg tappa brått og med enorm kraft.
  • Menneska dukka opp før den siste isen var borte.

Då hadde innlandsisen smelta kraftig gjennom vel 1.600 år og landskapet hadde vokse fram, frå små isfrie fjelltoppar og fjellryggar i isoverflata – såkalla nunatakar – til eit isfritt Noreg. 

Landet var gjort klart for vegetasjon, dyr og menneske.

Historia om den endelege slutten på istida i Sør-Noreg er publisert i ein ny vitskapleg artikkel i tidsskriftet Quaternary Science Reviews

Bak det kvartærgeologiske forskings- og kartleggingsarbeidet står hovudforfattar Anders Romundset saman med kollega Fredrik Høgaas, begge frå Noregs geologiske undersøking (NGU), samt kollegaer frå Noreg, Sveits, Danmark og Tyrkia.

Tidfesta hendingar

Gjennom å kartlegge og hente inn kunnskap har forskarane skaffa seg eit godt bilete av smeltinga mot slutten av siste istid. Dei har tidfesta hendingane ved hjelp av tre uavhengige metodar for datering. 

– Vi har vore mange rundar i felt og samla inn og analysert ei mengd prøver, mellom anna frå innsjøsediment, flyttblokkar og moreneryggar. Vi har òg granska strandliner frå bredemte sjøar, som oppstod under nedsmeltinga, seier forskar Anders Romundset.

Geologar har lenge trudd at innlandsisen i den siste fasen av nedsmelting gradvis vart urørleg og smelta rett ned i innlandsområda sør for vasskiljet i Sør-Noreg.

 Men kva tid, korleis og kor raskt dette skjedde, har i stor grad vore ukjent og dels omdiskutert.

No er hendingane tidfesta, og den dramatiske tida da Gudbrandsdalen og fjellområda rundt dukka fram frå isen, er rekonstruert.

Feltarbeid med prøvetaking av ein morenerygg i Gjelutbotn ved Lordalen i Lesja. Denne moreneryggen ligg over 1500 meter over havet, og er ein av dei høgastliggjande moreneryggane frå siste istid i Norge.
Feltarbeid med prøvetaking av ein morenerygg i Gjelutbotn ved Lordalen i Lesja. Denne moreneryggen ligg over 1.500 meter over havet og er ein av dei høgastliggjande moreneryggane frå siste istid i Norge.

Tidsramme på 1.600 år

Anders Romundset fortel at tidsramma for denne geologiske historia er frå om lag 11.600 år til 10.000 år sidan. 

Det er tida etter yngre dryas, den siste kalde perioden under istida, og inn i vår mellomistid holocen. 

Isen låg kald og tjukk over fjellområda i Sør-Noreg gjennom yngre dryas, medan breframstøyt langs iskanten ved kysten førte til at Raet og andre moreneryggar vart skubba opp.

Men ved inngangen til holocen vart klimaet brått mykje varmare, og effekten for den skandinaviske innlandsisen vart dramatisk. 

– Vi har rekna ut at isen i gjennomsnitt vart to til seks meter tynnare kvart år i tidleg holocen. Det viser kor raskt massetapet skjedde og kor mykje vatn den skandinaviske isen bidrog med til global havnivåstiging på denne tida. Endringane den skandinaviske innlandsisen gjekk gjennom ved inngangen til vår mellomistid, kan vera ein god analog for Grønlandsisen i eit stadig varmare klima dei neste hundreåra, seier Romundset.

Rask og dramatisk endring

Forskarane seier at endringane samla sett var raske og dramatiske. Mykje av naturgrunnlaget og særpreget til naturen i og rundt Gudbrandsdalen vart skapt.

 Den smeltande isen og alt vatnet både grov, transporterte og avsette massar.

Nokre av spora frå dette er tørrlagte elveleie høgt til fjells, heile fjellsider spyla reine for lausmassar og område med finkorna terrassar av bresjøavsettingar. 

Mange plassar i Nord-Gudbrandsdalen kan ein sjå trappetrinn med tydelege nivå av elveløp i liene. Desse terrassane eller nivåa vart danna av vatn som rann langs iskanten om sommaren, medan isen stadig krympa. I nokre tilfelle kan dei representere enkelte år under nedsmeltinga, om lag som ringar i ein trestubbe.

– Menneska dukka også opp i denne historia, i god tid før den siste isen var borte. Dei jakta rein medan isrestar, vidstrekte bresjøar og enorme breelvar framleis la føringar for korleis folk og dyr kunne ferdast, fortel Romundset.

Han har laga kart som syner den gradvise utviklinga i Nord-Gudbrandsdalen:

Seks kart som syner den gradvise utviklinga i Nord-Gudbrandsdalen under den endelege nedsmeltinga av innlandsisen. Aldrane er gjeve med forkortinga “ka” som står for kilo anno og tyder tusenår før nåtid. Plasseringa av hovudvasskiljet (blå prikka line) i høve til isrestane er viktig for korleis vatn vart drenert og oppdemt, og er årsaka til mykje av landformene og naturvariasjonen vi finn i dette området i dag.
Seks kart som syner den gradvise utviklinga i Nord-Gudbrandsdalen under den endelege nedsmeltinga av innlandsisen. Aldrane er gjeve med forkortinga ka som står for kilo anno og tyder tusenår før nåtid. Plasseringa av hovudvasskiljet (blå prikka line) i høve til isrestane er viktig for korleis vatn vart drenert og oppdemt, og er årsaka til mykje av landformene og naturvariasjonen vi finn i dette området i dag.

Katastrofe i dalen

I denne tida skjedde det òg ein katastrofe i dalen. 

Anders Romundset forklarar: 

– Medan isen smelta, vart det i tur og orden demt opp mange sjøar mellom isen og såkalla passpunkt, der vatnet rann mot kysten i nordvest. Den siste av desse bredemde sjøane var også den desidert største. 

Store Dølasjø var langt større enn dagens Mjøsa. Vi har rekna ut at sjøen heldt på ufattelege 80 kubikkilometer vatn. Denne vassmengda fylte gjennom fleire hundre år både Ottadalen og Gudbrandsdalen nord for Vinstra.

Skråbilde av Store Dølasjø, sett frå sør. Sjøen var demt i sør av isbrerestar ved Teigkampen i Kvam (kvite strekar). Utløpet frå sjøen gjekk over Lesjaskog og vidare ned Romsdalen. Store Dølasjø er datert i det nye forskingsarbeidet og eksisterte i 300-400 år. Kartlegginga av sjøen er basert på detaljerte laserskanna høgdemodellar av landskapet, i kombinasjon med feltobservasjonar.
Skråbilde av Store Dølasjø, sett frå sør. Sjøen var demt i sør av isbrerestar ved Teigkampen i Kvam (kvite strekar). Utløpet frå sjøen gjekk over Lesjaskog og vidare ned Romsdalen. Store Dølasjø er datert i det nye forskingsarbeidet og eksisterte i 300–400 år. Kartlegginga av sjøen er basert på detaljerte laserskanna høgdemodellar av landskapet, i kombinasjon med feltobservasjonar.

Store Dølasjø var demt av den siste isresten sør for Vinstra og vart truleg tappa brått og med enorm kraft då vasstrykket vart for stort for den stadig krympande isen. 

Forskarar ved NGU arbeider vidare med å kartleggje spor etter denne katastrofeflaumen i dalsidene og dalbotnen lenger sør i Gudbrandsdalen, ned mot Mjøsa.

Kart over studieområdet. Fleire kartlagde bredemde sjøar i Nord-Gudbrandsdalen er teikna inn.
Kart over studieområdet. Fleire kartlagde bredemde sjøar i Nord-Gudbrandsdalen er teikna inn.

Varmare klima

Forskar Anders Romundset understrekar at den geologiske kunnskapen om denne tida er viktig for å forstå naturhistoria og naturgrunnlaget i og omkring Gudbrandsdalen.

– Men samstundes står kunnskapen som eit fortidsvitne for kva som kan skje med store isdekke i eit brått varmare klima. Dagens oppvarming kan gjera at Grønlandsisen kollapsar på same måte som den skandinaviske innlandsisen ein gong gjorde, seier han. 

Romundset tenkjer at jamvel isen i Antarktis kan lide same lagnad, sjølv om det kan ta tusenvis av år. 

– Vi kan kartleggje og granske hendingar langt attende i fortida, men om framtida kan vi berre spå. Kunnskap om geologien, kva som skjedde og kvifor det skjedde, gjev viktig innsikt i endringane, seier han.

Referanse:

 Anders Romundset m.fl.: Early Holocene thinning and final demise of the Scandinavian Ice Sheet across the main drainage divide of southern Norway. Quaternary Science Reviews, 2023. Doi.org/10.1016/j.quascirev.2023.108274 

Powered by Labrador CMS