Sprøytemiddelforbod skal hindre biedød
EU har innført forbod mot bruk av tre ulike sprøytemiddel som kan stå bak massiv biedød.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Globalt er biedød eit stort problem. No innfører EU eit forbod om bruk av tre ulike plantevernmiddel som er lenka til massiv forsvinning av bier. Forbodet er verksamt frå og med 1. desember.
Dei tre giftene det er snakk om er clothianidin, imidakloprid og thiametoxam som alle høyrer til ei gruppe insektgifter kalla neonikotinoidar.
Avlingar blir sprøyta med desse midla for å unngå insektangrep, men den triste bieffekten kan altså ha vore biedød.
Neonikotinoidar skadar bier gjennom nervesystemet og gjer at biene ikkje finn vegen tilbake til kuben sin.
Ifølgje forskingssjef Ingeborg Klingen på Seksjon for skadedyr, Avdeling for plantehelse og plantevern i Bioforsk, er desse insektgiftene i Noreg no berre brukt i veksthus og på potetplantar som ikkje blir besøkt av bier.
_____________________