Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Studentmassen er mykje større no enn for ein generasjon sidan og difor også meir mangfaldig. Dette skaper hovudbry for professorar som ynsker seg studentar som les litteratur frå 1800-talet på originalspråka.

Ny student? Slik blir du ein god lesar

Om du ikkje tvingar deg sjølv til å lese vanskelege tekstar, blir du heller ikkje ein betre lesar, hevdar professorar.

Å omfamne pliktlesinga. Det er lett for professorane å seie, tenkjer du vel, ein fullt forståeleg tanke. 

For kanskje er du ein av dei nærare 300.000 studentane som aldri har diskutert politikk og filosofiske tankeeksperiment kring middagsbordet. Kanskje åt du middag åleine i den papirbokfattige leilegheita dykkar fordi mor di var på kveldsvakt og far din på ein brakkerigg ein stad. 

Men fortvil ikkje.

Helge Strømsø, professor i pedagogikk, og Espen Ytreberg, professor i medievitskap, forklarar i ein episode av podcasten Universitetsplassen enkelt korleis vi alle kan trene oss til å bli gode lesarar. 

Podcast: Slik blir du ein god lesar

I denne episoden av Universitetsplassen kan du høyre Helge Strømsø, professor i pedagogikk, og Espen Ytreberg, professor i medievitskap, enkelt forklare korleis vi alle kan trene oss til å bli gode lesarar. 

Høyr heile episoden her.

Tips til lesestrategiar

Strømsø og Ytreberg er proppfull av tips til gode lesestrategiar: Til dømes eit om det dei kallar annotering, altså det å ta notat av det du les medan du les:

– Lesing, tenking og skriving heng saman på tusen ustoppelege måtar og bør kombinerast, seier Espen Ytreberg.

I podcasten får du dessutan ei forklaring på kvifor Helge Strømsø ikkje synest det er fruktbart å skilje mellom (lyst)lesing og analyse.

I tillegg reflekterer dei to kring kvifor:

  • du alltid bør setje deg konkrete mål for lesinga
  • ta pausar undervegs i lesinga
  • du ikkje treng å vere så disiplinert i lesinga
  • papirbaserte tekstar ser ut til å vere betre enn digitale
  • du bør vakte deg for overdriven bruk av sosiale medium
  • vi ikkje er så kritiske lesarar som vi kanskje burde vere
  • korleis plikt- og lystlesing går hand i hand

Viktig å ha ein plan for lesinga

Vi les stadig i nettavisene at ferske studentar ikkje kjenner seg førebudde på krava dei møter på universitetet.

– Snakk med nokon om det du les! Då festar både teksten og temaet seg betre, seier professorane Helge Strømsø og Espen Ytreberg. Her i samtale om kva ei god oppgåve er.

Tekstane hos elfenbeinstårnet er ofte lengre og meir kronglete enn tekstane ein får servert på vidaregåande eller plattformer som TikTok.

Helge Strømsø ser tydeleg at dagens nye studentar treng hjelp til å lære seg å bruke ulike tekstar som reiskap i kunnskapsutviklinga si.

– Difor brukar eg ein del tid saman med bachelorstudentane til å gå gjennom korleis akademiske tekster ser ut, korleis dei er bygd opp.

– Eg ber dei også bla gjennom og bli fysisk kjend med materialet dei skal arbeide med i løpet av neste semester. I tillegg diskuterer vi korleis studentane kan bruke tekstene, seier Strømsø.

Han understrekar: – Aller viktigast er det å planlegge korleis vi skal bruke tekstane og kva tid vi skal lese dei.

Brua frå vidaregåande til universitetet

Espen Ytreberg og kollegaer har også tatt grep for å hjelpe nykomarane: På Institutt for kommunikasjon og medievitskap tilbyr dei no eit eige emne i grunnferdigheiter, altså lese- og skriveferdigheiter.

Noko av det første Ytreberg gjer, er å be studentane tenke på eit tema dei er interesserte i og dernest finne ein kunnskapsbasert tekst om dette temaet. Gjerne ein populærvitskapleg. Denne skal dei så lese.

– Då får dei inn i hovudet ord og formuleringar, setningar og avsnitt som dei kan bruke hos oss i akademia. Skiljet mellom allmennretta kunnskapslitteratur og akademiske tekstar er langt frå vasstett, seier han.

Målet er å skape ei bru mellom tekstar dei er vande med å lese og skrive på vidaregåande, og teksttypane dei møter på universitetet.

Seinare er det inga bøn: Studentane må også utfordre seg sjølve, meiner professorane. Det kjem dei ikkje utanom dersom dei skal bli gode lesarar.

– Om du ikkje stadig les utfordrande tekstar, lærer du heller ikkje noko nytt, seier Helge Strømsø.

Trøbbelet med mangfald

Tyngst er dette for dei som berre har lest det dei har fått servert i grunnskule og vidaregåande. Og dei er det fleire av for tida. 

Før studenteksplosjonen på 1980-talet var det berre kring 80.000 studentar i Noreg, mot dagens nærare 300.000.

– Studentmassen er mykje større no og difor også meir mangfaldig. Før kom dei fleste frå godt møblerte heimar der dei hadde ei bokhylle med mange bøker som dei las og snakka om. Slik er det ikkje lenger, seier Strømsø.

Dette gir ei viss hovudpine til professorar som helst vil at studentane les litteratur frå 1800-talet på originalspråka.

– Men det er sjølvsagt positivt at fleire vil ta høgare utdanning, seier Strømsø.

Ikkje minst er det bra for demokratiet. I ein mykje lest og diskutert kronikk skreiv Ytreberg at makt og kunnskap framleis vil «vere konsentrert i samfunnets kunnskapsbaserte, lange og krevjande tekster».

Makta, hevdar han, tilpassar seg ikkje studentane sine behov for tilrettelegging og tilgjengelegheit.

– Dei som skriv maktas verkelege tekstar – til dømes Noregs offentlege utreiingar og filosofibøker – er folk som ikkje tilpassar seg. Vi må vere såpass desillusjonerte at vi aksepterer at sånn er makta. Ho har ein tendens til å seie: «Eg kjem ikkje til deg, du må komme til meg», seier Ytreberg.

Ingenting å vente på, altså. God lytting, og god lesing!

Referanse:

Helge Strømsø: Does students’ exposure to websites moderate the positive relationship between print exposure and text comprehension? Reading and writing, 2023. 

Powered by Labrador CMS