Saken er produsert og finansiert av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse - les mer.

Dei næringane som klarte seg bra under pandemien, prioriterte i stor grad opplæring i verksemdene sine.

Kommunikasjonsbransjen dobla tidsbruken på kurs under pandemien

Medan andre næringar stramma inn på kursing.

Ekspertar i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har sett på kor mykje tid og pengar dei ulike næringane brukte på opplæring og kurs blant tilsette under koronapandemien. 

2.283 norske føretak har delteke i undersøkinga som var gjennomført i 2021 av Statistisk sentralbyrå (SSB). 

Inntening og opplæring går hand i hand

– Undersøkinga viser at mange føretak gjennomførte færre kurs under pandemien samanlikna med i 2015. Vi ser likevel at dei næringane som klarte seg bra under pandemien, i stor grad har gjennomført opplæring i verksemdene sine.

Det seier Åsgeir Kjetland Rabben. Han er rådgjevar i HK-dir. 

Til dømes har informasjons- og kommunikasjonsnæringa nær dobla tidsbruken på kurs frå 9 timar per tilsett i 2015 til 17 timar i 2020.

– Dette er ei av dei næringane som har hatt størst auke i inntening mellom 2015 og 2020, seier Rabben.

Portrett Asgeir Rabben
– Informasjons- og kommunikasjonsnæringa er ei av dei næringane som har hatt størst auke i inntening mellom 2015 og 2020, seier Åsgeir Kjetland Rabben.

Denne næringa hadde også størst auke i utgifter til kurs. Næringa brukte omkring 9.000 kroner per tilsett på kurs i 2020. Det er ein auke på 20 prosent. Næringa investerte primært i økt IT-kompetanse. 

– Det er likevel nokon unntak. Nokon bedrifter som har gjort det bra økonomisk, svarar at dei ikkje har fått gjennomført opplæringsaktivitetar grunna høg arbeidsbelastning og koronarestriksjonar, seier Rabben.

Sercicebransjen hardt råka

– På den andre sida stod overnattings- og serveringsbransjen. Dei opplevde den største nedgangen i kursaktivitet under pandemien. Denne næringa gjekk frå å bruke ni timar per tilsett på kurs i 2015 til berre tre timar i 2020.

Denne næringa brukte i snitt omkring 1.400 kroner per fulltidstilsett på kurs i 2020. Hovudfokus var på opplæring i kundebehandling.

– Overnattings- og serveringsnæringa vart særleg hardt råka økonomisk under pandemien. Der blei mange tilsette permittert eller sagt opp, seier Rabben.

Graf som viser mengde opplæring i ulike bransjer i 2015 og 2020
Timar brukt på kurs per 1.000 arbeidstimar i føretak i ulike næringar. 2015 og 2020. Tal på timar.

Størst nedgang i små føretak

Rabben fortel at nedgangen i opplæringsaktivitet i 2020 ser ut til å ha råka skeivt også når det gjeld storleik på føretaket. Små føretak rapporterer om større nedgang enn store føretak, seier Rabben.

– Om dette har økonomiske årsaker eller andre årsaker, kan vi ikkje utan vidare seia. Noko ein ser, er at store føretak i større grad enn små har eit eige budsjett for opplæringsaktivitetar.

Neste undersøking er planlagt i 2026. Ho vil ta for seg opplæring som har føregått i 2025.

– Noko av det vi kan få svar på då, er om skilnadene mellom næringar og storleikar då har blitt mindre igjen, eller om det har etablert seg eit meir permanent mønster der visse næringar og store føretak gjennomgåande har langt meir opplæring av dei tilsette enn andre, seier Rabben.

Referanse:

Magnus Fodstad Larsen og Åsgeir Kjetland Rabben: Opplæring i føretak. Notat frå HK-dir, 2024. Samandrag.

Powered by Labrador CMS