Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

For somme kan det vere vanskeleg å kome tilbake på jobb etter sommarferien. Forskar Ida Solhaug har nokre råd.

– Det skulle vore lovpålagt å starte jobb i halvt gir etter sommerferien 

Dei fleste av oss er tilbake i kvardagen etter sommarferien, og for mange er det ikkje lett. Korleis kan ein ta fatt igjen på ein god måte? 

– Vi har nok alle assosiasjonar til den perfekte sommarferien, med lange dagar kor skuldrane får senka seg og at ferien vert den pausen den er meint å vere. Men det vert jo ikkje alltid slik, seier Ida Solhaug.

Ho er forskar hjå Psykologisk institutt og psykolog på Smerteklinikken hjå Universitetssjukehuset i Nord-Noreg. Ho har forska på stressmestring og brukar ofte «mindfulness» i sitt arbeid.

Hu trur at sjølv om ein kan gå inn i ferien med ulike føresetnadar, som til dømes om ein har med seg ungar eller ikkje, så er det eit felles trekk at ein skal få til så mykje. Ferien vert eit prosjekt, og prosjektet må lukkast.

– Då vert fallhøgda så mykje større, både når det gjeld tempoet i sjølve ferien og korleis vi ser på han etterpå. Kanskje blei det ikkje så mykje avkopling og lange stundar liggjande i graset, seier Solhaug.

Nokon gruar seg til ferie

Solhaug seier at forskinga på ferie er motstridande. Noko forsking visar at sommarferie er assosiert med lågare blodtrykk og andre markørar for redusert stress, mens andre rapporterer om auka einsemd.

I ferien er det færre rammar og strukturar for å møte folk. Om ein ikkje har det så bra i utgangspunktet, vert ferien kanskje noko ein gruar seg til. 

Økonomi og familierelasjonar kan og vere grunnar for at forventningane til ferien kan få negative konsekvensar.

– I tillegg kan kanskje ein og føle at ein må ha ein ferie som kan visast fram til andre. Å heile tida halde på med samanlikningar er ofte ei kime til stress og uro. Har ein ei god nok ferie, held ein følgje med dei andre? Så eg kjempar for at vi skal hoppe av den karusellen så godt vi kan, seier Solhaug.

Til stades her og no

«Mindfullness» kallar vi merksamt nærvær på norsk. 

Solhaug seier det handlar om å hoppe ut av mentale runddansar med fortid, framtid eller samanlikningar med andre og heller vere til stades i det som skjer her og no. 

I ytste konsekvens er dei runddansane kopla til depresjon, angst og stress.

– I mindfulness styrkar vi den naturlege evna vi alle har til å kunne ta eit steg ut av mentale karusellar. Stoppe opp og med eit venleg blikk sjå på kva som fargar linsene dine no, og kor det førar deg, forklarar Solhaug.

– Anten det handlar om å få til den mest perfekte sommarferien eller tankar om at ein er den einaste einsame i heile verda.

Ferie etter ferien

Ferie kan gje eit nytt perspektiv på kvardagen. Den avstanden kan gje oss eit betre blikk på kva i kvardagslivet som stressar oss. Solhaug seier det då er viktig å vere i kontakt med seg sjølv i overgangen tilbake frå ferien.

– I alle overgangar er det lurt å ha ein vennleg merksemd på seg sjølv. Kva betyr denne endringa for meg? seier ho.

I tillegg har mange stresset med at skulen og fleire delar av kvardagen ikkje startar samstundes som ein kjem tilbake til jobb. Det kan kjennast som mykje på ein gong.

 Då anbefaler Solhaug å gjere det enkelt, stikk fingeren i jorda og spørje seg kva som er mogleg.

– Eg synest det skulle vore ein lovpålagt mellomfase når ein startar på jobb, kor ein skulle hatt lov til å gå i halvt gir, nettopp fordi vi treng tid til den omstillinga. Men når det ikkje finst, så kan ein i alle fall ha den innstillinga til seg sjølv. Mykje pølse til middag, kanskje kortare dagar på jobb. Det må vere greitt, seier ho.

Eit skritt om gongen

Det er likevel yrker og kvardagar kor det ikkje går an. Men sjølv der meiner Solhaug at ein likevel må prøve å setje ein fot føre den andre. 

Stress er som regel ein tilstand kor ein kjenner at krava er større enn ressursane, men sjølv då må ein prøve å stoppe opp litt. Om så berre i tre minutt kor ein berre pustar litt og set føtene i jorda.

– Det høyrest kanskje enkelt ut, men ein kan alltid stoppe opp litt og spørje seg sjølv korleis ein kan navigere klokare her og no. Kanskje kan ein skru ned tempoet på ein arena om det kokar valdsamt på andre, seier Solhaug.

Ho meiner problemstillinga djupast sett handlar om verdiar. Kva er verdifullt for deg? Når ein vert oppkava og stressa mister ein kanskje kontakten med dei grunnleggjande verdiane ein har – både heime og på jobb.

Kva skal skje i haust?

Sommarferien er ei lomme som gjev ein moglegheit til ettertanke, trur Solhaug.

 Kva vil eg skal leie handlingane mine denne hausten? Og kva tærer på meg? Er det nokre relasjonar eg må rydde opp i? 

Ofte gjev ein enkle råd til dei som slit: Søk samkjensle hjå andre, kjenn på kva dine verdiar er, beveg deg litt, gjerne ute i naturen og ikkje minst, ikkje gjer avkopling til nok ein prestasjon.

Solhaug seier mindfullness kan gje store gevinstar om ein klarar å kople seg på sin eigen eksistens i nokre minutt. Men det er både enkelt og vanskeleg å sitte og berre høyre på sin eigen pust i tre minutt.

– Det er kjedeleg og monotont, men samstundes kan ein lære masse om seg sjølv. Kor går tankane i keisemda? Er det stadig bekymringar, fantasiar eller noko vondt ein kjem tilbake til? Då er praksisen å berre sjå det og gje slipp. Igjen og igjen, anerkjenn for deg sjølv at det er dette du er oppteken av, og så går du tilbake til noko som forankrar deg i her og no, forklarar ho.

Trene på å tole

For mange er det kanskje underleg å kleint å sitje å kjenne på eiga pust, men då kan ein finne andre stader å gå, ut i naturen, inn i musikken. Det viktige er å kome i kontakt med seg sjølv. Og det kan vere krevjande.

– Det er ikkje alle som likar å sjå innover, for det endar ofte opp med å verte ei øving i å ta imot ubehag. Ein kan sjå at det kjem angst eller sinne eller tristheit. Og det må ein trene seg på å tole. Ting kjem og går, og våre ønskje om å kontrollere eller unngå vanskelege ting, gjev næring til dei same vanskelege tinga, seier Solhaug.

Ho seier vi bruker kreftar på å halde vonde ting unna, og at i psykologien meiner ein at det gjev det vonde makt.

– Så når vi øver oss på å tole det ubehagelege, frigjer vi kreftar til å leve liva våre slik som vi vil, seier Solhaug.

Høyr heile episoden her:

Powered by Labrador CMS