Annonse

Vil knekka kiropraktor-utdanning

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er berre pengar på statsbudsjettet som manglar for at UiO skal få Noregs første kiropraktor-utdanning, skriv Universitas.

Det er ti år sidan Stortinget vedtok at Norge skal få si eiga kiropraktorutdanning. Seinast i haust la Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) fram eit budsjettforslag til Kunnskapsdepartementet. I årets statsbudsjett er det ikkje sett av midlar til ei kiropraktorutdanning ved UiO, men Jakob Lothe, leiar i Norsk Kiropraktorforeining, har tru på at utdanninga blir etablert i løpet av dei neste år

– Muskel- og skjelettlidingar kostar Noreg 70 milliardar kroner i året, og me er blant dei som er mest spesialiserte på nettopp dette. No må det prioriterast i statsbudsjettet av regjeringa, seier Lothe.

Powered by Labrador CMS