Annonse
Ole Ringdal har vore universitetsdirektør ved UiS sidan 2017. No er han tilsett som direktør for organisasjon og infrastruktur. (Foto: UiS)

Ole Ringdal blir ny direktør ved Universitetet i Stavanger

Styret ved Universitetet i Stavanger (UiS) har tilsett noverande universitetsdirektør Ole Ringdal (62) i den nye stillinga som direktør for organisasjon og infrastruktur.

Ringdal har doktorgrad i biologi frå Universitetet i Bergen. Han har tidlegare jobba som biolog og forskar, og i tillegg hatt mange leiarstillingar i akademia, instituttsektoren og næringslivet. Sidan 2017 har han vore universitetsdirektør ved UiS.

– Eg er veldig glad. No får eg jobbe vidare med dei viktige sakene eg har hatt på bordet dei siste to åra, ikkje minst omstillingar i organisasjonen og campusutvikling, seier Ringdal.

– Eg ser også fram til å fortsetje det viktige arbeidet med digitalisering, som kjem til å effektivisere både vitskapleg og administrativt arbeid, seier den nye direktøren.

Les meir på nettsidene til UiS.

Powered by Labrador CMS