Katastrofeflaum endra klimaet
Då supersjøen Lake Agassiz fløymde ut i Nord-Atlanteren for 8 400 år sidan og forstyrra Golfstraumen, tok kulden strupetak på Europa.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Nedsmeltinga av dei nordamerikanske ismassane danna supersjøen Lake Agassiz.
For 8400 år sidan brast dammane kring innsjøen, og enorme mengder ferskvatn velta ut i Nord-Atlanteren. Flaumen vart følgt av ein kuldeperiode på 100 år, og fekk dramatiske konsekvensar for miljøet.
Ny forsking viser at påverknad av havstraumane kan endra klimaet radikalt i løpet av menneske si levetid.
Endra havstraumane
Ved å studere mikrofossilar henta opp frå havbotnen sør for Grønland, har eit forskarteam no vist at katastrofeflaumen fekk direkte innverknad ved å endre havstraumane.
![]() Lake Agassiz | ||||
![]() | ![]() | Lake Agassiz dekte eit stort område på den nord-austlege delen av det nord-amerikanske kontinentet, og femna mellom anna om det som no er dei store, amerikanske innsjøane. For 8400 år sidan smelta isen i området, og demninga som heldt Lake Agassiz på plass brast. Lake Agassiz var sju gonger større enn dei store, amerikanske innsjøane av i dag er til saman, og ei enorm mengde ferskvatn rann ut i løpet av berre få veker. Ferskvatnet frå Lake Agassiz kom ut i Nord-Atlanteren og endra havstraumane. Desse endringane førte til ein langvarig kuldeperiode i landområda kring Nord-Atlanteren. I dag er det berre restar att etter superinnsjøen. | ![]() | |
Det stadfestar teoriar om at inntrengng av ferskvatn i dei nordlege havområda kan gje store endringar i havstraumane.
- I ein periode på hundre år etter flaumen, ser vi ikkje det nordatlantiske djupvatnet i det heile, og dette resulterte i ei sterk nedkjøling av området kring Nord-Atlanteren fordi styrken på Golfstraumen avtok, seier Kikki (Helga) Flesche Kleiven ved Bjerknessenteret for klimaforsking.
Ho har utført studien saman med førsteamanuensis Ulysses Ninnemann frå Institutt for Geovitskap og Bjerknessenteret og forskarar frå Frankrike og Nederland.
Resultata blei nyleg publisert i det internasjonalt anerkjente tidsskriftet Science.
Dramatiske omveltingar
Forskarar har tidlegare spekulert i om inntrenginga av ferskvatn i Nord-Atlanteren utløyste kuldeperioden, og modellar har forutsett ein slik effekt. Men det er første gong ein no kan vise denne unike koplinga.
Mikrofossilane som forskarteamet har henta opp, bind mellom anna til seg temperaturar i vatnet og kjemiske spor, og ved hjelp av massespektometerlaboratoriet på Bjerknessenteret/Institutt for Geovitskap har forskarane vore i stand til å gjere svært presise analysar.
Materialet har vist at den kjemiske samansetjinga av vatnet endra seg i perioden etter flaumen frå Lake Agassiz.
Det auka innhaldet av ferskvatn førte til at djupvatnet frå dei nordatlantiske havområda vart anten for grunt eller for svakt til å ha påverknad, og vart erstatta av vassmassar frå sør.
På land manifesterte endringane i havstraumane seg som ei nedkjøling av heile området, og kulden la eit kvelande teppe over landområda i om lag 100 år.
- Vi ser at temperaturen i havoverflata gjekk ned med halvannan grad, og for dei som levde her for 8400 år sidan var dette ein klimakatastrofe, seier Kikki Flesche Kleiven.
Sårbar fjernvarme
Studien viser også at klimaendringane som følgje av flaumen, oppstod svært raskt. I løpet av berre få tiår endra miljøet seg dramatisk.
- Det at desse djuphavsendringane oppstår på ein tidsskala som er rask nok til å få samfunnsmessige konsekvensar, understrekar kor viktig det er å forstå kor mykje ferskvatn som skal til for å forstyrre havstraumane, seier Flesche Kleiven.
Dei nye funna gjev eit heilt nytt utgangspunkt for å teste og forbetre klimamodellane som i dag blir nytta til å simulere klimaet i både fortid og framtid.
Flesche Kleiven understrekar at det i dag ikkje eksisterer noko ferskvasskjelde tilsvarande Lake Agassiz som står i fare for å smelte like raskt.
Men nedsmelting av isen på Grønland representerer eit stort ferskvassreservoar. Med tanke på dette scenarioet er global oppvarming det største trugsmålet.

- Studien viser at miljøendringar kan skje raskt, raskt nok til å få samfunnsmessige konsekvensar, presiserer Kleiven.
Grunna havstraumane si avgjerande rolle for klimaet i dei nordatlantiske områda, viser ho til at sjølv små endringar kan få store konsekvensar for mellom anna busetjingsmønster, produksjon av matvarer og fiskerinæringa.
- Dersom Noreg skulle kome ut som ein vinnar som følgje av klimaendringar, så vil dei same endringane kunne få svært negative konsekvensar i andre delar av Europa.
- Vi er svært sårbare i høve til det fjernvarmeanlegget havstraumane representerer, seier ho.
Referanse:
Helga (Kikki) Flesche Kleiven, Catherine Kissel, Carlo Laj, Ulysses S. Ninnemann, Thomas O. Richter og Elsa Cortijo. ‘Reduced North Atlantic Deep Water Coeval with the Glacial Lake Agassiz Fresh Water Outburst.