Annonse

Tverrfagleg polarpolitisk konferanse på Svalbard

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I høve Nansen-Amundsen-året vil forskargruppa Narrating the High North (NHN) belyse kulturmøte og internasjonal politikk i Arktis gjennom ein stor konferanse på Svalbard. - Ein konferanse i nansensk ånd, seier Einar-Arne Drivenes, professor i historie.

I tillegg til at det er 150 år sidan Nansen vart fødd, er det 100 år sidan Nord i Tåkeheimen kom ut. Der møter me naturvitskapsmannen Nansen også som litterat og historikar.

- Denne tverrfaglege konferansen er difor heilt i nansensk ånd. Statsvitarar, historikarar og litteraturvitarar møtest, og me er sikre på at me har mykje å lære av kvarandre, seier Drivenes.

Powered by Labrador CMS