Annonse

Skal Homer ha all æra for Odysseen?

Eit nytt argument i den 2000 år gamle diskusjonen om kven som skreiv dei to klassiske dikta Iliaden og Odysseen.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den greske poeten Homer er kjend som forfattaren av Iliaden og Odysseen, men fagfolk har krangla i meir enn 2000 år om kven som verkeleg står bak desse verka. Ei ny statistisk analyse frå universitetet i Mexico City tyder på at Iliaden kjem frå ein og same forfattar, medan Odysseen ser ut til å ha hatt fleire forfattarar, melder New Scientist.

Analysen er basert på teknikkar vanlegvis nytta for å finne mønster i DNA eller finansmarknaden, men som no er nytta til å analysere desse to klassiske verka, saman med to andre greske verk og to latinske dikt. Både Iliaden og Odysseen har nemleg den same grunnleggjande strukturen, som ein marsj, med verseføter som går slik: Tung Lett Lett, Tung Lett Lett?

Men dikta følgjer ikkje alltid reglane, og tanken bak undersøkinga er at ein forfattar vil avvike frå mønsteret på ein karakteristisk måte. Resultatet viser at Odysseen bryt mønsteret mykje oftare enn Iliaden, og dette kan tyde på fleire forfattarar. Diktet liknar også meir på latinske dikt av ein mykje seinare dato, som var meir frigjort i forhold til mønsteret, fordi dikta var nedskrivne, og ikkje like sterkt basert på ein munnleg tradisjon.

Powered by Labrador CMS