Er fabrikken passé?

Norske Skog legg ned papirfabrikken i Skien. Nå er det ikkje mange av dei att i landet. Har fabrikken gått ut på dato?

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Om vi fekk høve til å vandre gjennom bynære landskap i Noreg for ein dryg generasjon sidan, og samanlikna dei med i dag, ville vi venteleg blitt slått av noko som er blitt borte nå: fabrikken.

"Utgått på dato: Fabrikkpiper?"

Den svære mursteins- eller betongbygningen, ofte misfarga av kol og industristøv, med høge, langstrakte vindauge som fører arbeidslys inn i hallen, truckar som køyrer inn og ut, svarte fabrikkpiper som ragar høgt til vers.

Sirena går, arbeidarane strøymer ut, og gamalrockarane høyrer “Factory “med Bruce Springsteen på sitt indre øyre. The Boss som syng om arbeidarar som går tungt ut fabrikkporten “with death in their eyes”“.

Arbeidsfolka er i Kina

For slik var det: Arbeidsfolk sveitta og sleit, dei kjempa for føda og slost mot akkord og kapitalmakt. I dag er fabrikken noko vi les om i avisa.

Nå vil det globale konsernet Norske Skog legge ned ein av dei siste klassiske industrifabrikkane som er att, Union i Skien,- jamvel om produksjonen går med solide overskot, -og flytte produksjonen til Kina, der fortenesta vert enno større.

Tilhøyrer fabrikken allereie historia?

Pipene som forsvann

- Ja, og nei.

Dette oppklarande svaret vert servert av professor Knut Ove Eliassen ved institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU.

Saman med fem kollegaer skreiv han verket “Fabrikken”. Her ser dei på industrifabrikken som eit moderne kulturfenomen. Boka kom ut rett før siste årsskifte.

— Vi starta arbeidet med boka med ein arbeidshypotese som gjekk ut på at fabrikkens tidsalder i Noreg er over, seier han. -

- Då er svaret er ja, om ein på fabrikken som eit moderne symbol, med høge fabrikkpiper og arbeidarar som strøymer inn og ut.

— Men like fullt har vi enno omfattande industriproduksjon i landet, og vi har fabrikkar
dei ser bare ikkje lenger ut som fabrikkar, presiserar Eliassen.

Samfunnsverdiane som forsvann

Dei seks NTNU-forskarane har sett på fabrikken i eit kulturhistorisk perspektiv. For ein generasjon sidan sto fabrikken- i Noreg, til dømes i form av dei såkalla hjørnesteinfabrikkane, -i sentrum i vanlege folks kvardag.

Gruveverksemder i innlandet, smelteverk i fjordane langs kysten, konfeksjonsfabrikkar i dei store byane
her utspelte folks liv seg.

Fotballag, amatørteaterlag og meir til vart danna med utgangspunkt i tilhøyrsel til fabrikken. Nå er det slutt på dette.

— Noreg har gitt opp å sjå på seg sjølv som eit industriland, trur professor Eliassen.

Det er ikkje bare arbeidsplassar som forsvinn når fabrikkane blir borte.

— Det sosiale medvitet, den kollektive samkjensla, vert samstundes borte. Nå er det mellomlagas haldningar som rår grunnen.

- For det er slik det er: Samfunnsverdiane vi held oss med, kjem ikkje ut av tynne lufta. Dei vert skapt ein stad, dei er eit resultat av den fysiske organiseringa av arbeidet og kvardagen.

Glansbiletet som forsvann

Hjørnesteinsverksemdene vart ofte plassert inst i vakre vestlandsfjordar. I byggetida etter krigen var dette essensen i den sosialdemokratiske visjonen: Fabrikkpipar idyllisk, og ikkje så reint lite utopisk, omkransa av høge fjell og djupe fjordar.

Men også dette endra seg.

— Snart kom miljørørsla til, og viste oss korleis fabrikkrøyken la seg over skogane og utsleppa rann ureinsa ut i fjordane. Dermed vart glansbiletet av fabrikken øydelagt.

- I dag kunne ein kanskje hevda at fabrikken sjølv er ein utrydningstruga del av den kulturelle økologien, seier professor Eliassen.

I songen til Bruce Springsteen ser ein biletet av fabrikken som eit menneskeetande monster, eit vesen som gav liv, men også tok liv. I dag, når Fabrikken er i ferd med å hamne på museum, har nostalgikarane teke over.

Hatet som forsvann

- -Kor vart det av hatet, spør Eliassen.-

- Hatet mot fabrikören slik han vart heitande i gamle svenske, sosialrealistiske spelefilmar: Den tjukke, sigarrøykande fabrikkeigaren som gjekk rundt og klådde på dei unge fabrikkjentene.

- Dei vart portrettert som monster av sosialistar og fagforeiningsfolk. Dette hatet forsvinn i nostalgien, som alltid idylliserer, seier han.

Fabrikören var også ein person som syntes, på same vis som maktstrukturane omkring den klassiske fabrikken var tydelege- og bunden til staden fabrikken låg. I dette ligg kimen til ein annan slags nostalgi.

- Jo mindre synlege og knytta til staden eigarane er, jo mindre forplikta kjenner dei seg, seier professor Eliassen.

Ein norsk “Krøniken”-Erik

I dette biletet er det at investor Petter Stordalen kjem som ein slags Erik (industrieigarsonen i den danske tv-serien Krøniken) til Union i Skien, med entusiasme og nye planar for verksemda.

Men Norske Skog anno 2005 er - trass i namnet - global, ikkje stadbunden lokal, og dei vil helst ikkje selje.

Norske Skog kjenner ikkje ansvar for Skien.

Powered by Labrador CMS