Øver på turen til Mars
Som deltakarar i den internasjonale studien på interplanetære romferder, Mars500, har seks personar no vore isolert i over 100 dagar. Forsøket skal gå i 520 dagar, like lenge som den verkelege turen til Mars vil ta.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den 3. juni i år small døra att i boksen som skal huse seks deltarar i det internasjonale eksperimentet Mars500 i nesten 18 månader.
No har det gått over 100 dagar, og deltakarane har dermed vore isolert like lenge som dei var i testen av prosjektet i fjor.
Mars500 er ein internasjonal studie av interplanetære romferder i regi av den europeiske romfartsorganisasjonen, ESA. Tittelen spelar på at ei verkeleg reise til Mars vil ta ca 500 dagar.
____________________