Bakgrunn: Dømt til evig pine
Blir huda utsliten i helvete får du ei ny, slik at du kan pinast litt til. Det er ikkje friminutt i det islamske helvete. Idéen om helvete finst i fleire religionar, og nyttast blant anna som maktmiddel for dei geistlege.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvinner som heng etter tunga eller håret. Menn som får flytande metall helt ned gjennom strupa. Menn som vert tvinga til å ete sitt eige svidde kjøt.
Det er noko av det som møter profeten Muhammed på ei rundreise i det islamske helvetet. Teikningane er tyrkiske, frå 1400- talet, og illustrerer at førestellinga om eit helvete ikkje er noko som berre høyrer kristendommen til.
Idéen om ein straffestad ein kjem til etter sin død, finn ein i mange religionar. I tillegg til islam, jødedom og kristendom, finn ein slike førestellingar også i buddhismen, hinduismen og zoroastrismen.
– Idéen om helvete oppfordrar til religiøs fromheit og moralsk oppførsel. I kombinasjonen religiøs lojalitet og moral, er helvetesførestellingane dessutan eit maktinstrument for den religiøse eliten, seier Einar Thomassen, professor i religionsvitskap ved UiB.
Tidsavgrensa helvete

Eit døme på helvete som maktmiddel, finn ein i katolisismen og hinduismen, der ein kan kjøpe seg fri frå pina.
I katolisismen i middelalderen vart purgatoriet, skjærselden, innført som ein tredje stad.
Skjærselden kan ein sjå på som eit tidsavgrensa helvete, ein opphaldsstad ein var ein viss periode før paradis.
Ved å betale for seg sjølv eller slektningar kunne kyrkja halde dødsmesse for å forkorte tida her.
– Kyrkja fekk makt til å mildne straffa. Også i hinduismen kan ein mildne helvete ved å gje gåver til prestane, seier Thomassen.
I hinduismen og buddhismen vil gjerningane i dette livet vere med å forme det neste livet. I tillegg til ulike jordeliv, kan ein også hamne i ulike nivå av himmel og helvete. Det endelege målet er å frigjere seg frå runddansen med gjenføding.
I begge religionane fungerer frykta for helvete som ein oppmoding til religiøs fromheit. Medan ein kan kjøpe seg fri frå pinsler i hinduismen, fungerer det i følgje Thomassen meir som ei naturlov i buddhismen.
– Også i buddhismen finn ein fryktelege og groteske helvetesførestellingar, seier Thomassen.
Den kristne førestellinga om helvete kan ha blitt påverka austfrå, frå zoroastrismen i Iran og buddhismen.
– Gud bryt menneskerettane

I fleire religionar har helvete ein oppdragarfunksjon og fungerer samstundes som ein trussel, ved å avskrekke folk frå å gjere syndige handlingar.
I tillegg, særleg i kristendom og islam, kan det å ikkje tru, å vere vantru, gjere at ein ender i helvete. På denne måten fungerer helvete som ein måte å true folk til å omvende seg.
Thomassen peiker på at førestellinga om dei vantru har noko sekterisk ved seg. Det er alle dei andre som hamnar i helvete. Dette er noko som passar dårleg med dagens førestelling i den vestlege verda om pluralisme.
Altså at folk skal få lov til å tru på det dei vil, slik det er felt ned i menneskerettane. Nettopp tanken om pluralisme, meiner Thomassen er ei av årsakene til at førestellinga om helvete har hamna i bakgrunnen i dagens kristendom.
– Kristne leiarar i dag vert forlegne når det er tale om helvete. Det lar seg ikkje foreine med menneskerettar. På ein måte kan ein seie at Gud bryt menneskerettane, seier Thomassen spøkefullt.
Underhaldningseffekt
I forteljingane om helvete møter ein blod, gørr, og skrekkinngytande scener med djevlar og demonar som gjer forferdelege ting med kroppane til folk. I dei ulike religionane sine versjonar av helvete, finn ein mange liknande typar pinsler ein vert utsett for.
Det er den fysiske pinen, der ein vert pint på kroppen. Det vere seg å blir spidda, bli stekt, bli pint i kokande vatn. Ein kan bli hengt opp etter krokar, tvungen til å ete djevlehovud, slangar og edderkoppar. Ein kan tvingast til å drikke kokande vatn og flytande metall.

– I det islamske helvete kan huda bli utsliten av pinslene. Men då får du ny hud, slik at du kan bli pint vidare, seier Thomassen.
I tillegg til fysisk liding kan ein også møte psykiske pinsler.
Ein kan til dømes hamne i totalt mørkre, der ein berre høyrer sukk og klage og ser ingenting.
Ei pine som speler på kjensla av einsemd i mørkret.
Dantes Inferno, meiner Thomassen kan vere mest inspirert av dei islamske helvetesforteljingane, der helvete er organisert i ulike etasjar og avdelingar og straffa varierer etter ulike typar synd.
Dei groteske og fryktinngytande helvetesskildringane som er felles for dei store religionane kan i seg sjølv minne om dagens skrekkfilmar og skrekklitteraur.
– Helvetesførestellingane kan absolutt ha vore skrekkinngytande underhaldning. Kan hende treng me å bli litt oppskaka innimellom, spør Einar Thomassen.
Å godte seg på andre sin kostnad er ikkje noko som vanlegvis vert framheva som ein religiøs dyd. Men i dei gamle helvetesførestellingane er ei av gledene ved å komme til paradis, nettopp det at ein kan kikke ned på dei som vert pint til evig tid.