Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Språkforskar: – Slik blir du betre i nynorsk
Synest du nynorsk kan vere vanskeleg? Vi har spurt språkvitar og nynorskbrukar Øystein Vangsnes om gode råd for å forbetre nynorsken.
Kva er lurt å gjere dersom du vil bli betre i nynorsk? Og kvifor synest mange nynorsk kan vere vanskeleg?
Vi har spurt Øystein Vangsnes, professor i nordisk språkvitskap ved UiT Norges arktiske universitet.
Her er råda hans:
1. Utset deg sjølv for meir nynorsk
Les meir nynorsk, både nyheiter og litteratur. Oppsøk litteratur som er skriven på nynorsk: Det finst veldig mange gode nynorskforfattarar, og forlag som Samlaget og Skald gir ut internasjonal litteratur av høg kvalitet omsett til nynorsk.
Still inn Facebook’en din på nynorsk, så får du litt intravenøs eksponering for språket kvar einaste dag.
2. Prøv og skriv nynorsk ein gong i blant
Og gjerne så ofte som mogleg. Om du mottek ein e-post på nynorsk, kan du kanskje ta deg litt ekstra tid og utforma svaret på same målform?
Minste motstands veg er ikkje nødvendigvis det som gir best trening og mest læring. Skal ein bli betre i eit språk, må ein jobba for det.
3. Ikkje ver flau over å bruka ordbok
Dette tipset heng saman med det førre. Ordbøker finst no lett tilgjengelege på nett, ikkje minst ordbokene.no som har Bokmålsordboka og Nynorskordboka.
I gode ordbøker finn ein òg informasjon om korleis ord skal bøyast.
Nynorsk har på ein del område litt fleire bøyingsformer enn bokmål. Det er aldri dumt å ta ein ekstra sjekk i ordboka på om du har valt rett.
4. Ta eit kurs
Ta eit kurs anten med lærar eller eit du kan gjera på eiga hand
Språkrådet har ei nettside med lenker til ulike digitale ressursar dei har utvikla. Statlege organ kan også bestilla nynorskkurs for sine tilsette frå dei.
Kvifor synest mange det er vanskeleg med nynorsk?
Eg trur mange synest det er vanskeleg å skriva nynorsk fordi dei ikkje tek seg tid å gjera den ekstra innsatsen som trengst for å komma i gang og til å komma opp på eit nivå som ein er komfortabel med.
Det krev trening, og i treningsfasen må ein tola å gjera feil og få høyra det.
Sjølv har eg lært meg ein del ulike språk. Dei siste 10–15 åra har eg jobba med å læra meg nordsamisk. Eg er framleis på eit ganske grunnleggjande kunnskapsnivå. Det tek meg veldig lang tid å skriva til dømes ein e-post – som sjeldan er feilfri – men sakte, men sikkert blir eg betre.
Å bli god til å skriva nynorsk – om ein allereie kan bokmål – er veldig lett i samanlikning.
Kva forhald har du sjølv til nynorsk?
Eg kjem frå det nynorske kjerneområdet på Vestlandet der nynorsk er det umarkerte språket på dei fleste område. Dette er ein viktig del av identiteten min, og slik er det for mange.
Som nynorskbrukar møter ein ofte utfordringar med å få bruka språket sitt. Noko av det handlar om at andre ikkje er villige til å bruka det, ofte ved å visa til at dei ikkje kan det.
Skal ein til dømes skriva ein tekst saman med andre, blir det ofte at bokmålet vinn over nynorsken med mindre nynorskbrukaren tek eit ekstra ansvar for skrivinga.
Lykke til med nynorsken!
Fikk du med deg disse artiklene fra UiT Norges arktiske universitet?
-
– Også den nordiske kolonialismen har brukt overgrep og overmakt
-
NAD og aldring: Dette skjer i cellene når vi blir eldre
-
8. mars: Derfor fungerer KI dårligere på kvinner
-
– Å snakke flere språk forsinker aldringen og holder deg mentalt frisk lenger
-
Utdanning gir bedre helse. Også når du blir eldre
-
Kan knøttsmå databrikker hindre at oppdrettsfisk får sår?