Protein svekkar kreftbehandling

Brystkreftramma kvinner som har proteinet ApoD i kreftsvulsten, har ikkje nytte av behandling med det mykje brukte medikamentet tamoxifen. Det viser eit nytt doktorgradsarbeid frå Universitetet i Bergen.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tamoxifen er eit antiøstrogen, og er eit vanleg medikament i behandling av brystkreft.

På 1980-talet oppdaga forskarar ved UiB at tamoxifen bind seg til proteinet ApoD (eigentleg apolipoprotein D).

Men sidan den gongen har brystkreft-forskinga gått i andre retningar.

Det er ikkje blitt forska noko særleg på ApoD, og ein visste ikkje kva dette resultatet kunne ha å seie for pasientane.

20 år gamle kreftsvulstar

Håvard Søiland tok opp att forskinga på ApoD i doktorgraden sin, som han nyleg disputerte for. Han har gått i arkiva og funne kvinner som vart opererte for brystkreft rundt midten av 80-talet.

På same måte som andre vevsprøver frå norske pasientar, er kreftsvulstane deira blitt støypte inn i parafin og tekne vare på for ettertida.

Dermed kunne Søiland undersøke kor mange av desse kvinnene som framleis var i live, og korleis dette hang i hop med mengda av ApoD i svulstane.

– Då vi starta med arbeidet, var det gått opp til 22 år sidan kvinnene vart opererte. Dermed sat vi med den prognostiske ”fasiten” for pasientane. Hypotesen vår var at ApoD hadde noko å seie for behandlinga, og det stemte.

– Det viste seg at dei som hadde ApoD uttrykt i svulsten, ikkje reagerte på behandlinga med tamoxifen, fortel Søiland.

– I dag er medikamentutvalet mykje større enn på byrjinga av 80-talet. Dermed kan resultata våre vere ei hjelp til å velje rett medisin for brystkreftpasientar.

Beskyttar celler mot stress

ApoD høyrer til ei gruppe protein kalla lipocalinar. Desse proteina finn vi både i bakteriar, insekt, plantar og dyr, og dei er assosiert med ei lang rekkje biologiske prosessar.

Likevel finst det altså relativt lite kunnskap om dei, men ein trur at ApoD beskyttar celler som er utsette for stress, og gjer at dei overlever lenger. Det gjeld både friske celler og kreftceller.

Effekten av tamoxifen vart undersøkt hos ei gruppe pasientar som var forbi overgangsalderen.

Søiland fann også ut at når kreftpasientane var over 70 år, hadde dei signifikant betre prognose dersom dei ikkje hadde ApoD uttrykt i kreftsvulsten, uavhengig av kva behandling dei fekk.

– Vi ser at når ApoD er godt uttrykt, lever kreftcellene lenger, men kvifor denne effekten blir så synleg mot slutten av livet, kan vi ikkje svare på.

– Det reiser nye spørsmål. Vi må hugse at brystkreft er ein sjukdom med mange moglege årsaker, og alder er ein av dei faktorane som påverkar sjukdomen, peikar han på.

Liknar antioksidantar

Då kvinnene vart opererte på 1980-talet, hadde ein ikkje metodar for å bestemme mengda av ApoD direkte i svulsten.

I arbeidet med doktorgraden har Søiland utvikla metodar for å påvise proteinet og bestemme mengda.

Han meiner at måten ApoD beskyttar cellene på, kan minne om funksjonen til antioksidantar, som det blir forska veldig mykje på for tida.

– Samstundes har ApoD mange funksjonar, og med dette arbeidet, har vi berre pirka litt i det som er å vite om dette proteinet. Det er mykje ugjort her, seier han.

Doktorgraden er eit samarbeid mellom patologi- og kirurgiavdelingane ved både Universitetet i Bergen og Stavanger universitetssjukehus, der Søiland no arbeider som overlege.

Powered by Labrador CMS