Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Nytt hyttefelt eller vindmøllepark? Utbyggere har fått for mye makt, mener forsker

Planar om nye vindparkar, vegar og hyttefelt fører ofte til konflikt om bruken av areal. Forskarar vil gjere arealbruken meir rettferdig.

– Korleis vi brukar areal, er nøkkelen til å løyse både naturkrisa og klimakrisa, seier Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.
Publisert

Verda treng grøn energi. Men når vi bygger ut nye vind- og solparkar, tapar ofte naturen og naturmangfaldet. To livsviktige omsyn står altså opp mot kvarandre.

– Korleis vi brukar areal, er nøkkelen til å løyse både naturkrisa og klimakrisa, seier Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.

Klima- og miljøforskaren er difor oppteken av korleis vi avgjer skjebnen til dyrebart areal og kva for verdiar som kjem fram undervegs. 

Han leier for tida to forskingsprosjekt der meir rettferdige prosessar rundt arealbruk er målet.

Økonomi veg tyngst

Karen Richardsen Moberg, som har forska på arealprosessar i norske kommunar, fortel at det norske plansystemet har gått i retning av at utbyggjarane stadig får meir innverknad.

– Kommunen er i aukande grad blitt ein instans som behandlar planinitiativ, og private aktørar tek seg i stadig større grad av detaljplanlegginga, seier Moberg. 

Det betyr at økonomiske interesser, som private aktørar gjerne er opptekne av, ofte veg tungt.

Korleis kan du setje ein verdi på fuglesong frå ein urørt skog? I teorien skal konsekvensutgreiinga i ein planprosess fange opp alle ikkje-økonomiske verdiar, men kva skjer vidare?

Her får ikkje-menneskelege einingar same status som menneske

Frå andre land finst det døme på ei meir radikal tilnærming der systemet opnar for å gje ikkje-menneskelege einingar same status som menneske i arealprosessar. I New Zealand har elvane ein slik status i utbyggingssaker, fortel forskaren.

Om du tykkjer det er snålt, kan du spørje deg om det er snålare enn at USA har gitt bedrifter menneskelege rettar.

– Poenget er at systemet gir ei stemme til dei som ikkje kan snakke for seg sjølve, seier Dannevig.

Forskarane peiker på at det ofte blir med ei skriftleg framlegging av dei ikkje-økonomiske verdiane

Dessverre legg ein sjeldan stor vekt på desse verdiane vidare i prosessen. Oftast står den økonomiske vinninga att som det avgjerande.

Kva omsyn skal vege tyngst?

Ein kan lure på kva som er god nok grunn til å ofre meir natur i det oppstykka landet vårt, til dømes for å bygge ein veg, nye hytter eller ein vindpark.

Å gjere Europaveg 39 langs kysten av Vestlandet til ein tryggare og raskare veg for tusenvis av menneske, er for mange eit viktig nok føremål. 

Men kva med gardbrukarar som mistar beiteland, hytteeigarar som er redde for hytta si, turgåarar som mistar eit fint rekreasjonsområde og hardt pressa dyrebestandar som mistar leveområda sine – har dei ei god nok sak? 

I tillegg kjem den stemmelause, men dyrebare naturen: dei fleire tusen år gamle myrene og dei raudlista regnskogane langs kysten. Dette er naturtypar med viktige funksjonar i økosystemet, meiner forskaren.

– Ein må ikkje gløyme at naturen har ein eigenverdi, seier Moberg.

Vindpark og hyttefelt

I Kvænangen i Troms følgjer forskarane ei mogeleg vindkraftutbygging. Problemet der er at området enkelte vil bygge ut, overlappar med eit sommarbeite for tamrein. 

Ordføraren vart vald inn på motstand mot prosjektet, og både reineigarar, turistnæringa og turgåarar er opptekne av å bevare området slik det er. 

Førebels er prosessen på pause fordi politikarane har stilt ei rekkje krav til potensielle utbyggjarar.

På Valdres-sida av Filefjell, som ligg mellom vest og aust, ser forskarane på planane om eit nytt hyttefelt. Det planlagde feltet strekkjer seg opp i høgfjellet, til glede for mange, men til frustrasjon for naturvernarar, innbyggarar som meiner tolegrensa er nådd og folk som frå før har hytter i området.

Eit nytt verktøy for planleggarar

Forskarane understrekar at arealbruk er og blir eit spørsmål om verdiar.

– Viss vi kan få fram ulike former for verdiar og setje fokus på betra rettferd i planprosessar, får vi eit alternativ til dagens system, som gir økonomien forrang, seier Karen R. Moberg.

– Du kan óg seie at vi gir arealplanleggarar eit nytt verktøy for gjennomføring av prosessen, skyt Dannevig inn.

Evne til å delta i prosessar

Forskarane opererer med fem dimensjonar av rettferdig arealbruk. Den første handlar om at alle dei råka får høve til å delta i ein prosess, og at prosessen kan romme ulike aktørar sine verdiar, perspektiv og kunnskap. 

I Kvænangen skapar dette mellom anna krøll fordi reineigarane er busette i andre kommunar enn der utbyggingsområdet ligg.

Den andre dimensjonen handlar om å ha eit reelt høve til å vere med i prosessen. Dette er eit problem i nord fordi samisk verdsbilete og kultur ikkje er identisk med storsamfunnet sin.

– Norske styresmakter forventar at ein brukar stemma si for å ta til motmæle når ein er ueinig. I samisk kultur viser ein derimot ueinigheit gjennom å vere taus. Dette svekker rettferda knytt til deltaking, forklarer Dannevig.

Følgjefeil oppstår ofte

Den tredje dimensjonen gjeld at prosessen skjer på rettferdig vis. Forskarane meiner at avgjerdsprosessane, sjølv i det norske demokratiet, ikkje alltid gir eit rettferdig resultat.

– Det formelle plansystemet behandlar forskjellige interesser ganske ulikt, seier Dannevig.

Viss dei to første dimensjonane slår feil, vil det oppstå følgjefeil. Resultatet blir at aktørane som har fått stemma si høyrt, endar opp med større kompensasjon enn resten. 

Her kjem vi inn på den fjerde dimensjonen ved rettferdig arealbruk: fordelinga av byrdar og gode.

Den femte og siste dimensjonen forskarane opererer med, er sjølve grunnmuren for dei andre dimensjonane.

– Viss plansystemet både skal anerkjenne ulike verdiar og få til ein rettferdig fordelingsprosess, må ein først ha fått fram heile mangfaldet av verdiar. Det krev eit grundig arbeid med dokumentasjon, seier Karen R. Moberg.

Referanse:

Ragnhild Freng Dale og Halvor Dannevig: Planning for Whose Benefit? Procedural (In)Justice in Norwegian Arctic Industry Projects. In Arctic Justice, Environment, Society and Governance. Bristol University, 2023. DOI:10.51952/9781529224832.ch008

Powered by Labrador CMS