Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Klozapin kan gje alvorlege biverknadar.

Folk frå Aust-Asia må ha lågare dosar av medisin mot schizofreni

Retningslinjene for legemiddelet klozapin har blitt endra som ei fylgje av nye forskingsfunn.

Klozapin er det mest effektive legemiddelet mot schizofreni, men det kan òg gje alvorlege biverknadar. Derfor vert det berre brukt etter at andre behandlingar ikkje har verka, og medisineringa vert grundig overvaka.

– Oppstarten av behandlinga med klozapin er ein kritisk fase, seier Espen Molden.

Han er forskingsleiar ved Senter for psykofarmakologi på Diakonhjemmet sjukehus og professor II ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Det skjer ofte som ei fylgje av ei akutt forverring hjå pasienten, gjerne med innlegging på sjukehus. Det skuldast då at anna behandling ikkje har fungert etter planen, seier han.

Han forklarar at behandlinga vert trappa forsiktig opp.

– Personar med austasiatisk opphav har behov for 60 prosent lågare dosar enn andre, seier Espen Molden.

Blodprøvane fortel når ein har treft

– Det vil seia at vi startar med ein ganske låg dose. Så tek vi blodprøvar og måler innhaldet av legemiddelet i blodet. Så aukar vi dosen gradvis til innhaldet når det vi kallar det terapeutiske vindauga, forklarar han.

– Dersom pasienten fyrst har fått for høg dose og får biverknadar av klozapin, er det problematisk å starta opp behandlinga på nytt igjen.

Han forklarar at konsentrasjonen av legemiddelet må vera innanfor det terapeutiske vindauga for at behandlinga skal verka.

Ved for låg konsentrasjon vil ikkje legemidlet verka godt nok, medan for høge dosar gjev stor risiko for biverknadar. Sidan sjølve effekten av behandlinga er meir langsiktig, er det blodprøvane som fortel når ein har treft det terapeutiske vindauga.

Lågare startdosering

– Utfordringa med klozapin er at det terapeutiske vindauga er veldig smalt samanlikna med andre legemiddel. Bruken må difor overvakast nøye med hyppige blodprøvar.

Det er stor individuell variasjon i kva dosering som trengst, for å nå det terapeutiske vindauga. Det kan vere forårsaka av forhold som kjønn, overvekt og annan medisinbruk.

Om ein røykjer eller ikkje har òg mykje å seia. Og no har forsking vist at etnisk opphav òg spelar ei rolle.

– Det viser seg at personar med austasiatisk opphav har behov for 60 prosent lågare dosar enn andre.

Molden forklarar at ein dermed òg må starta med ei lågare startdosering før behandlinga vert trappa opp.

Evolusjonsmessig fordel av treg nedbryting

Espen Molden har vore med i ei brei internasjonal gruppe som har oppdatert retningslinjene for bruk av klozapin. Han har sjølv skrive ein kommentarartikkel til retningslinjene retta mot dei nordiske fagmiljøa innan psykiatri.

At dei indre mekanismane knytt til blant anna legemiddelnedbryting ikkje fungerer likt hjå ulike etniske grupper, er ikkje noko nytt.

Dei fleste nordeuropearar har til dømes utvikla evna til å tola laktose i vaksen alder. Det gjer at dei lett kan fordøya mjølkeprodukt. Mange afrikanarar har sigdcellemutasjon. Det kan beskytta mot malaria.

– Vi kan berre spekulera i kvifor austasiatar har lågare dosebehov av klozapin. Det har jo heilt opplagt ingenting med sjølve legemiddelet å gjera, men heller korleis det vert fjerna frå kroppen, seier Molden.

– Det må vera noko som ein gong i tida har gjeve ein evolusjonsmessig fordel av å ha treg nedbryting i denne befolkningsgruppa, men som no altså har denne «bieffekten» ved klozapindosering. Det er ikkje slik at dette er noko vi forskar på, men vi funderer og filosoferer ein del over kvifor det er slik.

Referansar:

Jose de Leon, Espen Molden mfl.: An International Adult Guideline for Making Clozapine Titration Safer by Using Six Ancestry-Based Personalized Dosing Titrations, CRP, and Clozapine Levels. Pharmacopsychiatry, 2022. Sammendrag. DOI: 10.1055/a-1625-6388

Espen Molden: Personalized dosing of clozapine stratified by patients’ ancestry – international consensus guidelines. Nordic Journal of Psychiatry, 2022. Doi.org/10.1080/08039488.2022.2146749

Powered by Labrador CMS