Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Eldre er utsette for hoftebrot, og mange av dei brukar ei rekkje medisinar.

Dei fleste innlagde pasientar med hoftebrot fekk ikkje god gjennomgang av eige medisinbruk

– Nokre legemiddel har biverknadar som kan føra til fall.

Som me tidlegare har skrive om på forskning.no, er hofteskadde ekstra utsette for feil legemiddelbruk: dei er eldre og dei har ofte fleire ulike sjukdommar som dei tek medisinar for.

Hofteskaden fører gjerne til innleggingar og gjeninnleggingar, kanskje i ulike institusjonar.

Ben Tore Henriksen har kartlagt rutinane rundt legemiddellistene til hoftepasientar. Dette har han gjort gjennom eit spørjeskjema som han har sendt til alle legar og sjukepleiarar i Vestfold som har med denne pasientgruppa å gjera, inkludert fastlegar.

Han er forskar ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Funn som ikkje har vore dokumentert tidlegare

Henriksen har gått gjennom journalane til femti pasientar som har vore innlagde med hofteskade på Sykehuset i Vestfold. Prosjektet er gjort i samarbeid med sjukehuset.

– I hovudtrekk kan vi vel seia at funna ikkje var så langt frå det vi har sett i tidlegare studiar, seier Henriksen.

– Vi må ta nokre atterhald om at svarprosenten var ulik i ulike grupper. Han var lågast for primærhelsetenesta: 24 prosent, medan på sjukehuset var han på 54 prosent. Vi veit dermed ikkje sikkert kor representativt utvalet vårt er, men i sum meiner vi at vi har funn som ikkje har vore dokumentert tidlegare.

– Det ville hjelpa situasjonen dersom ein hadde tilsett nokon med legemiddellister som hovudansvar, seier Ben Tore Henriksen.

Berre brukt ei kjelde

Han fortel at studien viser at det vert gjort ein del riktig, men ofte ufullstendig og ikkje i tråd med gjeldande retningslinjer.

– Ved innlegging i sjukehus skal det gjerast ei samstemming av legemiddel, altså ei fullstendig oversikt over legemiddelbruken til pasienten. I spørjeskjemaet vart det rapportert at dette vart gjort i rundt 80 prosent av innleggingane. Dette talet samsvara med det vi fann i journalane, seier Henriksen.

– Men i halvparten av desse samstemmingane var det berre brukt ei kjelde, som reseptlista frå legen eller opplysningar frå pasienten sjølv.

Henriksen forklarar at retningslinjene tilseier bruk av minst to kjelder. Det er òg tilrådinga frå Verdas helseorganisasjon (WHO).

Ein bør luka ut legemiddel som kan føra til fall

– Det er ei kjend sak at pasienten ikkje alltid tek medisinane slik legen har tenkt – og trur.

Det er òg ynskjeleg med ein gjennomgang av legemiddel for desse pasientane, seier Henriksen.

Ein gjennomgang av legemiddel er ein strukturert og kritisk gjennomgang av legemiddellista. Det kan vera spesielt viktig for denne gruppa.

– Nokre legemiddel har biverknadar som kan føra til fall. For dei kan det vera lurt at helsepersonell vurderer relevans for pasienten og eventuelt lukar desse ut for å minska risikoen for nye fall, seier Henriksen.

Men sjølv om fleirtalet av legane svarte at dei gjorde slike gjennomgangar, var dette berre dokumentert i to av dei 50 journalane som vart studert.

Eit mindretal av listene i tråd med retningslinjene

– No var det ikkje slik at journalane vi gjekk gjennom, berre var skrivne av dei som svarte i spørjeundersøkinga, men vi trur ikkje det er det som er forklaringa på den store forskjellen, seier Henriksen.

Han fortel at dei mistenkjer snarare at legane kan ha ein annan definisjon av «legemiddelgjennomgang» enn farmasøytar, og at dei gjennomgangane som har vore gjort, ikkje er nok dokumentert.

Etter eit opphald på sjukehus med hoftebrot vil det ofte vera behov for endringar i medisineringa. Det er derfor viktig at medisinlista som fylgjer pasienten ut av sjukehus, er riktig.

Legane rapporterte sjølve at dei gjorde dette grundig. Likevel var mindretalet av medisinlister ved utskriving i tråd med retningslinjene.

Nokon bør ha legemiddellister som hovudansvar

– Ei forklaring på det kan vera at det tek meir tid å gjera det i samsvar med retningslinja, seier Henriksen.

Han er likevel nøye på å understreka at svakheitene ligg i systemet og ikkje hos enkeltpersonar.

– Legane og sjukepleiarane står i ein travel kvardag og må prioritera arbeidsoppgåver. Som regel har dei rett og slett ikkje tid til å fylgja alt av retningslinjer, seier han.

– Frå min ståstad er det lett å peika på at det ville hjelpa situasjonen dersom ein hadde tilsett nokon med legemiddellister som hovudansvar.

Referanse:

Henriksen mfl.: Medication management for patients with hip fracture at a regional hospital and associated primary care units in Norway: a descriptive study based on a survey of clinicians’ experience and a review of patient records. BMJ Open, 2022. DOI: 10.1136/BMJOPEN-2022-064868

Artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er én av over 80 eiere av forskning.no. Deres kommunikasjonsansatte leverer innhold til forskning.no. Vi merker dette innholdet for å tydelig skille formidling fra uavhengig redaksjonelt stoff.

Her kan du lese mer om ordningen.

Powered by Labrador CMS