Annonse

Kunnskapsministeren til Tanzania

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Utviklingsminister Heikki Holmås og kunnskapsminister Kristin Halvorsen besøker Tanzania saman med ei skuleklasse frå Bergen 19.-21. mars, skrivar Kunnskapsdepartementet. På programmet står samarbeid om energi, høgare utdanning og forsking.

Dei to statsrådane vil i hovudsak ha felles program i Tanzania. Dei vil saman besøke landbruksuniversitetet Sokoine i byen Morogoro utanfor Dar es Salaam. Noreg har støtta universitetet lenge. Samarbeid om høgare utdanning og forsking knyta til landbruk, skog og klima er sentralt. Meir enn 8 av 10 arbeidsplasser i Tanzania er knytta til landbruket, som vil få endra kår når dei farlege klimaendringane blir endå meir merkbare. Meir kunnskap og forsking vil vere avgjerande for å produsere nok mat i framtida.

Kunnskapsministeren byrjar besøket på Universitetet i Dar es Salaam, som blir støtta av Noreg og har eit samarbeid med Universitetet i Oslo. Ho møter òg utdanningsministeren i Tanzania.

Powered by Labrador CMS