Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Magneten trekkjer legemiddelet til rett stad i kroppen.

Magnetar trekkjer kreft­medisinen fram til svulsten

Ved hjelp av magnetiske nanopartiklar vert legemiddelet meir treffsikkert, behandlinga meir effektiv og biverknadane reduserte.

Mange legemiddel mot kreft verkar ikkje berre på kreftcellene, men på friske celler i resten av kroppen òg. Slik kan pasienten få betydelege biverknadar. 

Forskarar prøver derfor stadig å finna måtar å forbetra legemidla på for å unngå slike biverknadar.

Ein måte å oppnå dette på er å bruka nanopartiklar som transportørar for verkestoffet i legemiddelet, og så utnytta eigenskapar hjå nanopartiklane til å frakta legemiddelet til svulsten og berre dit.

Nanopartiklar er bitte små partiklar som består av eit lite tal atomar. 

Ein moglegheit er å bruka magnetiske nanopartiklar som transportørar, fortel forskar Athar Mahdieh ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Hva er nanopartikler?

Nano stammer frå det greske ordet «nanos» som betyr dverg. Ein nanometer (nm) er lik ein milliarddels meter. Nano er altså noko svært lite. Eit hårstrå har til dømes ein diameter på omtrent 50.000 nm, blodlegemer er i storleik 6.600 –7.500 nm, 100 nm er størrelsen på eit virus og éin nm er lengda ei negl veks på ein sekund. Nanopartiklar er partiklar i størrelsesområdet 1–100 nm. 

Kjelde: Arbeidstilsynet

Nesten for godt til å vera sant

– Vi injiserer nanopartiklane med legemiddelet i blodbana til pasienten. Ved å plassera ein magnet utanpå kroppen der svulsten er, vert legemiddelet trekt dit og verkar der det skal, og ingen andre stader, fortel ho.

– Desse nanopartiklane er alt er godkjende for bruk i menneske, seier Athar Mahdieh.

– Nanopartiklane frigjer legemiddelet ved svulsten. Deretter vert det brote ned i kroppen til ufarlege substansar, som til dømes jern.

Ved behandling av brystkreft, som er hovudfokuset for Mahdieh, vil legemiddelet bli injisert og så plasserer ein altså ein magnet utanpå brystet så nær svulsten som råd.

Det høyrest så enkelt ut at det nesten er for godt til å vera sant, men Mahdieh rapporterer utmerkte resultat både i laboratorieforsøk og i forsøk med mus. 

Dei har samanlikna effekten av legemiddelet med eller utan bruk av magnet. Magneten gav høgare effekt i svulsten og mindre giftigheit i resten av kroppen.

Må sitje nær overflata

– Det fine med desse nanopartiklane er at dei alt er godkjende for bruk i menneske. Dei er utbreidd brukt i kontrastvæske innan MR. Der tek ein eit bilete av innsida av kroppen med radiobølgjer og ein kraftig magnet, seier ho.

Sjølv om det er brystkreft som er det primære forskingsfeltet til Mahdieh, trur ho metoden kan eigna seg like godt for andre typar kreft.

– Men med magneten utanpå kroppen må det vera kreft som sit nær overflata, hudkreft til dømes. Prinsipielt kan ein òg tenkja seg at ein opererar inn ein magnet ved svulstar som ligg djupare, men det vert berre spekulasjonar, seier ho.

Brotne ned til ufarlege stoff

– Men det er forskarar som har prøvd ut dette for andre sjukdomar enn kreft. Til dømes sjukdomar i øyra.

Forsking på slik bruk av magnetar i behandling har skote fart dei siste åra. Det har ei enkel forklaring som ber bod om ei lys framtid for feltet, meiner Mahdieh.

– Det er billig, som jo alltid er interessant. Og partiklane vert som sagt brotne ned til ufarlege stoff i kroppen, seier ho.

Referanse:

Athar Mahdieh mfl.: Waterborne polyurethane magnetic nanomicelles with magnetically governed functions for breast cancer therapy. International Journal of Pharmaceutics, 2023. Doi.org/10.1016/j.ijpharm.2023.123356

 

Powered by Labrador CMS